Skogbrann.
Det brenn godt i eit område på Fitjar. Brannen er nær busetnad. Foto: Olav Røli / NRK

SISTE: Nødetatane meiner de har god kontroll på brannen i Fitjar kommune.

Dei evakuerte kan no flytte heim, opplyser ordførar Wenche Tislevoll (H) til NRK.

Brannvesenet blir att i tilfelle brannen blussar opp.

– Det er brenner nå berre mellom Korsvik og vestover mot Bustebrodet. Ellers har det meste blitt sløkt i løpet av natta, seier Jan Tore Bruckner utrykkingsleiar på staden kl. 06.

Helikopter og Sivilforsvaret bidrar no med sløkkinga.

Forsvaret har bidratt med kystvaktfartøy frå sjøsida, og dette skal ha hatt god effekt.

Brann tett mot bustader

– Det har til tider vore krevjande, seier Bruckner om natta.

Klokka 21.58 melde Sør-Vest politidistrikt at femten bustadhus i Korsvikområdet i Fitjar kommune er evakuerte som følge av skogbrannen som starta ved Furevatnet litt lenger nord.

Flammane var nær bustader.

– Det var berre eit par meter frå hus, seier Bruckner.

Flammane vart sløkte av eige mannskap og helikopter.

Det har ikkje vore noko skade på hus eller annan infrastruktur.

– No er nok mange glade for å høyre at ingen hus eller heim har brent ned. Det har vore veldig dramatiske timar, seier ordførar Wenche Tislevoll (H) som sjølv er evakuert i morgontimane.

Evakuerte til skole

Dei evakuerte vart samla i Øvrebygda skole, og blei tatt i vare der.

Totalt har 58 menneske vore på skulen, opplyser politiet. Der 18 drog på hotell. Totalt har 25 hus vore evakuert.

– Eg reknar med at me blir verande her ei god stund ut over natta, for eg veit at det brenn godt endå, sa Johan Rune Korsvik til NRK klokka 23.

Kommunen har engasjert sine beredskapsressursar og sett krisestab.

Det er så langt ikkje meld om personskadar i samband med brannen.

Johan Rune Korsvik, evakuert på grunn av skogbrann i Fitjar
Johan Rune Korsvik er ein av dei mange evakuerte som følge av skogbrannen. Foto: Olav Røli / NRK

Helikoptera slutta av for natta

Klokka 22.37 fortalde Jan Tore Brückner til avisa Sunnhordland at brannhelikoptera har gitt seg for natta.

– Det brenn framleis godt litt sørvest for Korsvik. Frykta er at brannen skal gå mot bygningar her.

Brannmannskap frå Fitjar, Stord og Bømlo jobbar i området.

Han seier terrenget er svært krevjande, og at dei har kjempa mot brannen med vasskanner som dei måtte bera med seg, og med skogpisker og løvblåsarar.

En skogbrann sprer seg i terrenget ved Furevatnet i Fitjar.
Foto: Kjetil Rydland / Stord24 / NTB

Etter klokka 23 jobbar framleis 30 brannmannskap, 14 frå Sivilforsvaret, seks bønder med gyllevogner, pluss dei andre naudetatane.

– Det har vore ganske uoversiktleg og hektisk, seier Trond Helge Søreide, brannvesenet sin innsatsleiar, til NRK.

– Har ikkje kontroll

Søreide kan ikkje seia akkurat kor mange meter frå husveggane flammane er.

– Det brenn nær hus, så me jobbar aktivt med sløkking rundt dei.

Trond Helge Søreide, brannvesenet sin innsatsleiar under skogbrann i Fitjar
– Det er tørt og det bles, så brannen spreier seg raskt. Me har ikkje kontroll per no, seier Søreide. Foto: Olav Røli / NRK

– No jobbar me der brannen trugar busetnaden. Så må me jobba med frontane gjennom natta, før me igjen får forsterkingar med helikopter i morgon.

Politiets innsatsleiar Øyvind Børnes seier hus og hytter på nordre del av Koløyo no er evakuerte.

– Og så blir det heile tida tatt fortløpande vurderingar av kvar me skal setta evakueringsgrensa.

Ordførar i røyken

Ordførar Wenche Tislevoll (H) bur sjølv i Koløyo, i Korsvikområdet der brannen har bevega seg mot.

– Eg var seint i seng og det har vore ei uroleg natt, seier ordføraren.

Ho har observert sløkkearbeidet, som mellom anna føregår med tankvogn, traktor og helikopter. Frå huset sitt såg ho også at det blei spreia vatn på eit hus i nærleiken.

Då NRK snakkar med henne klokka 22.15, veit ho faktisk ikkje om hennar eige hus er evakuert.

– Nei, eg sit ikkje i røyken no. Me har sett krisestab, så eg er på kommunehuset.

Ho rakk å kjenna røyklukta før ho køyrde heimanfrå.

– Det var jo ikkje kjekt å kjenna røyken heime, fortel ho, før ho må avbryta og fortsetta krisestab-møtet.

Skogbrann på Fitjar
Brannen er synleg over store delar av kysten rundt Stordøya. Foto: NRK-tipsar

Stormkjøkken

Eit stormkjøkken var truleg årsaka til skogbrannen som søndag kveld herjar i det kuperte og vanskeleg tilgjengelege skogområdet vest på Stordøya, i Fitjar kommune.

– Brannen starta i det små, truleg frå eit stormkjøkken. Det var personen med kokeapparatet som kontakta politiet.

Det sa operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Vest politidistrikt til NRK klokka 19.40.

En skogbrann sprer seg i terrenget ved Furevatnet i Fitjar.
Foto: Kjetil Rydland / Stord24 / NTB

Brannfronten auka – 30–40 bustadar i faresona

Klokka 21 var brannfronten rundt 200 meter, men truleg aukande.

– Mannskapa har ikkje heilt oversikt. Dei jobbar hardt med å få kontroll, og håper at dei to brannhelikoptera i området klarer å gjera ein god jobb nå før det blir mørkt, sa vaktleiar Kristine Borgersen i 110 Sørvest til NRK.

– Dette er ulendt terreng, og når det blir mørkt kan ikkje mannskapa bevega seg inn der.

Førti minutt tidlegare melde politiet at eitt bustadhus i øvre del av Korsvik var evakuert, og at røyken hadde byrja å trekka ned til eit bustadfelt med fleire hus lenger ned i Korsvikvegen/Koløyvegen.

– Det er vel 30–40 bustadar der. No blir det vurdert å senda ut ytterlegare varsel.

En skogbrann sprer seg i terrenget ved Furevatnet i Fitjar. Furutre i silhuett mot røyklagd, lettskya himmel. Oransjebrunt gras i forgrunnen.
Foto: Kjetil Rydland / Stord24 / NTB

Varsel til innbyggjarane

Eit slikt varsel vart sendt ut klokka 21.22 via naudvarsel til mobilar i området:

«Det brenner i området Koløy og Korsvik, og du kan befinne deg i et farleg område. Det er kraftig røykutvikling, og det er ikkje kontroll på skogbrannen. Evakuering er sett i verk i øvre del av Korsvik, og det kan bli aktuelt med ytterlegare evakuering.»

Området som brenn skal vera om lag 1,3 kilometer frå nord til sør.

Ein teknisk feil gjorde at dette varselet også vart send til mange personar i Bergen, Alver og Øygarden kommunar.

Politiet fekk mange meldingar om dette, og skriv at folk som ikkje er ved brannområdet i Fitjar verken treng å bry seg om naudmeldinga eller ringa politiet om det.

Skgbrann i Fitjar
Førebels er eitt bustadhus evakuert, men brann og røyk er nær fleire titals hus i Korsvik-området. Foto: Politiet

Eit brannhelikopter kom til området klokka 20 og starta sløkkearbeid frå lufta.

Så vart også Sivilforsvaret kalla ut, pluss eit brannhelikopter nummer to.

Vinden snudde

Brannen vart først meld klokka 17. Då skal det berre ha vore snakk om eit område på ti meter. I 18-tida spreidde den seg sakte nordvestover.

Men så snudde det, og situasjonen vart mindre oversiktleg.

Først klokka 19.40 melde politiet at brannen såg ut til å spreia seg sørover i retning busetnaden i Korsvik.

– På grunn av røykutviklinga er det vanskeleg å få nøyaktig oversikt over spreiing og omfang, sa Fenne-Jensen.