Sjukepleiarforbundet har sendt inn bekymringsmelding om sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset.
Foto: Eirik Haukenes / NRK
Det flunkande nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal vart opna med korps, kronprins og kake i fjor.
Men sidan då har ti leiarar forlate stillingane sine.
No har Norsk sjukepleiarforbund meldt helseføretaket inn til Arbeidstilsynet. Det er fordi leiarane dei har vore i kontakt med ikkje torer sjølv.
– Dei fortel om eit ekstremt høgt arbeidspress, manglande ressursar og manglande forståing for situasjonen dei står i, seier fylkesleiar Trine Sevaldsen.
Ho ber Arbeidstilsynet undersøke arbeidsforholda ved SNR.
Fylkesleiar i sjukepleiarforbundet, Trine Sevaldsen, ber Arbeidstilsynet om å undersøke arbeidsforholda.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Enormt arbeidspress
NRK har kontakta alle dei ti leiarane, som no er ute av stillingane sine. Fem av dei vil snakke anonymt.
Fleire av dei anonyme leiarane er redde for kva det vil gjere med framtidige jobbmoglegheiter dersom dei står fram.
NRK har tidlegare skrive om høgt sjukefråvær og høgt belegg ved SNR.
Sjukefråveret på det nye sjukehuset har vore over 13 prosent.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
Ikkje tid til å trekke pusten
Det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal vart tatt i bruk for halvanna år sidan, og erstatta sjukehusa i Molde og Kristiansund.
Flytteprosessen skal ha vore svært krevjande for dei tilsette.
I tillegg kom innføringa av journalsystemet Helseplattforma der leiarane fekk ekstra arbeid i tillegg til sine vanlege arbeidsoppgåver.
Oppå der kom Helse Møre og Romsdal sine sparekrav og omstillingar. Helseføretaket skal spare ein milliard dei neste åra.
Pasientane vart flytta frå sjukehusa i Molde og Kristiansund i april 2025.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
– Fryktkultur
Ifylgje Sjukepleiarforbundet fortel fleire av leiarane at dei har prøvd å seie frå om denne uhaldbare situasjonen oppover i systemet, men opplever at dei ikkje vert tatt på alvor og at det heller ikkje er takhøgd for å seie frå.
Kjenner seg ikkje att i påstandane
Klinikksjef ved SNR, Britt Rakvåg Roald, vil ikkje stille til intervju, men skriv i ein e-post at etableringa av det nye sjukehuset, innføringa av Helseplattforma og store økonomiske utfordringar har vore krevjande både for tilsette og leiarar.
– Eg har respekt for at nokre leiarar vel å gå vidare til andre stillingar eller utfordringar. Samtidig er det ikkje mogleg for oss å kommentere anonymiserte personalsaker i media, skriv ho.
Ho understrekar at dei ikkje kjenner seg att i påstandane om manglande forståing, at innspel ikkje blir tatt på alvor eller frykt for represaliar.
Ho meiner at sjukehuset legg stor vekt på open dialog og medverknad i alle prosessar.
Britt Rakvåg Roald er klinikksjef ved SNR. Ho meiner sjukehuset legg stor vekst på open dialog.
Foto: Roar Strøm / NRK
Fryktar for pasienttryggleiken
Trine Sevaldsen i Norsk Sjukepleiarforbund meiner at det ho har fått høyre frå dei tidlegare leiarane er alvorleg.
Dei fryktar at det store arbeidspresset går utover pasienttryggleiken.
– Om det har gjort det får eventuelle avvik vise. Men frykta er der, seier Sevaldsen.
Denne artikkelen vart publisert 15. oktober klokka 06:56. Klokka 16:41 sendte kommunikasjonsrådgjevar i Helse Møre og Romsdal Guri Viken eit skriftleg innspel frå administrerande direktør Olav Lødemel. Du kan lese heile svaret her: