– Det er veldig vanskeleg å sjå kva som skjer her, og vere heime og gjer ingenting. Så det er viktig for oss å gjere det vi kan, seier Anne-Sophie Godin.
Ho har nett meldt seg som frivillige på evakueringssenteret i Bordeaux.
220.000 personar er evakuerte i dei sørvestlege regionane i Gironde og Landres i Frankrike.
5000–6000 av dei bur på evakueringssentert i Bordeaux, som er det einaste i byen.
Hit har det strøyma til med folk som ønsker å bidra som frivillige.
– Eg er glad for å sjå at medmenneskelegdommen faktisk eksisterer, seier Godin til NRK.
Sandrine Grondin er ein av dei evakuerte på senteret.
Ho har vore evakuert sidan laurdag og veit ikkje kor lenge ho må vere på senteret.
– Vi var veldig redde. Familien kom hit på ferie og vi visste ikkje kva som skjedde. Vi såg på TV at brannen var veldig stor og vi bestemte oss for å komme hit, seier ho.
Grodin hadde besøk av foreldra og broren som til vanleg bur i Paris, då brannen starta.
Ikkje mogeleg å returnere
Søndag ettermiddag oppfordrar prefekten i Gironde, Sophie Broca, turistar til å ikkje reise til området.
– Eg oppfordrar turistar på det sterkaste til ikkje å komme til Gironde-regionen før brannen er under kontroll, seier ho.
Brocas understreka at det ikkje er mogeleg å returnere til dei evakuerte lokalområda, sjølv der brannen har gitt seg.
Det er venta ein temperaturstigning den neste veka som kan forverre situasjonen, melder franske Le Figaro.
Arbeidsplassar i regionen vil vere stengt måndag, og staten vil dekke lønningane, opplyste Brocas.
Måndag skal franske myndigheiter ha fleire krisemøte om brannen, melder Le Figaro.
Nærmar seg Bordeaux
Ordføraren i Bordeaux, Thomas Cazenave, sa søndag i 12-tida at brannen er om lag 15 kilometer frå bygrensa til Bordeaux.
Ein evakuering av byen er likevel ikkje er på agendaen sa Cavenave, ifølge avisa Le Figaro.
Bordeaux er Frankrikes sjette største by med 1,2 millionar innbyggarar og ligg i departementet Gironde sørvest i Frankrike.
Så langt har brannen brent ned om lag 420 kvadratkilometer. Den er ein av landets største naturkatastrofar sidan andre verdskrig, ifølge myndigheitene.
Myndigheitene i Gironde opplyser at 240 hus er øydelagde i brannen. 75 brannmannskap er skadde.
Tre pågripne
Søndag føremiddag blei tre menn pågripne i Sør-Frankrike mistenkte for å ha sete liv i fare.
To av dei er sikta for å ha tent på fyrverkeri mens landets største skogbrann herjar i området.
Mennene blei pågripne i Gironde-regionen laurdag opplyser fransk påtalemyndigheit, ifølge nyheitsbyrået AFP.
Den franske innanriksministeren Laurent Nuñez sa søndag at status for skogbrannane er «svært ugunstige».
– Nok ei vanskeleg natt på alle frontar med skogbrannane, skreiv Nuñez på X.
Totalt 2.500 brannmannskap, 1.500 militære mannskap og rundt 1.200 politifolk er sett inn i kampen mot flammane.
60 kilometer av hovudvegen A63 mellom Bordeaux og den spanske grensa er stengt, melder NTB.
Jernbaneselskapet SNCF har stansa togtrafikken på ein strekning på rundt 100 kilometer sør for Bordeaux.
Kontroll i Spania
Til saman er fleire enn 300.000 evakuerte på grunn av skogbrann i Frankrike og Spania.
Brannvesenet opplyser søndag at skogbrannane som har ramma Madrid-regionen og Ávila sentralt i Spania, er under kontroll.
Det melder den spanske avisa El Pais.
– Det brenner framleis på fleire stader, og desse vil vere hovudfokus for sløkkearbeidet utover dagen, sa oberstløytnant Alfonso Arribas i Spanias militære beredskapseining (UME) søndag ettermiddag.
Meir enn 121.000 menneske er evakuerte eller blitt bedne om å halde seg inne.
Brannane har brent ned over 770 kvadratkilometer i regionane Madrid, Ávila og Toledo, samt i Vall d'Uixó i Castellón.
Ifølge El País er 40 hus totaløydelagde og minst 300 påført skadar i Madrid-regionen.
Natt til søndag opna ein ny brannfront eit stykke nord for Valencia, skriv BBC.
– Krevjande timar framfor oss
Spanias statsminister Pedro Sánchez sa under eit besøk i det ramma Ávila-området søndag at landet står ovanfor krevjande timar i kampen mot skogbrannen.
– Det ligg utvilsamt krevjande timar framfor oss, men oppdateringa vi har fått her indikerer at natta har vore svært positiv når det gjeld brannen si utvikling og sløkkingsarbeidet, sa Sánchez.
Spansk politi har tidlegare pågripe ein mann mistenkt for å ha starta brannen som har spreidd seg frå regionen Castilla y León nord i landet. Ein annan person er under etterforsking for det same.