Allereie torsdag denne veka startar mange grunnskular opp etter sommarferien.
Men nokon må venta lenge på skulestarten.
Sara Tokheim, som har born på sju og elleve år i Ullensvang, er ein av dei som står midt i tidsklemma.
– Vi har ikkje heilt funne ut av kabalen enno. Så det er litt utfordrande, fortel ho.
I Bergen startar grunnskulen 14. august, medan Oslo, Trondheim, Tromsø og Stavanger alle startar måndag 17. august.
Men både oppstart, juleferie, vinterferie, og avslutning i skuleåret er veldig forskjellig det kommande skuleåret rundt om i Noreg.
Ifølgje Utdanningsdirektoratet er det opp til kommunane sjølve å bestemma skuleruta.
Fem stengde dagar før skulestart
I Ullensvang er det i tillegg lagt inn heile fem planleggingsdagar i forkant av skulestarten.
Det betyr at skule og SFO held stengt samstundes som foreldra må attende på jobb etter ferien.
– Eg tenker at det er for at lærarane skal få god tid å planlegga, så på sett og vis er det ein bra ting. Men det har litt store konsekvensar i andre enden for oss som må løysa den kabalen, seier Tokheim.
Tokheim skal sjølv på jobbtur til Oslo, og mannen er lærar på ein vidaregåande skule og skal ta imot elevar. Noko som gjer det umogleg å ta med ungane på jobb.
– Det blir på ein måte ei ekstra ferieveke der skulen og SFO er stengt når arbeidslivet er i gang igjen, og når mange andre skular allereie har starta.
Tokheim etterlyser betre samordning på tvers av kommunegrensene.
Anna Marie Kråkevik, kommunalsjef for oppvekst og utdanning i Ullensvang, seier til NRK at det er første gong dei legg alle planleggingsdagane i starten av skuleåret.
– Det er eit ynskje frå dei tilsette, seier ho.
Skuleruta er også behandla politisk i kommunen, etter ein høyringsrunde.
Stor variasjon i same fylke
På Leirvik skule på Stord, som ligg i same fylke som Ullensvang, tok rektor Kesia Palmer imot 43 spente førsteklassingar allereie torsdag 13. august.
– Første skuledag er ein stor dag. Det er ein dag vi heiser flagget og gler oss til å møta alle igjen, seier Palmer.
Også vinterferien råkar familiane i år ulikt. I Vestland fører dette til at vinterferien spreier seg over tre heile veker: Stord har ferie i veke 7, Sunnfjord i veke 8 og Bergen i veke 9.
Rektor Palmer på Leirvik skule har måtta førebu dei tilsette på den tidlege ferien.
– Eg blei plutseleg veldig obs på at vinterferieveka er skunda fram to veker. Den har alltid vore i veke 9, seier Palmer.
Fylkeskommunen vil ha slutt på spriket
For fylkeskommunen skapar dei mange skulerutene i same fylke store utfordringar. Deira vidaregåande skular skal følgja vertskommunen si skulerute som utgangspunkt.
Spesielt no når vinterferien har spreidd seg utover tre veker. Vinterferie på skulane betyr også at mange andre tek ferie.
Resultatet blir då tre ineffektive veker, ifølgje Bjørn Lyngedal, direktør for kompetanse og opplæring i Vestland fylkeskommune.
– Om vi ønskjer å samarbeida med etatar på tvers av kommunane, og ein har ulike ferieperiodar, så er det ofte vanskeleg å få tak i folk, seier han.
Han meiner tida er inne for å rydda opp.
– Eg ser ikkje nokre veldig gode grunnar til at vi skal ha så ulike skuleruter, seier Lyngedal.
Fylkeskommunen ber no kommunane om å samarbeida betre.
Målet er å få på plass ei meir samordna skulerute frå og med skuleåret 2027/2028.