Medan det norske herrelandslaget i fotball gjer sine siste førebuingar før opningskampen mot Irak i fotball-VM, riggast det til noko ganske annleis utanfor Det kvite hus.
I år feirar USA 250 år som sjølvstendig nasjon og den 14. juni skal fleire av verdas besteUFC-utøvarar i aksjon på ein arena som blir sett opp på sørsida av det ikoniske bygget.
Datoen er USAs flaggdag og er også bursdagen til president Donald Trump.
Det er venta 4300 tilskodarar i arenaen og opp til 100 000 tilskodarar som skal følgje arrangementet på storskjermar i Ellipse Park i nærleiken.
Stjerner som Adam Sandler, Dwayne «The Rock» Johnson og Jared Leto er blant dei som har vore invitert, men trioen har alle takka nei.
Fleire i UFC-miljøet har uttalt seg kritisk til arrangementet, men UFC-sjefen Dana White meiner hendinga har eit anna stort problem: Insekt.
– Mengda med knott som flaug rundt ... Eg tenkte berre «fy f**n». Så fort eg kom meg på flyet, ringte eg produksjonssjefen min. Tenk på det sjuke lysanlegget og «The Claw» som vi skal rigge opp. Det kjem til å tiltrekke seg mengder med møll, knott og Gud veit kva, seier UFC-sjefen.
Han fortset:
– Sjå for deg at du prøver å slåst, og så får du det inn i munnen og nesa.
Han seier vidare at dei vurderar å sette inn gigantiske vifter i håp om å unngå insekt-invasjon.
Kan få problem
NRK har lagt fram Whites skrekkscenario for Mari Steinert, avdelingsdirektør for skadedyr hos Folkehelseinstituttet (FHI). Ho har ein klar mistanke om kva slags flygande plageånd som herjar utanfor Det kvite hus i juni.
– Fjørmygg kan vere problemet. Dei blir tiltrekte av lyskastarar, seier Steinert til NRK.
Viss Dana White har skikkeleg uflaks med timinga, kan bursdagsfesten til Trump bli ein ekstremt luftig og ubehageleg oppleving.
– Fjørmygg er ein art som kan oppstå lokalt i store mengder, og lufta kan bli heilt tjukk. Då kan det bli plagsamt å puste inn, og ein kan få det i auga og øyra, forklarar skadedyr-eksperten.Les også Selma (25) fann styrke etter tredje operasjon – gir ikkje opp draumen
Ho legg til at dette er problem som er sterkt knytt til sesong, og at det kan variere veldig frå år til år. Sjølve sverminga varar vanlegvis i ein til to veker.
Sjølv om lufta risikerer å bli tjukk av mygg, har Steinert òg nokre roande ord til dei som fryktar at kampsportstjernene skal kvele kvarandre med munnen full av insekt. Tettleiken treng nemleg ikkje å vere like stor akkurat i det kampen startar.
Støttar Whites grep
I tillegg kan det vise seg at Dana Whites løysing faktisk har noko for seg:
– Vind er nok ikkje så dumt tiltak. Då navigerer dei ikkje så godt, og dei vil komme seg bort frå vinden. Dei liker ikkje å vere ute i vinden, seier Steinert.
Skulle viftene svikte, er det uansett ingen grunn til å ringe Det kvite hus' medisinske team. Plaga kan rett nok råke både utøvarar og kjendisane på første rad, men det er heldigvis heilt ufarleg:
– Eventuell førekomst av fjørmygg kan kanskje også bli plagsamt for publikum, men dei stikker ikkje og kan ikkje overføre sjukdom, så det er sånn sett ikkje eit helseproblem, seier Steinert.
– Minner om romerske keisarar
NRKs kampsportekspert Anders Werner Øfsti meiner det heile gir assosiasjonar til Romerriket.
– Det minner litt om romerske keisarar som bygger ein arena eller Colosseum der ein har sirkus for folket, og det er eit ganske blodig sirkus også. Det kan minne litt om det, meiner han. Les også Terrorekspert om fotball-VM: – Fristende mål
Han er ikkje den einaste som reagerer. Også innanfor UFC-miljøet skal det ha murra. Kampsport-profil og podkastvert Joe Rogan har gått hardt ut mot konseptet med ein utandørs tittelkamp i den brutale Washington-varmen i juni.
– Dette er ein rein «gimmick». Eg skjønner at det er Trumps 80-årsdag, og eg skjønner det visuelle bilete av å ha buret framfor Det kvite hus. Det ser kult ut på TV. Men som ein som bryr seg om sporten, er dette eit mareritt, sa Rogan nyleg i podkasten The Joe Rogan Experience.
Han meiner det er uforsvarleg overfor utøvarane, som risikerer farleg dehydrering berre for å glede ein feirande president.
At det omtalast som ein «gimmick», verkar Trump å leve godt med.
– Livet er ein gimmick, viss du tenker over det, ikkje sant? Men det er ein god gimmick, uttalte presidenten nyleg til Time Magazine ifølgje The Washington Post.
Arrangementet finn stad 14. juni.
Arenaen kan bli ståande
I veka før arrangementet tok president Trump til TikTok og opna for at UFC-arenaen kan bli ein permanent attraksjon utanfor Det kvite hus.
– Vi bygger noko framfor Det kvite hus som mange synest er svært attraktivt. Eg ser på det og tenker at vi kanskje aldri kjem til å ta det ned, seier presidenten.
Trump samanliknar arenaen med Eiffeltårnet – som i 1889 blei fullført for å markere at det var 100 år sidan den franske revolusjonen.
– Mange veit ikkje at det eigentleg skulle rivast med det same etter verdsutstillinga. Dei sa: «Vi liker det ganske godt, la oss la det stå litt lenger». Så sa dei: «La oss la det stå enda litt lenger», og til slutt blei det aldri teke ned, seier Trump.