Reisende ser på en informasjonstavle som viser toginnstillinger på en stasjon.
Foto: NRK

Departementet viser til dei mange forseinkingane den siste veka, og innkallar til hastemøte med samferdselsminister, Jon-Ivar Nygård, onsdag formiddag.

– Det er nok ikkje uvanleg at man får nokre oppstartsproblem etter vedlikehaldsarbeid. Men her ser vi at dette har vore vedvarande og at det har gått utover de reisande, særleg i Oslo -området, seier Nygård til NRK.

– Det meiner vi er uakseptabelt. Difor må vi komme til botns i kvifor det skjer.

Gult skilt med tekst om buss for tog ved Trelastgata plattform 30-43.
Dette har vorte eit kjent syn for togpendlarar på Austlandet. Foto: NRK

Han forklarar at det viktigaste for møtet er at Bane Nor redegjer for hendingane.

– Og at dei går gjennom kva de har tenkt å gjere for å sørge for at vi får forbetring og færre av denne type hendingar i framtida, forklarar ministeren.

Ikkje godt nok

Nygård seier at han forstår frustrasjonen til passasjerane.

– Eg lir med dei. Sommarstenging er ei ulempe, og betyr mykje buss for tog. Vi brukar betydeleg med pengar for å få jernbanen til å fungere betre. Likevel er nokre av dei fyrste opplevingane passasjerane får, at det ikkje har blitt gode resultat, seier han.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård i Støre-regjeringa fra Arbeiderpartiet
Statsråden ønskjer ei utgreiing frå Bane Nor. Foto: Nadir Alam / NRK

– Det er ikkje godt nok. Sånn kan vi ikkje ha det.

Store problem i Oslo-området

Seinast i går var det store problem i togtrafikken i Oslo med full stans mellom Lysaker og Skøyen.

Reisende går av et tog på en perrong.
Reisande får gå av toget på Skøyen stasjon etter å ha satt fast rett før Lysaker stasjon i fleire timar måndag morgon. Foto: Øystein Sanne / NRK

Etter trøbbel med ei køyreleidning ved Skøyen måndag morgon, vart to tog ståande mellom stasjonar i timevis, før dei måtte bli dratt til stasjonen av eit anna lokomotiv.

Førre veke var det signalfeil i Romeriksporten, som nettopp hadde opna etter å ha vore stengd for vedlikehald sidan 27. juni.