Granskinga avdekkjer stor risiko for menneskerettsbrot, og pasientar har vorte liggjande fastspente i opptil 18 døgn, skriv Sivilombodet i ei pressemelding.
Sivilombodet har det siste året besøkt 13 døgnpostar ved norske sjukehus.
Resultatet frå tilsynet er nedslåande: Ved samtlege sjukehus har dei løpande vurderingane av beltebruk vore mangelfulle eller heilt fråverande.
No etterlyser dei ein offentleg statistikk over tvangsbruk i psykisk helsevern, og kastar ballen til helsestyresmaktene.
– Mange pasientar opplever beltebruk som nedverdigande, veldig belastande, dei blir redde og hugsar det som ei veldig traumatisk erfaring, seier Helga Ervik i Sivilombodet.
Tvang inneber høg risiko for menneskerettsbrot, og kan ha alvorlege psykiske og fysiske konsekvensar for pasientane, skriv dei i pressemeldinga.
Over 18 døgn
Etter lovverket skal beltelegging berre brukast som ein absolutt siste utveg i akutte faresituasjonar.
Likevel vart pasientar liggjande fastspente frå 4 til over 18 døgn.
Dokumentasjon frå sjukehusa viser at fleire pasientar vart skildra som rolege og samarbeidande i lange periodar utan at dei vart løyste ut av belteforløpet.
– Gjennomgåande ser vi at det er for dårleg skildra i journalane kvifor ein framleis har pasienten i belte. I mange av tilfella er det også for dårleg skildra kva ein har gjort for å få pasienten ut av belta, seier Ervik.
I undersøkinga har Sivilombodet gått gjennom journalar og snakka med leiing og helsepersonell på dei seks helseføretaka dei har besøkt.
Dei har også snakka med pasientane.
Skakande døme
Sivilombodet trekkjer fram fleire skakande døme.
- Grunna bemanningsmangel fekk ikkje fastspente pasientar naudsynt hjelp til toalettbesøk.
- Éin pasient vart liggjande fastspent i beltesenga i si eiga avføring, ein annan var fastspent i 42 timar med brot i handa.
- Det vart gjort funn av ulovlege spytthetter på rom med belteseng.
Sivilombodet understrekar at funna tyder på systematiske lovbrot og meiner fleire funn viser risiko for brot på menneskerettane. Dei siste åra har Den europeiske menneskerettsdomstolen domfelt fleire statar i saker som gjeld langvarig beltelegging.
Etterlyser nasjonal oversikt
Beltebruk som tvangsmiddel har lenge vore omdiskutert i helse-Noreg.
Tilbake i 2011 døydde ein pasient i belte, og i 2019 tilrådde eit offentleg utval å fase ut heimelen for beltelegging over ein treårsperiode.
Sjølv om departementet uttrykte støtte til utfasinga, viser den ferske rapporten at ulovleg og langvarig beltebruk framleis går føre seg ved akuttpostane på Vestlandet og i resten av landet.
Sivilombodet føreslår følgjande tiltak for Helse- og omsorgsdepartementet:
– Tek funna på alvor
NRK fortalde i sommar om tilsynet Sivilombodet hadde ved Psykiatrisk klinikk i Bergen i mars. Her kom det fram at pasientar hadde lege opptil 16 døgn i belte.
Det blei dokumentert fleire tilfelle der pasienten var roleg og samarbeidde, utan at pasienten blei losna frå belta.
– Vi tar rapporten og funna som blir beskrivne på største alvor. Forsvarleg helsehjelp, pasientane sin tryggleik og rettstryggleik skal bli ivaretatt i alle delar av behandlinga, sa klinikkleiar Brede Aasen til NRK den gongen.
Aasen sa vidare at dei vil forbetra dokumentasjonen på dei faglege vurderingane.
Vidare understreka Aasen at klinikken behandlar menneske i akutt psykisk krise, og at enkelte av pasientane kan ha høg risiko for vald i akuttfasen.
– Sjukehuset har ansvar for å handtere desse situasjonane, og nokre av hendingane kan dessverre vare over noko tid før behandlinga reduserer risikoen.