– Dette er ei krise me har varsla lenge om. Fleire krematorium har blitt lagt ned dei siste åra, og kapasiteten er sprengt på dei me har, seier leiar i yrkesseksjon kyrkje, kultur og oppvekst i Fagforbundet, Marianne Bratsveen.
Mange at dei som jobbar på norske krematorium er organiserte gjennom Fagforbundet.
Dei opplever at kister står i kø, endra arbeidstider og uro for korleis dei skal løysa arbeidskvardagen sin, ifølge forbundet.
– Det er krise. Det er heilt klart, seier ansvarleg redaktør i bransjenettstaden Grav24, Alf Bergin.
Grav24 er blant dei som tettast følgjer gravferdssektoren i Noreg.
Redaktør Bergin har god oversikt over pågangen til dei 25 norske krematoria.
– Store krematorium som Oslo, Bergen og Stavanger er på randa av krise. Dersom det skjer noko uføresett, som ein driftsstans, vil det ha store følgjer for kremasjonskapasiteten i Noreg.
Dobla kostnader til båretransport
Stadig fleire vel kremasjon framfor tradisjonell kistegrav her til lands.
I 2025 var det ein nasjonal kremasjonsdel på 53,4 prosent, viser fersk statistikk.
Pågangen gjer at kapasiteten er sprengt eller nær kapasitetsgrensa ved fleire norske krematorium, viser ei kartlegging NRK har gjort.
Ein rapport frå Hovudorganisasjonen KA konkluderer også med ein «ganske alvorleg situasjon» for fleire fylke.
Men i intervju med NRK avviser Barne- og familiedepartementet, som er dei ansvarlege for feltet, at me står overfor ei kremasjonskrise.
– Me har tilstrekkeleg med kapasitet i dag. Frå vår side er me opptatt av å bidra med å utvikla regelverket og sørga for at kremasjons- og gravferdsområdet blir organisert best mogleg, sa statssekretær Helge Flø Kvamsås (Ap i intervjuet.
Alle kister blir kremerte innan fristen, og det er opp til kommunane og utvida kapasiteten, ifølge departementet.
Grav24-redaktøren meiner den kraftige veksten i utgifter til båretransport illustrerer kremasjonskrisa godt.
Når eit krematorium ikkje har kapasitet, blir kista gjerne sendt til nærmaste krematorium.
Det kan fort vera snakk om lange avstandar.
Kostnadane til båretransport er nesten dobla på tre år, frå 217 millionar kroner i 2022 til 402 millionar i 2025, ifølge Grav24.
Det er staten som tar rekninga.
Ifølge redaktøren kan auken ikkje forklarast med prisvekst åleine, men peika mot ein tydeleg strukturell endring i korleis avdøde blir transporterte i Noreg.
Tidlegare statsråd: – Oppsiktsvekkande svar
Også Senterpartiet reagerer kraftig på at regjeringa sin representant avviser at landet står overfor ei kremasjonskrise.
– Det er oppsiktsvekkande at dei svarer slik. Eg hadde tenkt at dei jobbar på spreng i departementet for å få på plass ein plan for korleis ein kan klara å bygga og driva fleire krematorium, eller auka kapasiteten i framtida, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp)
Toppe er tidlegare barne- og familieminister, med ansvar for blant anna kremasjonsfeltet.
– Me har rapportar som klart viser at mange plassar er kapasiteten nærast sprengt alt i dag. Og fram mot 2050 vil det vera eit mykje større behov enn det kapasiteten er i dag.
Senterpartiet har nyleg fremja eit representantforslag i Stortinget om eit gratis og likeverdig kremasjonstilbod i landet vårt.
Det går på at Stortinget skal be regjeringa sørga for ei auke i krematorium- og kjøleromskapasiteten i Noreg.
Sp ber om at det blir lagt fram ein plan for dette for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2027.
– Fleire påpeikar at dette er ei varsla krise langt tilbake i tid. Kvifor gjorde du ikkje meir då du var ansvarleg statsråd, Toppe?
– Det var ikkje gjort noko på mange år før eg kom inn heller. Men eg begynte i alle fall på arbeidet, og sette i gang ei kartlegging som Hovudorganisasjonen KA gjorde. Eg var interessert i å få orden på dette. Nå håpar eg arbeidet ikkje blir lagt bort.
Fagforbundet åtvarar mot privatisering
Sp ønsker også å lovfesta at krematorium berre skal vera eigde og drive at det offentlege.
Sidan august 2024 har fire private aktørar søkt om å starta ti krematorium i ni kommunar, men alle har fått avslag.
– Me veit at mange ser på Noreg som ein attraktiv marknad. Det er utanlandske firma som alt har vore på mange kommunar med ønske om å driva krematorium. Det må me hindra. Dette må vera eit offentleg ansvar, meiner Toppe.
Fagforbundet åtvarar også mot å opna for private krematorium.
– Ei kommersialisering vil berre auka forskjellen på kven som har mogelegheita til å velja kremasjon for sine avdøde. I dag er det ikkje alle kommunar som dekker kremasjonsavgifta for innbyggarane, påpeikar Bratsveen i Fagforbundet.
Prisen for kremasjon varierer frå 2.500 til over 10.000 kroner per kremasjon.
– Fleire kommunar bør heller samarbeida om å få på plass krematorium etter ein fornuftig struktur, slik at det framleis er ei offentleg velferdsteneste, meiner Bratsveen.
Høgre er dei som har markert tydelegast støtte for å opna for private krematorium, men førebels er det ikkje fleirtal for dette blant partia på Stortinget.