Madshus på Biri
SELT: Skiprodusenten på Biri får ny eigar. Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Det tsjekkiske industriselskapet har overtatt eigarskapen av det historiske norske skimerket Madshus.

Det opplyser skiprodusenten sjølv i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Skiprodusenten, som blei grunnlagd i 1906, er i dag eigd av det amerikanske selskapet Elevate Outdoor Collective, som blant anna eig merka Völkl og K2.

– Madshus er ei av dei mest anerkjente merkevarene innan langrenn, og målet vårt er å sikre vidare suksess for merket. Med den nye eigarskapen vil Madshus framleis ha eigarar som verkeleg kan ski og produksjon, seier ny administrerande direktør og deleigar i Madshus, Torstein Myklebostad.

Myklebostad har dei siste ti åra vore dagleg leiar i skibindingsprodusenten Rottefella, som i 99 år har produsert fleire typar skibindingar i Lier i Noreg.

Turbulent tid på Biri

Oppkjøpet kjem etter ein svært krevjande periode for bedrifta, som blant anna held til på Biri i Innlandet.

I slutten av januar i år måtte fabrikken sette produksjonen på pause på grunn av nedgang i marknaden, noko som resulterte i at 29 av 66 tilsette blei permitterte. Først i midten av juni var produksjonen av neste sesongs ski i gang igjen for fullt.

– Fire månader er lenge å gå permitterte, men det seier litt om våre tilsette, og at vi har hatt trua på at produksjonen skulle komme i gang igjen, uttalte produksjonsdirektør Tormod Grindstad til Langrenn.com i juni.

I samband med eigarskiftet blir Madshus ein del av Kästles produksjonsmiljø i Nové Město i Tsjekkia. Frå før er delar av den kinesiske produksjonen flytta til nettopp denne fabrikken.

– Svært krevjande

Den nye Madshus-sjefen erkjenner at skiindustrien er i ei krevjande tid, noko som gjer at selskapet må tilpasse drifta for framtida.

– Marknaden for langrennsski har vore svært krevjande i åra etter covid, med svake resultat i heile bransjen. Madshus er ikkje noko unntak, og framover blir det viktig å sikre konkurransekraft og tilpasse selskapet til ein marknad som er om lag halvparten så stort som for få år sidan, seier Myklebostad.

– Samtidig ser vi eit stort engasjement og interesse for langrennssporten, blant anna gjennom auka deltaking i langløp som Birkebeinerrennet i Noreg og Vasaloppet i Sverige, fortset han.