Bruno Fernandes i Manchester United-drakt med hånden mot ansiktet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
PORTUGAL-SPELAR: Bruno Fernandes returnerer til Manchester United og Premier League med ein skade etter landslagspausen. Foto: Toby Melville / REUTERS,NTB

– Eg synest jo det er eit rovkøyr, for å bruke eit tabloid uttrykk.

Det seier Torstein Dalen-Lorentsen, forskingsleiar i Sintef, til NRK.

Han har doktorgrad i idrettsmedisin og bakgrunn som fysisk trenar i Eliteserien.

Det var nemleg ei rekke Premier League-klubbar som blei utsette for skadar på nøkkelspelarar etter ei lang landslagssamling.

Dalen-Lorentsen fryktar at Premier League-stjerner som Haaland kjem til å merke køyret på sikt.

– Akutt trur eg det går bra, men når du zoomar ut og ser at ein spelar har spelt opp mot 70 kampar på ein sesong med lite ferie og mykje reising, blir det problematisk på lengre sikt når sesongane berre går i eitt utan ein skikkeleg sesongpause, meiner han.

spiller viser byttetegnet
SLITEN? Erling Braut Haaland uttrykte at han trengde å bli bytt ut i kampen mot Portugal i Nasjonsligaen. Foto: AFP

«Våpenkappløp»

Dei siste åra har det komme ei rekke nye konsept som bekymrar forskaren. Nasjonsligaen blei etablert, Meisterligaen, fotball-EM og fotball-VM har utvida turneringa og Fifa har etablert fotball-VM for klubblag på sommaren.

Eksperten beskriv det heile som eit «våpenkappløp».

– Auken i klubb-VM og landslags-VM kjem samtidig som Uefa har auka alle europacupane og klubbane aukar marknadsoppdraga sine. Den som arrangerer kampane sit på pengesekken og kontrollerer ein stor del av økonomien. Dette er ein milliardindustri, noko som gjer det svært lukrativt å kare til seg andelar. Ingen er villige til å nedruste, for da vil nokre andre få det økonomiske overtaket, meiner Dalen Lorentzen.

Det er den totale belastninga over tid som er utfordringa, meiner eksperten. Ikkje den kamprekka dei norske spelarane akkurat var gjennom i Nasjonsliga-samlinga.

– Det store problemet er ikkje denne samlinga isolert sett. Det er det systemiske problemet med at alle aktørane aukar samtidig, og ingen gir seg. Nasjonsligaen er for eksempel eit Uefa-produkt. Der er det ikkje nødvendigvis fleire kampar enn før, men det er fleire teljande kampar, noko som gjer at det er mykje mindre moglegheit til å rullere og spare dei beste spelarane.

Trump Chelsea
NYE KONSEPT: Klubb-VM er blant dei nyaste konsepta. Her frå 2025 då Chelsea vann. Foto: AFP

Ifølge NTB er det ei rekke Premier League-spelarar som har pådratt seg smellar eller faktiske skadar i løpet av landslagspausen:

  • Arsenal: Kai Havertz, Ezri Konsa, Christos Tzolis
  • Bournemouth: Alex Scott
  • Brentford: Mikkel Damsgaard
  • Chelsea: Jamie Bynoe-Gittens
  • Everton: Vitalij Mykolenko
  • Hull: Elliot Stroud
  • Liverpool: Cody Gakpo, Alexander Isak, Jeremy Jacquet
  • Manchester City: Nico O’Reilly, Antoine Semenyo
  • Manchester United: Patrick Dorgu, Bruno Fernandes, Noussair Mazraoui
  • Sunderland: Dan Ballard, Brian Brobbey, Noah Sadiki
  • Tottenham: Jan Paul van Hecke, Micky van de Ven

Premier League er ikkje den einaste ligaen der det har kome skader etter Nasjonsliga-pausen. Også Borussia Dortmund- trenar Niko Kovač opplever å få tilbake skadde spelarar.

– Frå klubben si side er dette totalt uakseptabelt. Det handlar ikkje berre om sjuke og skadde. Vi mister også rytmen i to og eit halvt veke, sa Kovač på pressekonferansen føre serierunden i helga ifølgje Bild.

– Desse fire kampane var definitivt for mykje for meg. Pausen var for lang, la han til.

FOTBALLPRESIDENT: Lise Klaveness Foto: Terje Bendiksby / NTB

Uefa-landa einige

Under Uefa-møtet i Berlin denne veka, var det hektiske landslagsprogrammet eit sentralt tema.

Ifølge fotballpresident Lise Klaveness, var alle land einige i at kampprogrammet i Nasjonsligaen er for hektisk.

– Vi ønskte å seie det. Vi visste ikkje om alle var med, men det var alle misfornøgde med – både store og små land. Så det er ei stor greie for oss å få endra det, seier Klaveness til NRK.

– Så det blir ikkje fire kampar Nasjonsligaen fleire gonger? spør NRK sin reporter

– Det er jo vedtatt fram til 2031, trur eg. Svaret på det er eigentleg ja, men det er iallfall ein stor appetitt for å ta opp igjen den saka blant alle Uefa-landa.