Det lav haustsol og idyll i Kirkenes hamn, men den rolege overflata skjuler dystre tal. Det merker dei sjøretta næringane.
– Dei har hatt veldig store tap, seier dagleg leiar Kristina Amalie Hamre i Kirkenes Næringsforening.
Berre restar igjen
Det var hektisk aktivitet ved området til Henriksen Shipping fram til dagen då Russland gjekk til fullskalaangrep på Ukraina den 24. februar 2022.
I dag er aktiviteten redusert med meir enn 90 %, og dei fleste flytebryggene er selde.
Sanksjonane slo for alvor inn over næringslivet i Sør-Varanger då regjeringa i mai 2023 kom med «ei påminning» om korleis ein skulle forstå regelverket. Mange tolka det som ei innskjerping.
No har Kirkenes Næringsforening utarbeidd ein rapport som viser at omsetninga privat sektor i Sør-Varanger gjekk ned med 160 millionar kroner frå 2023 til 2024.
Bråstopp, men raskt omstart
Kimek blei etablert midt på 1980-talet for å reparere sovjetiske – og seinare russiske – fiskefartøy. Etableringa var ein del av omstillinga Sør-Varanger kommune skulle gjennom etter kvart som aktiviteten i gruveselskapet Sydvaranger blei trappa ned.
Så blei det altså bråstopp 2023 som følge av Russland si krigføring i Ukraina.
– Vi hadde ein sommar kor det var veldig stille, fortel Kimek-sjef Eirik Wikan.
– Heldigvis fekk vi kontrakt for å bygge brønnsikringsmodular til Equinor. Det har vi halde på med heilt til mai i år.
No er han usikker på om det blir meir å gjere på ei stund.
– Vi har ikkje fått nye oppdrag for Equinor, og der er vi. Vi skrytte av at vi greidde å omstille oss, men vi sto på éin fot. Så flytta vi flytta oss over på den andre foten, men nå er den i ferd med å svikte – den også.
Naturleg med vekst
I nokre bransjar er det vekst.
– Det gjeld både reiselivet samt bygg og anlegg. Der har verdiskapinga auka frå 2020. Så må ein også hugse at 2020 var eit unntaksår med koronapandemi. Då er det naturleg at reiselivet har vakse, seier Kristina Amalie Hamre.
Kvotenedgang på toppen av sanksjonar
Det er rådgivingsselskapet Orinor som har utarbeidd rapporten på vegner av Kirkenes Næringsforening. Dei har også sett på korleis det står til i heile Aust-Finnmark. Då kan ein lese at omsetninga i privat sektor har gått ned med 1,4 milliardar kroner.
I kystkommunane har reduserte kvotar komme på toppen av sanksjonane. Det rammer både flåten og landindustrien.
– Dei får ein mindre økonomisk margin. Det gjer at dei har mindre pengar å bruke der dei held til. Det får ringverknader for heile lokalsamfunnet, seier Hamre.
Gjekk over til videoar og nettsal
Fleire bedrifter er i gang med omstillinga. Ei av dei er klesbutikken Me & Me. Dei måtte legge om drifta da koronapandemien tømte forretninga for kundar.
– Det var vel den største omstillinga for oss, men sjølvsagt saknar vi dei russiske kundane. Vi mista nok ein del omsetning då dei blei borte. Omstillinga vi allereie var i gang med, gjorde at vi har klart oss, seier dagleg leiar Vibeke Berntsen.
Ein del av omstillinga er å selje klede via videoar på internett.
– Vi har sendingar kvar veke, og vi når kundar over heile landet. Det er vel den største utviklinga – eller omstillinga – om du vil kalle det for det.
Liker overgangen frå Murmansk til Kirkenes
Elektronikkfirmaet Barel hadde produksjon i både Murmansk og Kirkenes. No er alt flytta til norsk sida av grensa.
Administrerande direktør Bård Gamnes seier dei var i ein annan situasjon enn andre firma i Sør-Varanger og Aust-Finnmark. Barel sin marknad ligg ikkje i Russland, men heilt andre stader.
– Det er lettare å handtere med tanke på omsetning og framtidig inntekt. Likevel har det vore ei krevjande reise å flytte 40 arbeidsplassar frå Murmansk til Kirkenes.
Anastasija Orlova er ein av dei tilsette som har deltatt på denne reisa. Ho liker overgangen til Kirkenes.
– Det er ein fin arbeidsplass, og det er hyggelege kollegaer. Det er ein fredfull stad, slår ho fast.
Gjer tiltak, men saknar nasjonal satsing
Fylkesordførar Hans-Jacob Bønå (H) i Finnmark seier fylkeskommunen gjer ein del for å bøte på verknadane som sanksjonane og kvotenedgangen fører til.
– Vi har oppretta kvotefond som fiskarane kan søke på.
Dessutan har dei rekrutteringsfond og kystutviklingsfond.
Samtidig ønsker han seg meir respons frå sentrale styresmakter.
– Det er mykje fokus på Finnmark og dei utfordringane vi står i her oppe når det kjem besøk frå storting eller regjering. Vi klarer ikkje å sjå at det skjer så veldig mykje i etterkant.
Difor saknar han nasjonal satsing på Finnmark. Sjølv har Bønå tatt til orde for Svalbardskatt i Finnmark, men det hjelper lite når jobbane forsvinn.
– Da handlar det faktisk om å etablere nye jobbar, nye arbeidsplassar – og sørge for at det blir god rekruttering til Finnmark for å fylle nye oppgåver. Da må ein også legge til rette for næringslivet og ha nokre skatteincentiver til dei også.
Fire krav
Dagleg leiar Kristine Amalie Hamre i Kirkenes Næringsforening har fire krav som skal sikre positiv utvikling i Aust-Finnmark: betre flytilbod, sikrare straumforsyning, statlege investeringar for å sikre ny oppstart av Sydvaranger-gruva og ei omstillingspakke til næringane som er ramma av sanksjonane.
– Sanksjonane er nasjonale, og vi støtter dei fullt og heilt. Samtidig må vi også ta inn over oss at det har ramma oss i Sør -Varanger hardt.
Må gje oppdrag til lokale firma
Regiondirektør Geir Håvard Hanssen i Næringslivets Hovedorganisasjon i Arktis vil at også Forsvaret skal spele ei aktiv rolle som kunde for næringslivet i Finnmark.
– Når Forsvarsbygg skal investere milliardar i Finnmark, må vi sikre at desse investeringane bidrar til økt aktivitet for næringslivet i regionen. Korte, regionale verdikjeder styrker både beredskapen og næringsutviklinga i Aust-Finnmark. Vi kan ikkje utelukkande la forsvarsinvesteringane i Finnmark gå til næringsaktørar i andre delar av Noreg. Vi må få det regionale næringslivet med, slik at dei kan ta del i desse investeringane, seier Hanssen.