– Vi har mange andre ting vi heller skulle brukt mannskapa og pengane på, enn vaksne folk som vil slåst og som skaper mykje utryggleik for andre innbyggarar.
Det seier Thomas Kvam, seksjonsleiar for førebyggande og patrulje i politiet i Trondheim.
Men då Rosenborg møtte Brann på Lerkendal i helga stilte politiet mannssterke, både på stadion og i Trondheim sentrum.
– Det henger saman med utviklinga der enkeltpersonar og grupperingar er villige til å utøve vald og oppsøker kvarandre for å provosere fram samanstøyt, skriv politiet i ei pressemelding.
– Valden rammar ofte vanlege tilskodarar og andre i bybiletet og det kan vi ikkje akseptere.
Natt til søndag avskar politiet ei gruppe Rosenborgsupporterar på veg mot ei pub med Brann-supporterar.
No er seks av dei utestengd frå Lerkendal og Trondheim sentrum før og etter kamp, resten av sesongen.
Frå før var allereie ein supporter utestengd, men vedkommande fekk i helga forlenga perioden han må halde seg vekke frå stadion.
Klatrar fleire meter opp for å feste eit klistremerke: – Ikkje oppførsel Rosenborg ønsker
Vil beskytte resten av tilskodarar
Seks menn har fått opphaldsforbod på Lerkendal og i Trondheim sentrum 24 timar før kampstart og 24 timar etter kampslutt, på alle offisielle heimekampar til RBK ut sesongen.
– Dette er pålagd for å beskytte resten av tilskodarar på kampane og innbyggarane som ferdast i byen, opplyser politiet.
Fem av personane får i tillegg eit førelegg for å ha unnlate å etterkome politiet sitt pålegg.
For den sjette personen vil politiet sende forslag om tiltale til statsadvokaten for skadeverk mot politibil og forulemping av politiet, i tillegg til å ikkje etterkome politiet sitt pålegg.
Dei utestengde er alle menn, fem av dei i 20-åra og ein av dei i 40-åra. Tre av dei bur i Trøndelag, medan tre av dei bur utanfor Trøndelag.
– Dei som er utestengde har operert som ei gruppe, seier Kvam.
– Tryggleik, respekt og lovlegheit blir sett på prøve
Politiet seier at enkelte delar av supporterkulturen har endra seg den siste tida.
– Vi ser at supporterkulturen har hatt ei dårleg utvikling der tryggleik, respekt og lovlegheit blir sett på prøver, seier Kvam.
Kjernen, supporterklubben til Rosenborg, representerer ikkje denne supportergruppa understrekar han.
– Vi har hatt møter med kjernen og leiinga i Rosenborg, og er alle einige om at dette må ta slutt.
– Det er enkeltpersonar som er meir opptekne av hets, vald, pyro og trugslar, enn å heie fram laget sitt, legg han til.
Totalt sju personar utestengd
Frå før var ein annan supporter allereie utestengd frå Lerkendal stadion, men berre i tre timar etter kampslutt.
Vedkommande fekk etter helga eit nytt opphaldsforbod, som omfattar 24 timar etter kampslutt resten av sesongen.
Dermed er det totalt sju supporterar som er utesteng frå Lerkendal når Rosenborg speler kamp.
– Vi har prøvd å førebyggje med dialog og samarbeid i forkant, men det hjelper ikkje. Vi er nøydd til å stoppe denne type oppførsel og vald i forbindelse med kampane, seier Kvam.
– Vi håper det ikkje blir noko meir vald mellom supporterane no, legg han til.