– Dersom dette kan bidra til at nokon kunne tenke seg å vidareføre dette, hadde det vore kjempebra.
Det seier Frode Bjøru. Han er dagleg leiar ved Seglloftet – ei handverksbedrift som produserer segl på tradisjonell måte til kundar over heile verda.
Trass i travle dagar og meir enn nok arbeid, har seglmakaren på Jøa ingen til å ta over drifta og vidareføre kunnskapen når han pensjonerer seg til neste år.
– Vi har ein spesialkunnskap på området som ingen andre har i verda, vil eg påstå. Men vi har ikkje lukkast med å finne nokon til å ta tak i handverket og ta over bedrifta.
– Det er veldig synd om kunnskapen forsvinn, legg han til.
Men no bles ein kinosuksess frå Hollywood og vikingfeber vind i segla og håpet om at tradisjonshandverket kan vidareførast:
For i storfilmen «The Odyssey» av Christopher Nolan seglar det norske vikingskipet Draken, med silkesegl frå Bjøru på Jøa, over skjermen for verdspublikummet.
Frå Jøa og Haugesund til Hollywood
I 2009 skulle Draken, verdas største vikingskip i moderne tid byggast i Haugesund.
Då blei seglmakaren på Jøa kontakta, for å få laga tradisjonelle segl til det 35 meter lange skipet.
– Det var et utfordrande prosjekt, men vi sa ja med ein gong, fortel Bjøru.
I tillegg til eit brukssegl skulle det store vikingskipet ha eit segl i silke – noko den erfarne seglmakaren aldri hadde laga før.
– Eg har jo høyrd snakk om silke, men har hatt kanskje maks ei silkeskjorte i mi levetid.
Men etter to turar til India for å få tak i stoff, gjekk arbeidet med det uvanlege seglet i gang.
– Alt skulle vere handsydd, så det var ein formidabel jobb. Det var tre stykk som jobba med det i tre år.
Og i 2012 var skipet, med eit 300 kvm stort segl i silke, klart til sjøsetting:
Etter dette segla skipet mellom anna på ekspedisjon til Storbritannia og over Atlanterhavet til USA.
Bjøru heldt fram med seglmaking på Jøa og tenkte ikkje så mykje meir på segla han laga til det moderne vikingskipet – før no.
– Eg høyrde at det skulle spelast inn ein film, men eg hadde ikkje grep om at det var ein storfilm, seier han som ikkje har hatt tid til å sjå filmen enno.
Kan vikingfeber og Hollywood redde yrket?
I tillegg til auka interesse gjennom filmen «The Odyssey» har vikingskipet og den norske vikinghistoria fått mykje merksemd etter årets fotball-VM.
– Ein underkommunisert del av norsk kultur, er kystkulturen. Så at dette kan bidra til fokus på kystkulturen, synest eg er kjempebra, seier Bjøru.
No håpar han at merksemda kan bidra til at nokon fattar interesse for seglmakarfaget og ønsker å bringe kulturarven vidare.
– Det er ganske mykje jobb og du må kunne sjå mogelegheitene som ligg i eit slikt handverk. Og ikkje minst, så må du vere interessert i segling og historie.
Men Hollywood og vikingfeber er dessverre ikkje nok for å vidareføre dei verneverdige tradisjonshandverka, ifølge Norsk handverksinstitutt.
Instituttleiar ved handverksinstituttet, Eivind Falk meiner at opplæringstilskotet burde aukast, for å sikre at handverkarane har råd til å ta inn lærlingar.
– Lærlingen skal ha ei løn, den som underviser skal også få løn og det er ein del kostnader med det. Og det er ei utfordring, fordi tilskotet burde ha vore høgare.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier ho også er oppteken av å ta vare på dei tradisjonelle handverksfaga.
– Derfor har regjeringa auka tilskotet for små og verneverdige fag med 2 millionar kroner frå 2026. Målet er å sikre rekruttering til handverksfaga, seier ministeren og held fram:
– Det er beklageleg når unik handverkskompetanse står i fare for å forsvinne fordi det ikkje finst nokon som kan føre tradisjonen vidare.
Sidan 2020 har fire personar bestått sveineprøve i seglmakarfaget og i same periode er det berre to personar som har inngått ny lærekontrakt i faget.
– Dette er ein del av den immaterielle kulturarven vår. Når denne kunnskapen blir borte, så blir den borte. Derfor er det utruleg viktig at vi sikrar denne kunnskapen no, seier Falk.
– Bortimot den einaste som syr råsegl
At Bjøru snart skal pensjonere seg, bekymrar handverksmiljøet både i Trøndelag og landet elles.
– Då har vi ikkje nokon som syr segl til tradisjonsbåtane. Det kan bli ei utfordring. Ei krise, rett og slett.
Det seier båtbyggar Einar Borgfjord. Han er leiar i båtbyggeriet ved Museet Kystens Arv, i Stadsbygd på Fosen.
– Han er bortimot den einaste som syr råsegl og har den kunnskapen han har opparbeida seg, legg Borgfjord til.
Båtbyggaren seier dei også har hatt utfordringar med rekruttering. Dei siste tre åra har dei hatt fokus på å rekruttere lokalt, slik at kunnskapen dei lærer bort blir verande i området.
– Vi har bevisst prøvd å rekruttere frå Midt Noreg slik at kunnskapen blir i området. Mange me har lært opp er frå andre land og har tatt med seg kunnskapen tilbake, forklarar han.
Også ved Norsk handverksinstitutt er dei bekymra for at det verneverdige tradisjonshandverket skal forsvinne.
– Det er fleire som jobbar med seglmaking i Noreg, men han er den fremste spesialisten på råsegl og sit på ein spesialkompetanse det er viktig å vidareføre.
Det seier instituttleiar Eivind Falk. Han fortel at dei har hatt fleire møter med seglmakaren på Jøa for å sørge for at kunnskapen han har ikkje forsvinn.
Og på Jøa er seglmakaren innstilt på å avvente pensjonistlivet dersom det er nokon som vil vidareføre det verneverdige tradisjonshandverket.
– Eg er innstilt på å fortsette med handverket etter eg er pensjonist viss det er nokon som vil vidareføre tradisjonen, som eg kan lære opp, seier han til slutt.
Les om venegjengen som blei lokka til Valsøyfjord på grunn av båtbygging og tradisjonshandverk: