Dei er samde, dei to unge kvinnene. Det er no eller aldri.

Og om at dette vert eit helvete.

I mange år har sjukdomen styrt alt.

Alt har handla om mat og trening. Om kropp. Om å nå det idealet anoreksien set for dei.

Ikkje berre har den teke over livet deira, den har fleire gongar vore nær på å avslutte det.

Linn og Madelen fortalde tidlegare i år om kampen mot etevegringane, og fortvilinga over at dei ikkje får hjelp nok til at dei klarer å bli friske.

Men denne aprildagen våger dei å håpe.

Dei har fått tilbod om å delta i ei ny behandling. Eit pilotprosjekt som vil prøve å knekke nokre av kodane kring den mest dødelege av dei psykiske sjukdomane.

Den byrjar allereie neste veke.

Dei veit at det vert knallhardt.

– Det eg fryktar mest er at det ikkje vil fungere. Og at alt er forgjeves, seier Linn Ulvatn.

– Eg føler at ingen av oss har råd til å mislukkast ein gong til, seier Madelén Langeland Martinsen.

Denne gongen er dei saman. Denne gongen må det gå.

Denne gongen er dei saman i kampen mot anoreksienFoto: Oddgeir Øystese
Denne gongen er dei saman i kampen mot anoreksienFoto: Oddgeir Øystese

NRK skal følge dei to unge kvinnene gjennom behandlinga dei neste månadane.

Psykologen

Bjarne Hansen gjer ofte menneske friske på fire dagar.

Han er psykolog og leiaren av Bergen Center for Brain Plasticity. Som utviklar av 4-dagarsmetoden for tvangslidingar vart han kåra til eit av dei viktigaste menneska innan helse i verda.

No vil han gjerne vidareutvikle metodane slik at og menneske med etevegringar kan få hjelp.

Ekspertar frå mellom anna i USA og Tyskland har løfta mogelegheitene; å bruke metodikken som har god effekt på mellom anna angst og OCD til behandling for diagnosar knytt til mat og kropp.

Mann med skei
Bjarne Hansen er professor i psykologi og har utvikla ein metode for behandling av tvangslidingar. Her saman med psykolog Mons Haugland. Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Det er stor interesse knytt til pilotbehandlinga i Bergen.

Hansen er budd på at det vil ta meir enn eit par dagar å få resultat med Linn og Madelén.

Anoreksien har fått festa seg godt i dei. Mykje av identiteten deira ligg i å vere god i sjukdomen.

– Det grip inn i alt som går på sjølvtillit, sjølvkjensle, verdiar og relasjonar, seier psykologen.

Dei neste vekene skal Hansen prøve å forstå sjukdomen deira betre.

Kva er det som triggar reaksjonar? Kva er det eigentleg med maten som skaper angst og ubehag? Korleis kan tankemønstera snuast?

Det skal bli ei komplisert og vanskeleg reise.Les også Solange fekk hjelp til å kaste hanskane. No spreier «Bergens­metoden» seg til heile verda

Den første frukosten

Det første som skjer den første behandlingsdagen er at dei skal ete frukost saman.

Linn og Madelen har fått ansvaret med å kjøpe inn og lage til.

Dei som plar å telje kaloriar og vege all ingrediensane er kokkar for seg sjølve og behandlarane.

– Vi har lyst til å lage ein normal måltidssituasjon, der vi kan snakke om alt mogeleg, seier Bjarne Hansen. – Vi må bruke dette til å finne ut kva som ikkje er normalt for jentene med å ete.

Det går i bær, frukt, yougurt og havregryn.

Linn viser eit tydeleg ubehag i møte med maten. Ho kvir seg for å gjere noko som helst med den. Ho passar på å vege alt nøyaktig.

Psykologen utfordrar henne til å ete eit blåbær. Så hermar han etter hennar reaksjon. Utfordrar henne på kvifor ho oppfører seg som om bæret er gift.

– Om du oppfører deg som om noko er farleg, så vil kroppen mobilisere kjensler som om det er farleg. Vi må endre signala som vert sende, meiner Bjarne Hansen.Les også Når maten er fienden

Kan ikkje gå tilbake

Anoreksi handlar ikkje berre om dei sjuke. Lidinga tek og ofte over livet til dei som står rundt.

Slik har det vore for Linn og Madelén sine familiar.

Dei har sett døtrene svelte seg nær døden medan maten står på bordet.

Etter årevis med mislukka behandlingar føler dei at dei er i ferd med å gå tomme for mogelegheiter.

Det er vanskeleg å vere optimistiske. Men samstundes kjenner dei at dette er siste mogelegheit.

– Eg må jo tru på det. Og det gjer eg, inst inne. Å gå attende til det vi har prøvd før kjenst jo meiningslaust, seier far til Linn, Sigbjørn Ulvatn.

– Førsteinntrykket er at eg opplever behandling som går på ein psykisk sjukdom og ikkje fysiske symptom, meiner Jan Olav Langeland.

Dei to fedrane set alt si lit til døtrene si behandling. Dei fryktar det er siste sjanse.

To menn på takterrasse
Sigbjørn Ulvatn og Jan Olav Langeland meiner dette er siste sjanse for døtrene. Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Må tenke nytt

Mange har vore kritiske til den hjelpa menneske med anoreksi får her i landet.

Motivasjonen til Linn og Madelén då dei først stod fram var å sette fokus på avmakt i møtet med helsevesenet.

Deira historie gjorde inntrykk på mange. Helseministeren lova å gjere noko med behandlinga på dette feltet.Les også Reagerer på NRK-sak om anoreksi-syke Linn (21): – Nå haster det

Og dei fremste ekspertane meiner det må endring til.

– Generelt så er jo ikkje behandlingsresultata gode nok.

Det seier Øyvind Rø. Han er professor i psykiatri og har jobba med etevegring heile yrkeslivet.

Han leier Nasjonal kompetanseteneste for spiseforstyrrelser på Oslo Universitetssykehus..

Rø seier han følgjer nøye med på det arbeidet som vert gjort i Bergen no.

– Vi treng nye måtar å tenke om desse sjukdomane på. Å tenke meir heilskapleg i behandlinga er ei tilnærming eg meiner er interessant, seier Rø.

– Eg trur det er mange faktorar i psykisk helsevern i Noreg som ikkje fungerer optimalt for etevegringar.

Mann sitter på benk.
Øyvind Rø vert rekna for å vere ein av dei aller fremste ekspertane på etevegring i Noreg. Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Fleire pilotprosjekt

Det er ikkje berre i Bergen det vert prøvd å finne nøkkelen inn til å betre hjelpe menneske med anoreksi og andre former for etevegring.

Parallelt jobbar Sykehuset Østfold med eit liknande pilotprosjekt.

Det er i samarbeid med senteret i Bergen.

– Me integrerer prinsippa frå Bjarne Hansen i den ordinære behandlinga av menneske med etevegring. Og pasientane seier dei opplever at det gjev meining.

Det seier Rebin Badkan. Psykologen leier behandlinga på sjukehuset.

Fleire i større eller mindre grad fått pilotbehandling. Sjølv om Badkan seier resultata er gode og at fagfolk er entusiastiske, må dei arbeide vidare for å konkludere med kva som faktisk fungerer.

– Men og pasientar som har prøvd særs mykje tidlegare opplever at dette er ein ny måte å tenke på. Ein som er nyttig for dei.

Mann som smiler
Rebin Badkan er leiar for behandling av etevegringar i Sjukehuset Østfold. Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Også fagmiljø i fleire andre land følgjer resultata i Noreg nøye.

Bjarne Hansen seier det var tyske og amerikanske fagfolk som først kom til han med ein tanke om at metodane brukt mot tvangslidingar og angst og burde ha effekt mot etevegringar.

Metoden

Dei neste vekene er Linn, Madelén og behandlarteamet saman i måltid, på kontoret i Bergen og på restaurantar.

Dei prøver å forstå kvifor mat er så vanskeleg. Kvifor går dei i lås berre dei ser eller tenker på den?

Kva utløyser ulike reaksjonar? Korleis kan ein sende signal som kan løyse opp i tankemønstera dei er fanga i?

Knuten er hard å jobbe med, stramma gjennom år med sjukdom.

Sakte jobbar dei med verktøy som kan låse opp fengselet som har halde på dei heile ungdoms- og vaksenlivet.

– Vi jobbar systematisk med å trene kroppen opp til å gje naturlege og føreseielege reaksjonar på sikt, seier Hansen.

Eit av prinsippa i metoden på firedagarssenteret er alle treng individuell tilpassa behandling.

Sjølv om Linn og Madelén har same sjukdom, reagerer dei og ulikt.

Det er tilbakefall. Vekttap. Særleg sommaren er vanskeleg. Då er ikkje oppfølginga like tett.

På ferie i Spania får Madelén problem. Ho må på sjukehus for å komme opp at i vekt.

Likevel er det meir håp enn på mange år.

Litt meir vanlege liv

– Det går jo ikkje dritfort framover. Men det går framover. Folk rundt meg ser at eg har forandra meg litt til det positive. Det gjer meg glad, seier Linn Ulvatn.

I haust flyttar ho inn i eiga leilegheit.

– Nye verktøy, nye perspektiv og moglegheita å jobbe der i livet som du ønsker å vere. Det har vore målet, og der er vi på gang, oppsummerer Bjarne Hansen.

Madelén Langeland Martinsen har starta studiar i psykologi.

Ho som opplevde at ho såg ut på verda, på dei som hasta til jobb eller skule, er no med i den.

– Eg kjenner at eg har ei framtid. Noko eg kan bruke kapasiteten min på. Noko som ikkje berre handlar om sjukdomen, seier Madelén på veg inn til førelesing.

Denne historia har ikkje ein konklusjon. Dei to kvinnene har ikkje kasta av seg lenkene av etevegringa.

I alle fall ikkje enno.

Men både behandlarar og kvinnene sjølve opplever at dei er på veg mot noko litt meir normalt.

– Å komme i gang med slike ting er jo å ta tilbake eit friskt liv, meiner psykolog Hansen.

– Kor lang tid det tek før det skjer utan ubehag, eller der ein er fri til å kunne gjere det ein vil, det er eg ikkje sikker på.

Dei våger å håpe på ei framtid. Ei der ikkje alt handlar om anoreksi.

Kvinne med fargerike bygninger i bakgrunnen
Madelén Langeland Martinsen har starta på psykologistudiet på UiB. For første gong vågar ho å tenke på framtida. Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK