Fem av supporterane fekk bøter etter ein konfrontasjon med politiet i etterkant av ein fotballkamp i Trondheim i april.

Politiet meiner mennene ikkje følgde beskjedane frå politiet om å trekke seg unna.

Fleire av dei var også aggressive og maskerte, ifølge politiet.

Mennene fekk bøter på 17.000 kroner kvar. I tillegg fekk dei forbod mot å opphalde seg i Trondheim sentrum 24 timar før og etter Rosenborg spelar heimekampar.

Mennene nekta alle straffskuld og godtok ikkje førelegga. Sakene gjekk derfor til Trøndelag tingrett som no har konkludert.

Alle fem har blitt frikjent av tingretten og retten har oppheva opphaldsforbodet.

Det stadfestar mennene sin forsvarar, Eirik Svingen Bjørgo, til NRK

Politiet i Trondheim sentrum når Rosenborg møter Brann
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Klientane mine er letta over utfallet og er veldig glade for at dei får kome tilbake på Lerkendal for å heie på Rosenborg, seier Bjørgo.

Ville halde supportergrupper åtskilde

Samanstøyten mellom supporterane og politiet fann stad i Trondheim sentrum natta etter at Rosenborg tok imot Brann til kamp på Lerkendal.

Litt etter midnatt tok omkring 30–40 Rosenborg-supportarar bussen inn til sentrum etter å ha vore på ein bar ein annan stad i byen.

Like etter dei gjekk av bussen blei dei møtt av politi.

Politiet ønskte å halde grupperinga unna nokre Brann-supportarar som oppheldt seg på ein serveringsstad i nærleiken.

Politiet har tidlegare fortalt at fleire av supporterane var maskerte og at enkelte hadde slåsthanskar.

Ein av dei sikta mennene har tidlegare fortald til NRK at han oppfatta stemninga i gruppa som god og at han ikkje såg nokon med maske eller finlandshette:

Utestengd frå Lerkendal ut sesongen: – Ein grunn til at enkelte mister tilliten

Frifunne

Tingretten skriv i sine avgjerder at politi sin inngriping var sakleg grunngitt og at dei hadde godt nok grunnlag til å forsøke å halde supportergruppene åtskilde.

Retten meiner derimot at det ikkje er bevist at dei fem supporterane unnlét å følge politiets beskjeder med å trekke seg tilbake.

Vidare vurderer retten at det ikkje er gode nok grunnar til at politiet kan ilegge mennene opphaldsforbod.

Retten viser til at forboda, som gjaldt for både Lerkendal og Trondheim sentrum eit døgn før og etter alle Rosenborg sine kampar, er inngripande.

For å nytte så inngripande forbod må det vere bevist at det er svært sannsynleg at mennene vil gjere nye ordensforstyrringar, skriv retten:

– Letta over utfallet

Bjørgo fortel at avgjerande frå tingretten verker gjennomtenkte

– Eg tenker at dette er eit eksempel på at systemet fungerer med ein god og grundig rettsleg kontroll.

– På eit litt meir overordna nivå så har eg stor tru på at politiet kjem lenger med dialog heller enn å stille opp med voldsomt streng politimyndigheit.

Politiet seier til NRK at dei er kjende med avgjerdene frå tingretten, men at dei ikkje ønsker å kommentere før dei har sette seg inn i dei.

Eirik Svingen Bjørgo
Forsvarar Eirik Svingen Bjørgo fortel at han er fornøgd med avgjerda frå tingretten. Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Fem av dei seks supporterane som møtte i tingretten blei frifunne for å ikkje ha følgt politiet sine beskjeder.

Den sjette supporteren hadde fått bot for å ha brote eit besøksforbod han allereie var ilagt. For dette fekk han ein bot på 9500 kroner.

Samstundes blei besøksforbodet oppheva også for han.

Ankar opphaldsforbod til Høgsterett

Tidlegare i sommar møtte ein annan Rosenborg-supporter i retten. Også han var blitt ilagt opphaldsforbod eit døgn før og eitt døgn etter Rosenborg spelar kamp.

Politiet meiner mannen i 20-åra er «ein leiarskikkelse blant dei såkalla ultras i supportermiljøet».

Mannen er også sikta for å ha sparka til ein politibil. Sjølv nektar mannen for dette og at det ikkje var han som sparka bilen.

Mannen er siktet for skadeverk på en politibil. Han mener det ikke var han som sparka bilen.Video: Politiet
Mannen er siktet for skadeverk på en politibil. Han mener det ikke var han som sparka bilen.Video: Politiet

Tingretten gav den gongen politiet medhald og gjorde ikkje om på opphaldsforbodet.

Avgjerda blei anka til Frostating lagmannsrett som forkasta anken.

Mannen sin forsvarar, Eirik Svingen Bjørgo, fortel til Adresseavisen at avgjerda vil bli anka vidare til Høgsterett.