Brun turisthytte med grønn vidde og mørk himmel på Hardangervidda.
POPULÆRT: Lågaros er ei populær turisthytte. Snart er det slutt. Foto: Anne Lognvik / NRK

– Sjå, det er ein regnboge i regnet som går ned der borte.

Hyttevakt Siw Brekken nyt synet av stille vatn og grøn vidde.

Sommaren har bydd på dei vakraste solnedgangane her.

– Det er berre så fint!

Lågaros turisthytte
Foto: Anne Lognvik / NRK

Turisthytta Lågaros er eit knutepunkt på Hardangervidda.

Fire merka ruter går inn til denne folkekjære plassen, som for mange er første etappe om ein tar turen frå Møsvatn og innover på vidda.

Dette er siste sommaren hytta blir halde open for fotturistar i fjellet.

Nostalgi

Som ein del av tiltaksplanen for å redde den trua villreinen, stenger Turistforeininga sju hytter og 400 kilometer merka turstiar.

Både Hadlaskard og Lågaros har dermed vore opne for siste gong i sommar.

Det merkar hytteverten på besøket.

– Det er litt nostalgisk. Det kjem mykje folk som gjerne vil kikke innom eller bu her ein siste gong. Det er eigentleg litt trist, seier ho.

Kvinne med mørkt hår og DNT-vest foran skiltet til hytta Lågaros.
Siw Brekken er hyttevakt på Lågaros siste sommaren hytta held ope for fotturistar. Foto: Anne Lognvik / NRK

Hytta er ikkje fullbooka, men ho er godt besøkt og har mange drop-ins, forklarer hyttevakta.

– Folk er hyggelege og pratsame. Mange vil gjerne diskutere og høyre litt kvifor dette skjer. Folk er fornøgde og trivst i fjellet.

– Elskar norske fjell

Danske Tim Gustafsen har eit sterkt forhold til norske fjell.

– Eg elskar dei norske fjella! Eg kjem hit ofte. Og eg er heldig, for eg har faktisk ei hytte ved Rjukan, seier han.

Mann med grått hår og briller foran grønn vidde og blått vann.
Tim Gustavsen. Foto: Anne Lognvik / NRK

Fjell-turisten har blanda kjensler om stenginga av turisthytter.

– Eg synest vi skal passe godt på villreinen. Men eg synest også vi skal passe på den norske kultursjela, som er at ein vandrar fritt i utmarka, seier Gustavsen.

– Blir godt merka

– Vi skal merke av 400 kilometer turstiar. Det er omtrent like langt som det er i luftlinje mellom Oslo og Trondheim. Eg er sjølvsagt bekymra for konsekvensane av dette, seier Inger Lise Blyverket, generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT).

For sjølv om også ho meiner tiltaka er nødvendige, legg ho ikkje skjul på at det blir opplevd som rart.

Både for tilsette og turfolk generelt.

Inger Lise Blyverket, Generalsekretær i DNT.
Inger Lise Blyverket, generalsekretær i DNT. Foto: Marius Dalseg / DNT

– Dette vil merkast godt, seier ho til NRK.

– Ein forstår at det er behov for å gjere tiltak for å styrke kvaliteten på villreinbestanden. Ein skjønar også at DNT, som opererer i desse fjellområda, er nøydde til å sette i verk tiltak. Samtidig er det veldig mange som opplever at andre aktørar kanskje slepp litt billig unna, seier ho.

– Kven slepp billig unna?

– Det er jo utbyggingsplanar i kommunane for eksempel. Det kan vere vidare utbygging av vegar og hytter. Det kan også vere reiselivsaktørar som av kommersielle omsyn trekker mange turistar inn i sårbare område. Det er ei lang rekke aktørar som det kan vere litt vanskelegare å peike på enn DNT og den raude T-en som alle er kjente med, seier ho.

Blyverket seier det er mange som kjenner på eit tungsinn og ei sårheit knytt til at viktige område no får avgrensa ferdsel.

– Men også at ein er engsteleg for at tiltaka ikkje vil monne om ikkje også andre aktørar gjer sitt.