Kapslar som auker NAD-verdiane i hjernen.
NEDTUR: Forskarane testa nikotinamid ribosid (NR) som er eit stoff som aukar nivået av NAD i kroppen. Behandlinga har ikkje positiv effekt for menneske med Parkinsons. Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Seks forskarar sit i eit møterom på Haukeland i Bergen. Stemninga er dårleg.

Hundrevis av menneske med Parkinsons sjukdom er i ferd med å logge seg på møtet digitalt. Dei har alle delteke i forskingsprosjektet Nopark dei siste åra.

Dei har alle eit håp om at dei har vore med i utviklinga av den første medisinen mot sjukdomen.

Men professor Charalampos «Haris» Tzoulis har ikkje den nyhenda som så mange hadde sett si lit til.

– Dessverre kan vi no slå fast at vi ikkje har ein medisin mot Parkinsons. Det er sjølvsagt veldig skuffande, seier forskingsleiaren.

Mennesker rundt et bord ser på en presentasjon.
Forskarteamet i Nopark konstaterer at NAD ikkje har verknad på Parkinsons. Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Parkinsons sjukdomIllustrasjon: King's College, LondonKronisk nevrologisk sjukdom som fører til at kroppen gradvis mistar evna til å bevege seg normalt.Symptom: langsame rørsler, skjelving, smerter, stive musklar, søvnproblem, treg mage og psykiske plager.Det finst medisin som kan lindre symptoma, men ingen kur mot sjukdommen. Dei fleste vil etter ei tid få behov for hjelp i dagleglivet.Sjukdommen utviklar seg ulikt frå person til person.11. april er Den internasjonale parkinsondagen – og fødselsdagen til den britiske legen som først skildra sjukdommen, James Parkinson, (1755- 1824)Kjelde: Helsenorge

Lang prosess

Det er no over fire år sidan NRK for første gong fortalde om forskingsprosjektet Nopark.

Då viste dei første fasen i forskinga at ved å tilføre stoffet NAD i hjernen kunne ein påverke viktige prosessar i hjernen som er knytt til Parkinsons sjukdom. Håpet var difor at behandlinga kunne bremse utviklinga av sjukdomen.

I dag er det ingen medisin som kan stanse eller bremse Parkinsons. Så lovande resultat har gitt eit etterlengta håp for mange.

Det vert forska på ein medisin mot Parkinsons mange stader i verda. Mange har hatt lovande resultat.

Lege i frakk som ser på en laptop
Tzoulis presenterte resultata for alle deltakarane i Nopark-studia. Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Men til no har over 70 forskingsprosjekt blitt stoppa. Dei færraste når fase-3 der Nopark no er.

Vi fortalde om framgangen då Nopark skulle inn i denne omfattande siste fasen, med fleire hundre pasientar frå 11 norske sjukehus.

Det er resultata frå denne som blir presenterte på møterommet på Haukeland denne ettermiddagen.

– NAD har ingen effekt på Parkinsons. Faktisk ser vi litt dårlegare resultat hjå dei som får middelet enn i kontrollgruppa, seier norsk-greske Tzoulis.

Ikkje forgjeves

Det har vore stor spaning knytta til forskninga hjå fagmiljø over heile verda.

Sjølv om resultata ikkje var slik alle hadde håpa er dei no publisert i eit av dei mest prestisjetunge medisinske tidsskrifta i verda.

Det er ikkje så enkelt for forskarane å forklare korleis dei første fasane kunne vere så positive, medan den store undersøkinga ikkje synte ein god effekt av NAD.

Ei forklaring kan vere at NAD har positiv effekt for ei lita undergruppe.

Men forskarane trur og at dei lovande funna i dei første mindre studiane var tilfeldige. Dei held seg i alle fall ikkje då behandlinga var testa i ei større studie.

Tzoulis seier at vi førebels ikkje veit så mykje om hjernesjukdomen som over 13.000 nordmenn lir av.

Det er mange undergrupper av sjukdomen, slik det er for kreft. Han seier dei vil freiste å sjå vidare på ulike bruksområde for NAD.

Plattform for ny forsking

På NeuroSysMed-senteret på Haukeland universitetssjukehus ser dei no framover.

Sjølv om verda framleis står utan ein kur mot sjukdomen i hjernen er dei trygge på at det omfattande forskingsarbeidet ikkje har vore forgjeves.

Professor i nevrologi og nevrogenetikk ved UiB, Charalampos (Haris) Tzoulis.
Charalampos Tzoulis er professor og overlege i nevrogenetikk ved Haukeland universitetssjukehus. Han er framleis optimist med tanke på å finne ein kur for Parkinsons. Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Med gjennomføringa av Nopark har vi vist at Noreg er i stand til å gjere store kliniske studiar. Dette gjer oss ein plattform for nytt forskingsarbeid, seier Tzoulis.

Det er berre fem land i verda som kan gjennomføre såkalla «plattform-studiar»

– Vi kjem ikkje til å gje oss. Vi har allereie fire nye behandlingar mot Parkinsons under utprøving.

Professoren og overlegen seier dei no er i gang med nye prosjekt allereie, i leiting etter ein revolusjon i Parkinsons-forskinga.

– Så det er håp. Eg vel å tru at det kjem til å komme eit gjennombrot i løpet av dei neste fem til ti åra. Ein kur, eller i alle fall ei bremsande behandling, seier Charalampos Tzoulis.