Politiaksjon med Kystvakta i Karlsøy 21. mars 2023.
Berre timar før Kystvakta rykka inn i Vannvåg i 2023, skal påtalemaktas hovudmann ha blitt varsla, ifølge aktor. Foto: Mona Benjaminsen / Karlsøy kommune

– Det må ha vore dialog mellom fiskemottaket og fiskebåtane, uttalte aktor Tor Børge Nordmo i retten.

Under innleiinga si i Nord-Troms og Senja tingrett, måndag 14. september, var statsadvokaten tydeleg på at samhandlinga mellom land og sjø har vore tett og kontinuerleg.

Saka har bakgrunnen sin frå mars 2021, då Skatteetaten gjennomførte ein kontroll på Karlsøybruket etter fleire anonyme tips. Der kopierte dei det elektroniske arkivet og spegelkopierte fem mobiltelefonar og datamaskiner.

Etter kvart som mistanken styrkte seg, slo politiet, Kystvakta, Økokrim, Fiskeridirektoratet og Skatteetaten til i ein storstilt aksjon med pågripingar og ransakingar.

Omfattande varslingsnettverk

Under dag to trakk aktor Nordmo fram det påtalemakta meiner er eit stort og omfattande varslingsnettverk på og rundt Vannøya.

Meir enn 50 personar vart namngitt, og skal ifølgje påtalemakta ha passa på fleire statlege etat som blant anna Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og politiet.

– Grunnen til at eg tok det opp er jo at Vannøy er ei øy med ferjesamband kor ein ser at ein ønskjer å vite når kontrolletatane er på veg eller til stades der, forklarer Nordmo til NRK.

Fiskekrim tingretten.
Aktor Tor Børge Nordmo namngav meir enn 50 personar som skal ha deltatt i et systematisk varslingsnettverk på og rundt Vannøya. Foto: Trygve Grønning / NRK

Kontrollørane og politiet vart omtalt med dekknamn som blant anna «skumlinga», «pompel og pilt», «guta», «boys», «svartkledde menn», og «folk i gule vestar» når dei vart observert i nærleiken av Karlsøybruket eller på Vannøya.

Meldingar som «dei blå er på ferja» meiner påtalemakta vart sendt for å nettopp varsle dei involverte om kontrollar.

– Men er dette ulovleg?

– Altså, vi lever i eit fritt samfunn, og det er ytringsfridom her, seier Nordmo til NRK som ikkje ønskjer å sei noko på dette no.

Forsvarer, Thomas Hansen, som representerer den omtalte kaiformannen ønskjer ikkje å uttale seg om aktoratets påstandar om varslingsnettverket.

– Dette må vi komme tilbake til ved et seinare tidspunkt, forklarer Hansen.

Fiskekrim tingretten.
Advokat Thomas Hansen er forsvarar for ein av kaiformennene. Foto: Trygve Grønning / NRK

Aktor trakk også fram over 20 fiskarar som ikkje sit på tiltalebenken. Dei meiner han skal ha varsla kaiformannen dersom kontrolletatane var på veg.

– Eg ser i alle fall at varslingane har eit omfang som går til mange personar, svarer aktor på spørsmål på kom mange som har vore involvert.

Dramatiske dagar før aksjonsdagen

Aktoratet la fram fleire dømer på hendingar der fleire av dei tiltalte skal ha vert i kontakt med kvarandre når det gjaldt varsling og overvaking.

Berre dagar før storaksjonen mot Karlsøybruket 21. mars 2023, var det hektisk aktivitet i varslingsnettet, ifølge aktor. Kaiformannen vart varsla og sende meldingar vidare til fleire fiskarar om at kontrollørane var kome.

Også natt til storaksjonen vart nemnd i retten. Her skal påtalemakta sin hovudmann ha fått fleire meldingar og bilete av Kystvakta og kontrollverket sin båt, «Fjordgyn», på veg mot kaianlegget frå personar som prøvde å åtvare om at ein aksjon var i emning.

– Me er sjølvsagt ueinige i relevansen her, men dette kjem eg tilbake til seinare, seier forsvarer Hansen.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå påtaleansvarleg i Troms politidistrikt, Ronny Jørgensen. Han ønskjer ikkje å gå i detalj om det påståtte varslingsnettverket, av omsyn til rettsbehandlinga.

Industrianlegg ved kai med lagrede sekker og paller, sett ovenfra i et kystlandskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kontrollørane og politiet vart omtalt med dekknamn når dei vart observert i nærleiken av Karlsøybruket eller på Vannøya. Foto: Hans L. Andreassen / NRK Luftfoto

Omfattar langt fleire

Fleire meldingar og elektroniske beslag vart lagt fram i retten, og viser ifølge aktor, at overvakinga og feilrapporteringa har gått føre seg i fleire år, og at nettverket strekkjer seg langt utover dei åtte som no sit på tiltalebenken.

Påtaleansvarleg Jørgensen opplyser at 12 privatpersonar så langt har vedteke og aksepter førelegg frå myndigheitene, medan sakene mot fire personar er lagd vekk.

– Tre reiarlag har fått inndregne midlar, og me har om lag 20 saker kor det foreløpig ikkje er gitt nokon reaksjon, opplyser Jørgensen til NRK.

Gjort skriftgransking

Eit av dei mest sentrale bevisa i saka vart funne i bustaden til ein av dei tiltalte kaiformennene under politiaksjonen i 2023.

– Der vart det funne ei almanakk i buksa på tiltalte der det er skrive opp 37 namn, som alle samsvarte med namn på fiskefartøy som leverte fangst til Karlsøybruket, opplyste Nordmo i retten medan han viste fram ei grå lita notatbok.

en svart rektangulær gjenstand
Denne almanakken, eller «boka», vart vist fram i retten på dag to. Foto: Pål Hansen / NRK

Politiet meiner at almanakken, eller «boka» som blir brukt som namn av dei involverte, fungerte som eit reelt skuggerekneskap.

Saman med beslaglagde vegelappar, SMS, Snapchat, Messenger og sporingsdata frå båtane, meiner påtalemakta å kunne bevise at vegelappar er feilførte eller endra av tilsette på mottaket for at sluttsetlane skulle passe.

Kripos har også hjelpt til med skriftgransking for å avklare kven som har skrive de ulike vegelappane.