– Me kjem til å tene masse pengar på dette, seier Tom Greni og ler.
Han er dagleg leiar på Zachariasbryggen i Bergen, og skal ha ope, med skjenkeløyve, til klokka 06.00 under fotball-VM.
Med fire etasjar, eit makstak på 2800 personar, og rundt 35 skjermar har han også førebudd seg til VM med litt ekstra. Ein million er investert i blant anna to uteskjermar, som skal vise fotball både i sol og regn.
– Eg reknar med me kjem til å tene rundt 10 millionar kroner, seier Greni.
Han er ikkje redd for tomme lokale.
– Eg forventar det blir «smikkfullt».
Fleirtal for ja
Etter at Stortinget opna for at utestader kan skjenke alkohol gjennom heile døgeret, så lenge det blir vist VM på skjermane, har kommunane fått jobbe:
Skulle ein opne for skjenking også etter klokka 03:00 på natta?
I ei undersøking gjort av NRK kjem det fram at det kan bli opne kraner i 137 kommunar lenger enn normalt. 90 seier nei, og ein del har ikkje avgjort saka enno.
Det er heller ikkje alle kommunar som har svart NRK.
Fleire kommunar har vedteke ulike premiss, som til dømes at det berre gjeld for kveldane Noreg spelar kamp.
Forskjellig frå kommune til kommune
269 kommunar har svart på undersøkinga NRK har sendt ut. Sjølv om 137 kommunar har sagt ja, må skjenkestadene søke om å få utvida tider.
42 kommunar svarte til NRK at spørsmålet enno ikkje var avgjort.
Nokre av dei 90 «Nei»-kommunane svarer at det ikkje blir, anten fordi det ikkje er serveringsstader i området, eller at det ikkje er stader med lisens til å vise kampar. Nokre skriv også at ingen har søkt.
Mange opnar frå skjenking heilt til klokka 06.00 på morgonen, og andre skriv at det kan skjenkast så lenge kampen varer.
Nokre har opna for utvida skjenketider berre når Noreg spelar. Eit døme er Vennesla, der løyvet gjeld berre for Noreg sine kampar, og i praksis berre kampen mot Senegal i innleiande runde.
I til dømes Kvam gjeld løyvet berre innandørs. I Risør opnar dei ikkje for utvida skjenking, men for utvida opningstid.
Vil ikkje ha det
Stryn er ein nei-kommune. Då kommunestyret stemte 12 mot 12, enda ordførar Per Atle Kjøllesdal frå Senterpartiet opp med å bruke dobbeltstemma si imot.
– Skjenking til 06.00 på morgonen ønska me ikkje å innføre. Det kan blir for mykje av det gode, for langt ut på morgonen. Det vil ein ikkje ha, seier han.
Varaordførar Sonja Merethe Øvre-Flo frå Høgre er for utvida skjenketider.
– Eg har lyst på ein folkefest der me kan samlast på tvers av nasjonar.
– Denne saka handlar ikkje mest om å sitte drikke og fyll og fest, men å kunne møtast på ein sosial arena. Og det er puben. Det er no sånn med fotball at det er stemning, og pub og øl høyrer saman.