Dagen etter at Høgsterett slo fast at staten sitt ja til sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig, er det business as usual hos gruveselskapet i Vevring.
Frå Engebøfjellet utvinnast rutil og granat, medan restavfallet endar opp på botnen av Førdefjorden via eit langt rør.
Sjølv om Høgsterett har erklært at vedtaket om sjødeponi er ugyldig, er det ingen teikn til at gruvearbeidarane tek ein pust i bakken.
Tvert imot.
– Det er rett at desse tillatingane er kjende ugyldige, men det er ingen automatikk i at prosjektet difor skal stanse, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til NRK.
Inntil vidare kan derfor gruveselskapet fortsetje som før, med regjeringa si velsigning.
Det får fleire ekspertar på forvaltningsrett til å sjå raudt.
– Ein juridisk nullitet
Ekspertane er krystallklare på at gruveselskapet opererer i eit rettsleg vakuum etter dommen i Høgsterett, og at vidare utslepp er ulovleg.
– I dette tilfellet meiner eg at staten har plikt til umiddelbart å pålegge stans av verksemda, seier Hans Petter Graver, professor i rettsvitskap ved UiO.
Han får støtte frå Nicolai Winge, som er ekspert på forvaltningsrett og miljørett:
– Høgsterett har oppheva tillatinga til deponering. Det betyr at tillatinga er ein nullitet. Dei kan ikkje deponere no, for det vil vere ulovlege utslepp som staten må forfølge.
Jurist Tine Larsen, som har følgd forvaltningspraksisen rundt vassdirektivet tett, meiner at saka er opplagt:
– No har miljøorganisasjonane vunne fram. Då er det vanskeleg å sjå at selskapet kan fortsetje med ytterlegare utslepp utan gyldig tillating.
Skilnaden på Fosen og Førdefjorden
Saka speglar Fosen-konflikten på eitt sentralt punkt: Utbyggjarane har handla i god tru og investert fleire milliardar kroner.
Når Høgsterett kastar godkjenninga i papirkorga, står derfor regjeringa att med svarteper:
Eit milliardprosjekt utan lovleg fundament, og eit potensielt erstatningssøksmål frå utbyggarane.
Men her stoppar også parallellen mellom dei to sakene, meiner juristane.
– Fosen-saka handla om kva som i det heile var lovleg, medan Førdefjorden handlar om kva slag omsyn staten kan leggje vekt på, og kor grundig dei må grunngje vedtaket sitt, seier advokat Marius R. Gulbranson, som har skrive om maktfordelinga mellom domstolane og politikken.
– Gruveselskapet som må ta rekninga
Gulbranson meiner forureiningsloven skjerper kravet om at staten må handle raskt.
– Om staten bruker unødig lang tid, vil det kunne undergrave autoriteten til både domstolane og lova, fordi forvaltninga då framstår som om dei har eit avslappa forhold til ulovlegheiter.
Dersom drifta blir stansa, oppstår spørsmålet om kven som skal ta rekninga. Nicolai Winge meiner ansvaret ligg hos selskapet sjølv.
– Utgangspunktet er at det er tiltakshavar som ber kostnadene ved at dei ikkje har dei rette tillatingane på plass. Selskapet kan saksøke staten for feil rettsanvending, men det skal svært mykje til for at staten skal vere ansvarleg for dette, seier han.
Gruveselskapet Nordic Mining har ikkje svara på NRK sine førespurnader.
Frå arbeidsplassar til global storpolitikk
I dommen går Høgsterett langt i å seie at regjeringa må slutte å argumentere med lokale arbeidsplassar dersom dei skal klare å stable ei ny, gyldig tillating på beina. I staden må dei løfte blikket mot global storpolitikk og forsyningssikkerheit.
– No er det opp til staten å finne ei løysing, seier regionleiar i NHO Vestland, Sondre Olsen.
Han legg vekt på at det er strategiske årsaker som gjer Engebøprosjektet så viktig.
– I åra framover treng vi meir mineralutvinning i Noreg og Europa. Det er svært sårbart at vi i dag er heilt avhengige av Kina for å byggje dei teknologiske løysingane vi omgir oss med, anten det er bilar, mobilar eller anna heilt vanleg infrastruktur.
Rettsstaten under press
I likskap med Fosen-saka rører sjødeponi-saka ved det heilt grunnleggjande forholdet mellom den utøvande makt (regjeringa) og den dømmande makt (domstolane).
Hans Petter Graver meiner fortsettinga blir ein lakmustest for den norske rettsstaten, og viser til korleis staten trenerte Fosen-dommen i meir enn 500 dagar.
Den gongen gjekk Dommerforeningen til det uvanlege skrittet å sende brev til statsministeren og stortingspresidenten for å be dei respektere Høgsterett.
– Sjølv om staten ikkje braut nokon forplikting då dei brukte så lang tid på Fosen, var det uheldig for tilliten til rettsvesenet, seier han.
Han legg til:
– Om staten no vegrar seg på nytt, vil dette inntrykket bli forsterka. Rettsstaten blir undergraven av at staten ikkje innrettar seg lojalt etter rettsavgjerder som går den imot.