Granskinga avdekkjer stor risiko for menneskerettsbrot, og pasientar har vorte liggjande fastspente i opptil 18 døgn, skriv Sivilombodet i ei pressemelding.
Sivilombodet har siste året besøkt 13 døgnpostar ved norske sjukehus.
Resultatet frå tilsynet er nedslåande: Ved samtlege sjukehus har dei løpande vurderingane av belteforløpa vore mangelfulle eller heilt fråverande.
Over 18 døgn
Dokumentasjon frå sjukehusa viser at fleire pasientar var skildra som rolege og samarbeidande i lange periodar utan at dei vart løyste ut av belteforløpet.
Etter lovverket skal beltelegging berre brukast som ein absolutt siste utveg i akutte faresituasjonar.
Likevel vart pasientar liggjande fastspente frå fire til over 18 døgn.
– Dette er svært alvorleg. For pasientane er det ein stor belastning å vere fastspent i belte, og det kan vere skadeleg både psykisk og fysisk, seier sivilombod Hanne Harlem i ein uttale etter granskinga.
Skakande døme
Sivilombodet trekkjer fram fleire skakande døme.
- Grunna bemanningsmangel fekk ikkje fastspente pasientar naudsynt hjelp til toalettbesøk.
- Éin pasient vart liggjande fastspent i beltesenga i si eiga avføring, ein annan var fastspent i 42 timar med brot i handa.
- Det vart gjort funn av ulovlege spytthetter på rom med belteseng.
Sivilombodet understrekar at funna tyder på systematiske lovbrot og meiner fleire funn viser risiko for brot på menneskerettane. Siste åra har Den europeiske menneskerettsdomstolen domfelt fleire statar i saker som gjeld langvarig beltelegging.
– I Noreg finnast det i dag ingen offentleg statistikk over tvangsbruk i psykisk helsevern. Helsestyresmaktene må raskt sikre ei nasjonal oversikt, også over varigheit, seier Harlem.
Etterlyser nasjonal oversikt
Beltebruk som tvangsmiddel har lenge vore omdiskutert i helse-Noreg.
Tilbake i 2011 døydde ein pasient i belte, og i 2019 tilrådde eit offentleg utval å fase ut heimelen for beltelegging over ein treårsperiode.
Sjølv om departementet uttrykte støtte til utfasinga, viser den ferske rapporten at ulovleg og langvarig beltebruk framleis går føre seg ved akuttpostane på Vestlandet og i resten av landet.
– Tek funna på alvor
NRK fortalde i sommar om tilsynet Sivilombodet hadde ved Psykiatrisk klinikk i Bergen i mars. Her kom det fram at pasientar hadde ligge opptil 16 døgn i belte.
Det blei dokumentert fleire tilfelle der pasienten var roleg og samarbeida, utan at pasienten blei losna frå belta.
– Vi tar rapporten og funna som blir beskrive på største alvor. Forsvarleg helsehjelp, pasientane sin tryggleik og rettstryggleik skal bli ivaretatt i alle delar av behandlinga, sa klinikkleiar Brede Aasen til NRK den gongen.
Aasen sa vidare at dei vil forbetra dokumentasjonen på dei faglege vurderingane.
Vidare understreka Aasen at klinikken behandlar menneske i akutt psykisk krise, og at enkelte av pasientane kan ha høg risiko for vald i akuttfasen.
– Sjukehuset har ansvar for å handtere desse situasjonane, og nokre av hendingane kan dessverre vare over noko tid før behandlinga reduserer risikoen.