Skogbrann ved Nærnes i Aurland
SKOGBRANN: Brannen spreier seg raskt oppover fjellsida ved Nærnes i Aurland. Foto: Aurland brannvesen

Dei første meldingane frå operasjonsleiaren ved Vest politidistrikt fortalde om ein brann på storleik 100x40 meter.

Kort tid seinare opplyser 110 Vest at omfanget har auka til 100x100 meter.

Når brannsjef Reinhardt Sørensen kjem fram blant dei første frå brannvesenet i Aurland, brannen vakse endå meir.

– Eg trur vi no snakkar om eit område på 300x400 meter, seier han.

Skogbrannen er framleis ikkje sløkt, men brannvesenet opplyser å ha fått betre kontroll over brannen. Rett før klokka 19 opplyser brannsjefen at brannområdet no er om lag halvparten så stort som det var tidlegare i ettermiddag.

I 16-tida var omfanget på omtrent 500x500 meter.

– Brannen har spreidd seg noko oppover i lia, men det er ikkje fare for stor vidare spreiing. Vi håpar å klare å sløkke brannen i dag, slik at vi slepp å begynne på igjen i morgon, seier Sørensen.

Sløkkinga skjer framleis hovudsakleg frå lufta med helikopter. Eit mindre mannskap har vore i arbeid nede i terrenget, men bratt fjellside og fare for steinras gjer det uforsvarleg å setje inn fleire bakkemannskap.

Helikoptersløkkinga blei avslutta i 21-tida på grunn av mørket. Sørensen opplyser at det framleis er noko røyk i området, men at brannen er sterkt redusert og førebels under kontroll. Brannvesenet held oppsyn og er tilbake på staden klokka 07.00 i morgon.

Starta etter dotur

Brannvesenet vil vurdere fortløpande om det er forsvarleg å setje inn mannskap på bakken igjen seinare.

I samband med brannen opplyser Vest politidistrikt at ein person er sendt til legevakt med brannskadar på hendene. Vedkomande skal ha vore ein av 23 kajakkpadlarar frå Nordfjord folkehøgskule som var på ein organisert tur.

Desse skal ha opplyst til politiet at brannen starta ved eit uhell i samband med ein dotur. Brannen skal ha spreidd seg raskt i terrenget.

Skogbrann ved Nærnes i Aurland
Foto: Aurland brannvesen

– Vi har fått opplyst frå kajakkpadlarane sjølve at dei skulle tenne på dopapir for å bli kvitt det. Så har det vore eit uhell, og brannen har spreidd seg raskt. Ein av dei forsøkte å sløkkje brannen, og fekk skader på hendene, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Rektor ved Nordfjord folkehøgskule, Hildegunn Gjesdal Tennebø, stadfestar at det var elevar frå skulen som var på tur.

– Alle er i tryggleik og gruppa skal tilbake til skulen no i løpet av kvelden, seier ho.

Rektoren fortel også at skulen vil følgje opp det som har skjedd.

– Vi har rutinar for alle turar vi har elevar ute på. Vi kjem til å ha ein evaluering av dette og sjå om det har vore rutinesvikt.

Tre andre kajakkpadlarar blei sende til legevakt for sjekk på grunn av hovudverk.

Må ha helikopter

Fjellsida det brenn i ligg ved Nærnes. Dette er ytst i Nærøyfjorden, der verdsarvfjorden møter Aurlandsfjorden. Det går ingen vegar fram til staden. Brannmannskapa har måtte rykkje ut i båt.

Dei første mannskapa som kom til staden undersøkte om det er folk i området.

Skogbrann i Aurland - brannvesenet i Aurland rykkjer ut i båt.
SJØVEGEN: Brannvesenet i Aurland må fraktast i båt til den raskt spreiande skogbrannen. Foto: Arne Veum/Aurlendingen

– Det er ikkje folk i området, men det er mykje røyk og det går innover i svak vind mot Gudvangen. Det brenn godt både oppe og nede i lia, seier Sørensen.

– Vi må ha hjelp av helikopter for å sløkke dette, legg han til.

Ikkje første gang

Både brannsjefen og vaktkommandør Tore Fanebust ved 110 Vest stadfestar at eit skogbrannhelikopter er rekvirert frå Voss. Sørensen trur det er gode sjansar å få sløkt brannen.

– Vi byrjar å setje ut slangar frå vatnet her, og sløkke nede sjølv. Men heilt oppe i lia må vi ha hjelp frå helikopteret, seier han.

Også for nokre år sidan måtte brannvesenet få hjelp frå skogbrannhelikopter under ein brann ved Nærnes.

– Hadde vi ikkje fått hjelp den gang, så kunne det brunne i dagevis. Det er masse brennbart i trea her. Så vi må få det sløkt, seier Sørensen.