Debattdeltakere står ved talerstoler i et TV-studio med pengesedler på skjermene i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Tommy Iversen / NRK

– Vi har betre råd enn for fem år sidan, ti år sidan og femten år sidan, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.

I 2024 og 2025 auka kjøpekrafta i norske hushaldningar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Dermed kan dei fleste handle meir enn det dei har kunne handla før.

Andreassen understrekar at det framleis er personar som har dårleg råd i landet, men at dette er ikkje noko nytt.

– Det har blitt altfor mykje føleri, eg arbeider med tal, seier Andreassen.

Mannen står ved en talerstol foran en blå bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Harald Magnus Andreassen i Debatten. Foto: Tommy Iversen / NRK

– Lever livet i rekneark

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen reagerer på utsegnene til sjeføkonomen.

– Eg blir kvalm kvar gong eg høyrer høgtlønte bankøkonomar forklare folk at det å ha dårleg råd, berre er ei kjensle, seier ho.

Raudt-leiaren er ueinig i at folk sin økonomiske situasjon botnar i føleri. Ho trekker fram minstepensjonistar, der veksten i inntekt ikkje har vore stor.

– Dei aller rikaste i Noreg har blitt mykje rikare.

Marie Sneve martiniussen med briller snakker foran en blå bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Tommy Iversen / NRK

Frp-leiar Sylvi Listhaug hevdar at tusenvis har fått dårlegare råd.

– Det som er problemet med økonomar er at dei lever livet i rekneark med gjennomsnittstal. Men det er ikkje slik folk lever, seier Listhaug.

Til det svarar seniorøkonom Oddmund Berg i DNB Carnegie:

– I reknearka finn vi ut at veksten er positiv. Det er riktig nok ein moderat oppgang, men det er ei betring.

– Veldig mange i Noreg har lån, store lån, og for desse opplever veldig mange å ha fått trongare økonomi, seier Listhaug.

Kvinne i dress på en kameramonitor i et studio med blått lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Tommy Iversen / NRK

Ingen økonomisk krise

Andreassen understrekar at det ikkje er ei økonomisk krise i Noreg, når ein ser på tala frå SSB.

– For nokon er det ei krise, seier Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet.

Han peiker på at fleire små og mellomstore verksemder har hatt store utfordringar som følge av den økonomiske situasjonen i landet.

– Mykje av det vi og SSB ser på er meir langsiktige trekk, seier samfunnsøkonom og porteføljeforvaltar Olav Chen i Storebrand.

Chen peikar på at det viktigaste politikarane kan gjere er å forsøke å få ned inflasjonen.

Sjå heile Debatten mellom økonomane og politikarane her:

Renteheving og straumstøtte

I det siste har debatten gått sin gang rundt:

  • Noregs Bank som sette opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng.
  • Rekordhøge drivstoffprisar og kutt i drivstoffavgiftene.
  • Dyre handleturar i daglegvareforretningane.
  • Straumstøtte og noregspris.

I tillegg har fleire av dei rikaste i landet tatt turen til Sveits, i frykt for høgare formuesskatt og andre skattar.

163 Sveits-utflyttarar: Formuesskatten som forsvann

Matmoms og drivstoffkutt

Trass tala frå SSB er Frp-leiar Sylvi Listhaug tydeleg på at drivstoff- og matprisane må ned.

– Det aller første vi må gjere er å gjere noko med drivstoffavgiftene – innføre på nytt det kuttet som var der, seier Listhaug i Dagsnytt 18.

Ho meiner at eit avgiftskutt i drivstoff vil kome vanlege folk og verksemder til gode.

– Vi meiner også at vi må gjere noko med matmomsen.

– Dette er viktige tiltak som vi bør gjere raskt.

– Vi meiner at andre tiltak verkar betre, har større effekt og hjelper betre dei som treng det aller mest. Det aller viktigaste vi meiner er å halde orden i norsk økonomi, seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap).

Stoltenberg peikar på lågare inntektsskatt, billige barnehagar og straumstøtte-ordningar som meir treffsikre ordningar.

– Vi er opptatt av at folk skal få betre råd, heldigvis har folk fått betre råd. Prisane har vakse, men lønningane har vakse klart meir.