Aursnes
KVIFOR LUGGAR DET? Det er spørsmålet mange stiller seg om Fredrik Aursnes. Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN/NFF

– Det er eit stort mysterium at han ikkje fungerer betre.

Det seier NRKs fotballekspert Andrine Hegerberg om landslagsspelar Fredrik Aursnes.

Hegerberg, og eit samla norsk ekspertkorps, jubla høgt da nyheita kom før VM om at Aursnes gjorde comeback på landslaget.

NRKs ekspertar slo det fast: Aursnes var «the missing link» som venstre indreløpar, ein posisjon landslagssjef Ståle Solbakken hadde brukt fleire ulike spelarar på gjennom VM-kvaliken.

Men tilbakekomsten har ikkje gått som spådd på førehand.

Aursnes, som no er kaptein for storklubben Benfica, mista plassen sin til Patrick Berg i VM og blei aldri den heilt store bidragsytaren til Noregs suksess.

Aursnes
TØFF KAMP: Det blei ein tung kveld på jobb for Aursnes mot Wales. Foto: Hannah McKay / REUTERS,NTB

Så langt er dette behaldninga i inneverande landslagssamling:

  • Aursnes spelte venstreback i første kamp mot Danmark
  • Han spelte høgreback i andre kamp mot Portugal
  • Mot Wales fekk han igjen sjansen som venstre indreløpar i ein midtbanetrio med Martin Ødegaard og Sander Berge. Blei bytt ut til pause etter ein svak prestasjon.

– Det er så synd

Hegerberg lèt seg overraske. Ho meiner Aursnes openbert er ein strålande fotballspelar, så kvifor fungerer han (foreløpig) ikkje på den norske midtbanen?

– Det er så synd for Noreg at han ikkje lykkast betre. På sitt beste hadde han gitt laget fleire strenger å spele på og avlasta våre største stjerner for det ansvaret dei har. Han har jo vore i kjempeform for klubblaget òg, så ingenting tilseier at det ikkje skal klaffe for Noreg. Han klarer ikkje sette sitt preg på Noreg slik han gjer for Benfica, meiner Hegerberg.

NRKs fotballekspert Andrine Hegerberg på tribunen i VM i fotball i USA
LURAR: Andrine Hegerberg skjønner ikkje kvifor Aursnes ikkje fungerer betre for Noreg. Foto: Egil Sande / NRK

Overfor TV 2 har Aursnes sjølv peika på ei mogleg forklaring. Kan det hende han, Sander Berge og Martin Ødegaard er for like?

– Ja, kanskje. Det er jo tre stykke som er relativt glade i å ha ballen, sa Aursnes til kanalen.

– Inga enkel forklaring

Andrine Hegerberg er inne på mykje av det same.

– Forklaringa ligg nok litt i at det er vanskeleg å finne balansen og kven som skal ha ballen mest, alle dei tre liker å ha han i beina. Dei blir kanskje litt for like, men samtidig har Patrick Berg klart å løyse den floken og sett sitt eige preg på rolla, så det er ikkje noka enkel forklaring på kvifor det ikkje fungerer betre, seier ho.

Aursnes
KLAR FOR KAMP: Aursnes og resten av det norske landslaget med siste økt på Estádio Do Dragão dagen før kampen mot Portugal. Foto: Lise Åserud / NTB

– Må inngå kompromiss med seg sjølv

Patrick Berg seier sjølv til NRK at han kjenner seg igjen i det Aursnes no opplever.

Han påpeikar at det kan ta tid å bli kjent med kvarandre i ein midtbanetrio og finne ut av korleis ting fungerer saman.

– Eg føler at eg har utvikla rolla mi med tanke på at eg ønsker at Martin og Sander også skal vere så gode som mogleg og få lov til å spele slik som dei ønsker. Ein må på ein måte inngå kompromiss med seg sjølv og korleis ein eigentleg tenker og ønsker å spele. Ein må sørge for at heilskapen blir så bra som mogleg, seier Berg til NRK.

Han legg til at måten han løyser rolla på er at han prioriterer å lage litt rom og strekk i motstandaren slik at Berge og Ødegaard får utfalde seg.

fotballspillere i kamp
MISTA PLASSEN: Fredrik Aursnes skulle ta VM med storm, i staden spelte han seg ut av laget. Foto: Cornelius Poppe / Cornelius Poppe / NTB

Landslagssjef Ståle Solbakken vektar sine ord med omhug, men har peika på manglande intensitet i spelet som noko Aursnes har mangla.

– Er det sånn at hans beste posisjon for deg er høgreback?

– Nei, det er for tidleg å seie. Fredrik spelte jo før VM ein pangkamp mot Sverige på Ullevaal og ein pangkamp mot Marokko, og så var han litt meir uheldig i dei par første kampane i VM, seier landslagssjefen.

Slår tilbake mot Norway Cup-kommentar: – Hadde ingen betenkeligheter

– Ikkje berre å knipse

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg meiner det er dette som er fascinerande med fotball. Du får ikkje nødvendigvis det utfallet du ønsker berre ved å starte med dei elleve antatt beste spelarane.

– Det er heilt tydeleg at Aursnes ikkje finn seg til rette i rolla ved sida av Berge og Ødegaard på midtbanen. Den rolla speler ikkje på hans beste ferdigheiter, og han får ikkje ut potensialet sitt der, meiner Løkberg.

– Men du og andre ekspertar var jo sikre på at han på eit vis var «the missing link» som venstre indreløpar. Kvifor har det ikkje fungert?

– Eg var overbegeistra då Aursnes melde comeback på landslaget, og så for meg at han ville tilpasse seg i større grad enn det han har gjort. Men han har spelt i ein heilt anna rolle i Benfica over lang tid, og det er ikkje berre å knipse med fingrane og gå inn på eit lag som har blitt nytt for han. Sjølv om du er god, er ikkje det alltid nok, seier Løkberg.

– Skuffande

– Om du må beskrive Aursnes sitt comeback på landslaget med eitt ord, kva vel du da?

– Skuffande. Det har vore skuffande ut frå forventningane vi hadde.

Andrine Hegerberg meiner det er grunn til å ha håp om betring.

– Eg synest ikkje vi skal avskrive den trioen heilt ennå, men Berg har gjort den plassen til sin. No er det opp til Aursnes å knekke koden og spele seg inn på den midtbanen igjen, seier NRK-eksperten.

Og ikkje tru at Ståle Solbakken har gitt opp å få Benfica-proffen til å klikke på den norske midtbanen.

– Det vil vere merkeleg å seie at ein så god fotballspelar ikkje kan spele med Schjelderup, Nusa og Haaland framfor seg, og saman med Sander og Martin. Det nektar eg å tru at ikkje er mogleg å få til, seier han på spørsmål fra VG.

  • Noregs bortekamp mot Portugal har avspark 20.45 søndag kveld. Den kan du sjå på TV 2 eller høyre på NRK Sport på radio.