Trygve Slagsvold Vedum, partileder i Senterpartiet, står i Prinsenkrysset i Trondheim.
BYVEKST UTAN KUTT I BILTRAFIKK: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil ha byvekstavtale, utan mål om nullvekst i biltrafikken. Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Vi må legge dagens nullvekstmål bort. Det legg så store bindingar på alle omlandskommunane til Trondheim, Bergen og Oslo.

Det seier Trygve Slagsvold Vedum. Senterparti-leiaren meiner nullvekstmålet i personbiltrafikken må skrotast.

– Det blir for strengt, argumenterer han.

Målet om nullvekst i personbiltrafikken er ein del av byvekstavtalane mellom regjeringa og dei største byane i Noreg.

– Det er eit gammaldags mål. Vi må kunne bidra til byvekstavtalane og sikre meir lokal handlefridom, og mindre rigide løysingar som hindrar utvikling, seier Vedum.

Dagens avtalar gjeld til 2029, og samferdselsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet er i gang med å forhandle nye avtalar som kan gjelde til 2036.

Gjennom byvekstavtalen får dei største byane store overføringar frå statsbudsjettet, for å få nullvekst i biltrafikken.

Snur i fleire saker

Eit overordna mål for byvekstavtalane har vore nullvekst i biltrafikken.

Då den gjeldande byvekstavtalen for Trondheimsområdet blei signert i 2023, sat Senterpartiet i regjering og hadde ministerposten i Kommunal- og distriktsdepartementet.

Byvekstavtale for trondheimsområdet 2023-2029
Senterpartiet meiner nullvekstmålet blir brukt som eit argument mot mellom anna etablering av parkeringsplassar i Malvik.Faksimile: Byvekstavtale for trondheimsområdet 2023–2029

Med andre ord var partiet til Vedum med på å forsøke stogge biltrafikken i dei store byane og områda rundt.

– Sjølvsagt skal vi ha nullvekst i bysentrumet. Men her legg dei bindingar langt utover bysentrum, både i Trondheim og i nabokommunane, seier Vedum.

Han seier nullvekstmålet mellom anna går utover bygging av bustader i kommunane rundt dei store byane.

– I 2023 var de med på å forme dei gjeldande byvekstavtalane, med eit overordna mål om nullvekst i biltrafikken. Kvifor meiner de at målet de støtta i regjering, no må skrotast?

– No kan vi seie kva som er Senterpartiet sin primærpolitikk. Ein gjev og tar i regjering, så kjem det ein ny runde. Vi meiner at det er for strengt sånn som det er no, svarar han.

Nullvekstmålet er ikkje det einaste område der Senterpartiet no er i mot det dei sjølv var med å innføre då partiet sat i regjering.

I mai gjekk Senterpartiet i bresjen for å avvikle normprisrådet, som dei sjølv var med på å innføre.

– Kvifor snur de slik?

– Det har vore ein diskusjon over tid om korleis ein skal regulere buområda rundt byane våre. Senterpartiet er oppteken av at det skal vere mogleg å frådele tomter og ha utvikling på dei mindre stadene, ikkje berre i byane, svarar Vedum.

Frp: – Velkommen etter

Senterpartiet sitt ønske om å skrote nullvekstmålet i biltrafikken, kjem veka etter at Framstegspartiet sitt forslag om nettopp det same var til votering i Stortinget.

– Først og fremst må me ønske dei velkommen etter. Det Senterpartiet burde ha gjort er jo å ha støtta oss då me foreslo det i Stortinget.

Det seier gruppeleiar i Framstegspartiet i Trondheim, Elin Marie Andreassen.

28. mai veke stod Frp aleine om å ønske det Senterpartiet no føreslår.

– Vi i Frp har vore tydeleg på det lenge, at vi ønsker å skrote nullvekstmålet. Og vi meiner det både i Stortinget, i Trondheim og i Trøndelag.

Forslaget om å be regjeringa avvikle nullvekstmålet i vegtrafikken var det berre Frp som stemte for. Senterpartiet stemte mot dette forslaget.

– Kvifor stemte de ikkje for Framstegspartiet sitt forslag, når de no også vil skrote nullvekstmålet?

– Vi meiner dei gjekk for langt i å skrote det, fordi dei ville skrote heile byvekstavtalen. Vi meiner vi bør legge bort dagens nullvekstmål av trafikken, og samtidig ha masse tiltak for å ha betre kollektivløysingar. Du må ha to tankar i hovudet samtidig, svarar Vedum.

Dette meiner Andreassen i Frp at er ei dårleg bortforklaring på kvifor Senterpartiet ikkje støtta dei i Stortinget.

– Eg vil oppmode Senterpartiet til å sette ord om til handling, også når man skal bestemme viktige saker i Stortinget, legg ho til.

Elin Marie Andreassen, gruppeleder i Fremskrittspartiet i Trondheim
Elin Marie Andreassen i Frp, ønsker Vedum og Senterpartiet velkommen etter i ønsket om å skrote nullvekstmålet. Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Nullvekstmålet handlar om å ivareta nettopp by og land

– Målet er klart, og det er nullvekst.

Det sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård til NRK då regjeringa gjekk i gang med forhandlingane om dei nye byvekstavtalane.

Trass i at byvekstavtalane har eit overordna mål om at veksten i biltrafikken skal stoppe, har biltrafikken i Trondheim auka det siste året.

Senterpartiet meiner nullvekstmålet i biltrafikken går utover distriktet, men Arbeidarpartiet meiner det er ikkje er tilfelle.

– Nullvekstmålet handlar om å ivareta nettopp by og land. I byar der det bur mange menneske må vi ta omsyn til at det vil skape kø, kork og kaos.

Det seier Kamzy Gunaratnam frå Arbeidarpartiet, som sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam på Marienlyst.
Kamzy Gunaratnam frå Arbeidarpartiet seier det er stadig fleire regionar i Noreg som tar kontakt og vil ha byvekstavtale. Foto: n649416

Senterpartiet meiner målet blir brukt som argument mot å etablere parkeringsplassar og anna utvikling i kommunane rundt dei store byane.

– Eg må jo be Vedum sette seg inn i byvekstavtalane. Innfartsparkeringar i knutepunkta er nettopp det me treng. Sånn at dei som bur i ytterkanten kan bruke bilen fram til der dei kan sette deg på eit tog eller anna kollektivtransport, seier Ap-politikaren.

– Kva er byvekstavtalen utan dette overordna målet om nullvekst i biltrafikken?

– Det er ingen byvekstavtale. Det er ingen avtale, svarar Gunaratnam, som poengterer at det er frivillig for kommunane og fylkeskommune å knyte seg til avtalen.

– Nullvekstmålet er eit enkelt mattestykke: Alt for mange bilar i eit område med mykje folk, det går ikkje, legg ho til.