Sykepleier "Jon" som mener han har fått ME av koronavaksinen. Vi ser "Jon" med munnbind i forgrunnen. I bakgrunnen ser vi en ambulanse
SJUKEPLEIAR: «Jon» arbeida som sjukepleiar før han fekk ME. No går han til sak mot staten for å få erstatning. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Det var ein veldig god jobb, nesten ein drøymejobb, fortel «Jon».

Han jobba i fleire år som sjukepleiar ved eit akuttmottak i Trøndelag og i AMK.

I dag har han diagnosen ME og går på arbeidsavklaringspengar.

– Det er tøffare enn ein skulle tru. Det er ganske sårt å kjenne på at ein ikkje bidrar.

Han meiner det er covid-19 vaksinen han tok som er årsaka til sjukdomen.

Han har gått til sak mot staten for å få pasientskadeerstatning. Måndag startar saka i Frostating lagmannsrett.

Sykepleier "Jon" som mener han fikk ME av covid-vaksinen
Jon fekk ikkje medhald i tingretten om at han har krav på pasientskadeerstatning. No skal lagmannsretten behandle saka. Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Saka er den første om erstatning for skadeverknadar etter covid-vaksinar som blir behandla i ein lagmannsrett.

– Det kan bety at ho er særs viktig for kommande saker, fortel Stian Henriksen.

Han er advokat for Norsk sjukepleiarforbund og representerer Jon i saka.

– Blei skikkeleg dårleg

I februar 2021 tok sjukepleiaren AstraZeneca-vaksinen mot viruset.

– Eg fekk ein kraftig reaksjon på kvelden og eg blei skikkeleg dårleg.

Feberen, skjelvingane og frostriene gav seg etter nokre dagar, men i vekene som følgde kjente Jon seg sliten.

Tilbake på jobb trudde han den nye turnusen var grunnen til at han var så sliten.

– Eg tenkte at eg berre var sliten og at det var fordi eg ikkje er vane med å jobbe like mykje dag.

– «Det er berre å gå på jobb og gjere det du skal», tenkte eg.

Sykepleier "Jon" som mener han fikk ME av covid-vaksinen. Han står foran en ambulanse med ryggen mot kamera.
Jon fortel at han saknar den gamle jobben sin. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Men etter eit par månader sa det stopp.

– Eg måtte ringe sjefen og seie at eg ikkje klarar å kome på jobb, fortel Jon.

– Er ikkje noko vaksineskeptikar

Etter over eit år med undersøkingar og utgreiingar fekk Jon diagnosen ME våren 2022.

Jobben han var så glad i har han ikkje lenger.

– Eg saknar tilhøyrsle, å føle at eg utgjorde noko viktig og at eg var ein del av ei gruppe, både sosialt og i arbeidssamanheng.

Sykepleier "Jon" som mener han fikk ME av covid-vaksinen
– Eg håpar at det skal betre seg såpass at eg kan jobbe litt, seier Jon om sjukdommen. Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg er ikkje noko vaksineskeptikar. Men ting kan jo skje når ein vaksinerer så mange menneske.

– Om ein er uheldig så tenker eg staten må ta ansvar for det når ein set i gang ei slik massevaksinering.

Vi ser inn i førerhuset i en ambulanse. Gjennom vinduene ser vi enda en ambulanse i bakgrunnen.
Jon arbeida i AMK i fleire år før han blei sjuk. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Kan vere viktig for kommande saker

Da han blei sjuk sende Jon eit krav til Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Etter at han fekk avslag gjekk han til sak mot staten.

I februar konkluderte derimot Trøndelag tingrett med at det ikkje var sannsynleggjort at vaksinen er årsaka til sjukdommen. Jon anka dommen.

– Vi meiner at det er tilstrekkeleg medisinsk dokumentert at det kan vere ein samanheng mellom vaksinen til AstraZeneca og hans helseplager, seier advokat Stian Henriksen.

Trondheim tinghus
Det er sett av tre dagar til saka i Frostating lagmannsrett neste veke. Foto: Kjartan Ovesen

Han meiner NPE har lagt lista for å få erstatning for høgt.

– Vi meiner at den tolkinga som både NPE og Pasientskadenemnda legg til grunn er alt for streng.

– Dei ønsker langt meir medisinsk bevis for ein slik samanheng enn det som rettspraksis legg opp til, seier Henriksen.

At det er snakk om helsepersonell, meiner advokaten gjer at terskelen for å kunne få erstatning skal vere lågare.

– Det er nettopp dei som jobbar i eit miljø der det er stor smittefare som står i ein erstatningsmessig posisjon for å kunne oppnå erstatning for ein vaksine som dei tar i yrkessamanheng.

Riksvåpenet i Trøndelag tingrett, interiør. Vi ser også vinduer inn til gang og trapperom
Saka er den første av fleire saker som skal bli behandla i lagmannsrettar i løpet av hausten. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Seinare i haust skal to andre saker med helsepersonell som meiner dei har fått biverknadar av covid-vaksinar bli behandla i lagmannsrettar.

– Skulle dei tre dommane lyde det same, enten for erstatningsansvar for staten eller ei frifinning for erstatningsplikt, så vil det virke bestemmande for sakene som kjem seinare.

Dei fleste får avslag

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) fortel at dei per 1. september har mottatt 2563 søknadar om erstatning knytt til koronavaksinar.

Avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker fortel at dei fleste har fått avslag:

Kor mange av sakene som gjeld helsepersonell har ikkje NPE oversikt over.

– Kven som skal ha rett til erstatning, er bestemt av ein lov som Stortinget har vedtatt, seier Gulaker.

– Domstolane er med på å legge praksis på korleis den lova skal forståast og den praksisen følgjer vi sjølvsagt.

Avdelingsdirektør i NPE - Norsk pasientskadeerstatning
Anne-Mette Gulaker fortel at NPE sitt ansvar er å vurdere kven som har krav på erstatning og ikkje. Foto: William Jobling / NRK

Ho fortel at lista for å få erstatning er lik for helsepersonell som for andre.

– Vi har stor respekt for jobben helsepersonellet gjorde i forbindelse med pandemien. Når det kjem til spørsmål om rett til erstatning er det likevel slik at det er det same regelverket som gjeld for alle.

Meiner vaksinen ikkje gav ME

– Pasientskadenemnda meiner at plagene hans ikkje kan vere forårsaka av vaksinen, seier Hilde Ruus.

Ho er avdelingsdirektør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Dei er dei som fører saka for staten.

– Vi ser fram til å få dei juridiske og medisinske spørsmåla saka reiser grundig belyst i lagmannsretten neste veke.

BioNTech-Pfizer vaksine
FHI anbefaler mellom anna dei over 75 år å ta oppfriskingsdosar av koronavaksinar. Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Ruus fortel at omtrent 45 saker om biverknadar etter koronavaksine er tatt til retten.

Så langt har fem av dei blitt behandla i tingretten.

– Staten ved Pasientskadenemnda har vunne fire saker og tapt ei sak.

Ho meiner sakene som dei neste månadene skal bli behandla i lagmannsretter er ulike og at dei ikkje nødvendigvis vil få betydning for andre saker.

– Presedens vil først og fremst ei behandling i Høgsterett ha, seier Ruus.

– Veldig belastande

Heller ikkje Norsk sjukepleiarforbund (NSF) har total oversikt over kor mange av sakene som gjeld helsepersonell.

– Vi har assistert litt over 50 av våre rundt 134.000 medlem, fortel forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen.

en kvinne som står foran et vindu
Lill Sverresdatter Larsen fortel at dei fleste sakene der Norsk sjukepleiarforbund har hjelpt sine medlemmer gjeld utmatting, hovudpine, muskelsmerter og problem med hukommelse og konsentrasjon. Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Ho fortel at svært få av deira medlem har fått medhald.

– Det er veldig belastande for sjuke menneske å føre ei langvarig sak mot staten.

– NSF meiner at NPE har ein for streng praksis. Folk må kunne stole på at dei får riktig erstatning dersom ein anbefalt vaksine gir skade.

Sykepleier "Jon" som mener han har fått ME av covid-vaksinen
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

For Jon ventar tre dagar i lagmannsretten.

– Eg har prøvd å ikkje tenke så mykje på det. Eg skal fortelje min historie og håpe at dei trur meg.

– Men eg er førebudd på at det blir tre harde dagar.