Etter ein kald og våt sommar i store delar av Noreg er det fleire som håper på ein god haust.
Ifølge sesongvarselet frå Meteorologisk institutt ser hausten ut til å bli mildare enn normalt i heile landet.
Varselet gjeld for september, oktober og november.
Variert sommar
Medan folk på Austlandet har kunna kose seg med sol og temperaturar opp mot 30 grader har det ikkje vore slik i heile landet.
I Møre og Romsdal har det vore ein kald og våt sommar. Det same gjeld i Nord-Noreg, Trøndelag og i Vestland, der «verdas mest vêrsjuke mann» har fått nok.
Statsmeteorolog Emili Carin Rønning ved Meteorologisk institutt stadfestar at det har vore meir nedbør enn vanleg i sommar på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg.
– Det har ikkje vore tidenes sommar der, men vi må hugse at fjorårets sommar var kjempefin, og den sit friskt i minnet, seier Rønning.
I Ålesund var det onsdag ein etterlengta sommardag, noko som gir håp for hausten.
Indian summer i september
For vêrsjuke nordmenn har meteorologen ei gladmelding basert på sesongvarselet.
Heile landet ser ut til å få ein haust varmare enn normalt, ifølge temperaturprognosane.
– Vi kan sjå at september kjem til å bli ganske fin, seier Rønning.
Statsmeteorologen forklarer at det er grunna høgtrykksdominerande vêr som verkar sikrare.
– Vi har sett litt på moglegheita for indian summer, der det kjem ein periode med uvanleg varmt vêr om hausten. Det kan sjå ut at det er mogleg i siste del av september og oktober.
Rønning legg til at det er vanskeleg å seie sikkert, men at det sannsynlegvis også vil vere ein tørr periode i september for Nord-Noreg, Trøndelag og Vestlandet.
Våt haust i aust
Lenger sør ser det derimot annleis ut.
Austlandet og Agder får ein våtare haust enn normalt.
Statsmeteorolog Emili Carin Rønning forklarer at prognosane for nedbør heng saman med lågtrykksbølger som vil kome inn over Europa.
– Det ser ut til at lågtrykka går innover mot Europa, og da vil det vere større sannsynleg at det treff Austlandet, i staden for Vestlandet som det oftast gjer.