Det er i dag totalt 44 flyruter i Noreg som er definerte som FOT-ruter.
FØRDE LUFTHAMN: Regjeringa får høyre det frå sine eigne etter at distrikta er tatt ved nasen i ein serie symboltunge omdreiingar dei siste vekene. Bak det ulmande opprøret ligg mellom anna regjeringa sitt nye forslag til statssubsidierte flyruter. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Etter valnederlaget i 2017 konkluderte «havarikommisjonen» med at distriktsprofilen til Arbeidarpartiet blei vanskjøtta.

No spør fleire om Ap kan vere i ferd med å gjenta feilen.

NRK har snakka med fleire lokale Ap-toppar som spør seg om «Oslo-dominansen» i leiinga gjer at partiet har mista fingerspisskjensla med kva som bevegar seg på andre sida av vasskiljet.

Bakgrunnen er ein serie vonbrot dei siste to vekene:

  • Redusert flytilbod
  • Innhogg i konsesjonskrafta til kommunane
  • Nei til Stad skipstunnel

– Som ein togkrasj i sakte film

– Regjeringa sparkar beina under oss, seier Vik-ordførar Roy-Egil Stadheim (Ap).

Bakgrunnen er at regjeringa «heilt ut av det blå» strammar inn på kommunen sin moglegheit til å bruke konsesjonskraft slik dei sjølv vil.

Allereie før jul gjorde same ordførar eit poeng av at «ferje-tabben» kunne vore unngått om regjeringa hadde hatt fleire vestlendingar på dekk.

Resonnementet er som følger: Utan den kroppslege erfaringa med kva det vil seie å vere avhengig av ferje, blir prioriteringane deretter.

I eit intervju med Firda seier stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide (Ap), at han er «overraska og forbanna» over kva som skjer på vakta til partikameratane.

Han samanliknar det siste fly-kuttet med ein «togkrasj i sakte film».

Han legg til at han har prøvd å ta opp kampen med lokomotivførarane rundt Kongens bord, men utan å nå fram.

Torbjørn Vereide, Kamzy Gunaratnam og Jonas Gahr Støre
Torbjørn Vereide (Ap) samanliknar det siste fly-kutta med eit «togkrasj i sakte film». Her saman med partikameratane Kamzy Gunaratnam og Jonas Gahr Støre. Foto: Terje Pedersen / NTB

Ope brev til regjeringa om å justere kursen

– Det kan sjå ut som om regjeringa i avgrensa grad tek inn over seg samanhengen mellom verdiskaping, kompetanse og tryggleik langs kysten, seier Judith Kvåle (Ap), som er ordførar i Stad kommune.

Ho er «svært skuffa» over den siste tunnel-omdreiinga og viser til at Stadhavet er arbeidsplassen til om lag 30.000 sjøfolk.

– Risikoen dei tek er godt dokumentert.

I Sunnfjord har dei lokale Ap-toppane sendt ope brev til regjeringa med «sterk oppmoding» om å justere kursen:

«I ein region utan jernbane, med krevjande vegstandard og avgrensa kollektivtilbod, er flyruta til Oslo ikkje eit luksustilbod, men ein heilt nødvendig del av infrastrukturen», skriv dei.

Judith Kvåle
Alarmen om at partiet har utvikla ei geografisk blindsone har gått i fleire lokallag. På biletet: Judith Kvåle (Ap), som er ordførar i Stad kommune. Foto: Stad kommune

– Bruker ein formue på å subsidiere togpendlarar på Austlandet

Ideen om at vestlendingane kjem til kort har røter i ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk som har definert kyst- og fjordkulturen i fleire hundre år, og kom sist til overflata da eit «Vestlandsopprør» spreidde seg langs kysten for tre år sidan.

Sentralt i forteljinga om den geografiske blindsona er at økonomiske formlar for «samfunnsnytte» gir for høg skår til små reisetidsgevinstar, og at dei ikkje fangar opp at pengar til rassikring, fly og bruer er av eksistensiell betydning langs kysten.

Andre ironiserer over at «Oslo-tunnelen» – til 67 milliardar kroner – er døypt om til «Rikstunnelen», som for å dekke over kor i landet pengane faktisk blir brukt.

– Vi bruker ein formue på å subsidiere relativt få togpendlarar på Austlandet. På motsett side av fjellet ber dei berre om at det skal vere mogleg å komme seg til eit møte i Bergen eller Oslo, skriv Mathias Fischer i tankesmia Initiativ Vest.

Han legg til:

– Ikkje fire avgangar i timen, ikkje to eingong. Berre akkurat nok avgangar til at ein kan fly inn til hovudstaden for å forklare politikarane korleis liva blir levde her ute.

en stor steinbygning omgitt av trær
Fleire langs kysten ironiserer over at samferdselsminister og østfolding Jon-Ivar Nygård vil bruke 20 milliardar på å kutte reisetida mellom Råde-Fredrikstad med tre minutt – til prisen av tre skipstunnelar. Foto: Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta / NTB

Berre 4 av 69 er frå Vestland

Ei oppteljing i Bergensavisen viser at berre fire av 69 statsrådar og statssekretærar i Støre-regjeringa er frå Vestland fylke.

Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) er likevel fast i trua, og lever etter mottoet: «Den ein elskar, tuktar ein».

– Det er ikkje første gong at du er sinna på Ap-leiinga i Oslo. Har du vurdert partimedlemskapen din?

– Å nei, dei gjer utruleg mykje bra òg. Men eg er typen som seier frå når det er nødvendig. Og det er denne gongen òg, dessverre.

– Dette ikkje er bra.