Her vart ein mann stripsa fast i bilstol og torturert.
I stolen til venstre skal mannen i 40-åra ha blitt bunden fast og torturert. Foto: Politiet

Nettsaka er oppdatert torsdag kl 17.54 med rett strafferamme på lovbrotet.

– Absolutt ei veldig alvorleg sak, som heilt klart var skremmande for den fornærma, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve, som har teke ut tiltalen etter hendinga i eit verkstadbygg i Bergen 7. februar i fjor.

No er to menn i 30-åra tiltalte i det som blir skildra som ei «skikkeleg grov og stygg sak». Saka skal ha bakgrunn i konfliktar i narkotikamiljøet i Bergen.

Festa med lastestroppar

Etter det NRK kjenner til skjedde hendinga etter eit avtalt møte. Offeret, ein mann i 40-åra, skal frivillig ha sett seg inn i bilen. På eit tidspunkt skal møtet ha teke ei dramatisk vending.

Ifølgje den ferske tiltalen vart mannen køyrd til verkstadlokale, der han vart kledd naken og bunden fast til eit bilsete med lastestroppar og sløyfeband, slik at han ikkje hadde nokon sjanse til å kome seg laus.

En kvinne iført politiuniform sitter ved en laptop på et kontor
– Det er svært grov vald. Rett og slett, seier politiadvokat Silje Åsnes. Foto: Nina Kausland / NRK

Her skal han ha blitt halden i kring halvannan time.

– Fridomsrøving og grov vald, som det er snakk om her, er heldigvis ikkje daglegdags. Det er ikkje ei sak vi har veldig ofte, seier politiadvokat Silje Åsnes, som skal aktorere saka.

Medan han sat fastbunden skal offeret ha blitt sparka i ansiktet, slått i hovudet med eit knivskaft og kutta nedover beina. Tiltalen skildrar vidare korleis gjerningsmennene rispa han over akillessena med kniv og stakk han i ganen med ein sprøytespiss.

Ifølgje politiet var valden så brutal at mannen i periodar mista bevisstheita, og han fekk eit fire centimeter langt kutt i bakhovudet som seinare måtte syast.

Mennene skal også ha tømt brennbar væske over den fornærma, og trua med å tenne på ved å halde fram ein lighter.

Offeret skal etter torturen blitt køyrt tilbake og sleppt av utanfor sentrum. Han skal sjølv ha oppsøkt lege og politiet. Det var ikkje behov for sjukehusinnlegging.

– Saka er grov, og har fått store konsekvensar for min klient, seier bistandsadvokat May Britt Løvik.

Det er førebels uvisst korleis mennene stiller seg til tiltalen.

– Eg har sagt ja til saka og har fått tiltalen, men har førebels ikkje fått sett dokumenta eller snakka med klienten, seier advokat Stein Erik Ottesen, som forsvarar den eldste.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvararen til den yngste tiltalte.

Sløyfeband som vart brukt til å binde mannen.
Sløyfebandet som vart brukt til å binde fast mannen. Foto: Politiet

Oppsøkte lege og politi

– Ingen av dei sikta erkjenner straffskuld, men den eine har i noko grad erkjent dei faktiske forholda, seier Åsnes.

Strafferamma for grov kroppsskade er fengsel i ti år.

– Dei må bu seg på ei lengre fengselsstraff, seier Åsnes.

– Kva konkret er det som knyter dei til hendinga i lokalet?

– Det er fornærma si forklaring og vi har gjort åstadundersøking, og vi har bevis i form av elektroniske einingar som knyter dei til hendingane.

I etterkant av hendinga skal den eldste mannen også både oppsøkt og ringt offeret, sjølv om han hadde fått besøksforbod. Mannen er sidan 2005 domfelt ei rekkje gonger, mellom anna for tjuveri, ran, narkotika og vald.

May Britt Løvik
May Britt Løvik er hjelpeadvokaten til han som vart utsett for grov kroppsskade. Foto: Synne Sørenes

Gjekk mot politiet med kniv

I mars i år skal den eldste av mennene igjen ha kome i politiet sitt søkelys. Då politiet skulle pågripe mannen for innbrot i badstua «Lugaren» på verftet, skal han ha gått mot ein politibetjent medan han hogg med ein 40 centimeter lang kniv.

Då elektrosjokkvåpenet svikta på grunn av teknisk feil, måtte politiet trekkje pistol for å få kontroll på mannen.

Den omfattande tiltalen mot mannen inkluderer også fleire tilfelle av køyring i ruspåverka køyring og utan førarkort, samt tjuveri.

Badstove i Bergen utsett for innbrot og tjuveri
Mannen vart varetektsfengsla etter innbrotet i Lugaren i mars i år. Foto: Gaia Øpsen / NRK

Bunden fast på nachspiel

Mennene må møte i Hordaland tingrett i juni. Begge sit varetektsfengsla.

Den medtiltalte mannen er tidlegare dømd fleire gonger for vald, ran og brot på besøksforbod. Første dommen fekk han i 2014.

Ifølgje BA, som først omtala tiltalen mennene må svare for i juni, er han også sikta for fridomsrøving. Under eit nachspiel i før nyttår skal han ha bunde fast ein mann, og trua og pressa han for pengar.

Det skal ha gått over timar før offeret klarte å rømme.