Anne Hathaway med mørkt hår og smykker, iført svarte hansker. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
STRAM I MASKA: Mange på internett reagerer på botox-bruken til skodespelarar. Foto: Carlos Barria / REUTERS,NTB

Den 17. juli er det verdspremiere på storfilmen «The Odyssey» av Christopher Nolan.

Allereie før filmen har nådd lerreta, kokar det i sosiale medium. Grunnen er ansiktet til hovudrolleinnehavar Anne Hathaway.

sammenligning av Anne Hathaway før og nå
Fleire samanliknar bilde frå 2026 med biletet frå 2010, og meiner ho har mista mykje av den karakteristiske mimikken. Foto: Skjermbilde

Brukarar reagerer kraftig på at ansikt til skodespelaren ser for stivt ut til å passe inn i eit historisk drama. «Det ser heilt frose ut», skriv ein brukar på X.

Det er også denne trenden som får den norske skodespelarveteranen Anne Marit Jacobsen (79) til å reagere med avsky.

– Ingen gidd å sjå på eit tryne som er heilt dødt. Ein må godta den krakeleringa som kjem. Det viser jo berre at du har levd, slår Jacobsen fast.

Ho er sterkt engasjert i det ho meiner er ei uheldig utvikling i bransjen.

Jacobsen fryktar at jakta på glatt hud øydelegg sjølve grunnlaget for skodespelaryrket og menneskeleg kommunikasjon.

– Heile ansiktet vårt består av hundretusenvis av knøttsmå musklar som er kopla rett til hjernen. Kvar einaste følelse kjem fram i ansiktet.

Ho synest det er direkte vondt å sjå på ansiktet som har mista mimikken sin.

– Kven bli forelska i eit ansikt som er heilt dødt?

– Det er nesten som om ein gjer seg sjølv til eit KI-konstruert menneske.

Hardt for kvinnene

Kollega og skodespelar Kari-Ann Grønsund (75), kjent frå blant anna «Lillys butikk», stiller seg bak kritikken frå Jacobsen.

– Du øydelegg for deg sjølv, du øydelegg uttrykket ditt. Mimikken blir totalt øydelagt, åtvarar Grønsund.

Kari-Ann Grønsund holder en gullfarget paraply mens hun er ute i regnvær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kari-Ann Grønsund meiner også at ein skal halde seg unna Botox, i alle fall som skodespelar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Dei meiner presset er enormt for å forlenge karrieren ved å sjå ung ut.

Grønsund meiner det rammar kvinnelege skodespelarar uforholdsmessig hardt, og ho trur dette er grunnen til at mange vel å bruke botox.

– Gutane kan sjå litt hardbarka, mandige og grove ut i trekka. Mens vi kvinner, vi skal liksom vere feminine og sjå glatte og pene ut heile tida.

NRK1 mandag 28. august
Lillys
butikk (1:56)
Lilly (Kari-Ann Grønsund) vil åpne butikk på Grünerløkka hvor
hun vokste opp.
(NRK-foto: Barbara
Halden).
NRK1 mandag 28. august
Lillysbutikk (1:56)
Lilly (Kari-Ann Grønsund) vil åpne butikk på Grünerløkka hvorhun vokste opp.
(NRK-foto: BarbaraHalden).

Grønsund er spesielt kjent frå «Lillys butikk».

– Veldig mange kvinnelege skodespelarar har øydelagt ansikta sine i forsøket på å forynge seg, fortel ho.

Både Jacobsen og Grønsund oppfordrar stjernene til heller å omfamne alderen.

Ho trekkjer fram Meryl Streep og Judi Dench som forbilde som tør å la ansiktet fortelje ei historie.

Jacobsen er no aktuell med ei framsyning som handlar om perspektiv på livet, og då snakkar ho om nettopp dette.

– Når ein sprøyter inn gift, forsvinn alt som betyr noko for den kontakten. Det er som å bli ein zombie eller eit dødt menneske.

Gjer det for å føle seg vel

Karim Sayed er lege og medeigar i Nomi Oslo, med spesialitet på botox-behandling.

– Mange veit ikkje at botox er eit reseptbelagt legemiddel.

Doktor Karin Sayed snakker til NRK på en av oprasjonsrommene i klinikken "Nomi"
Karim Sayed er spesialist på Botox. Foto: Tuva Marie Sørum / NRK

– Ein trur gjerne at dei som tar behandlingar berre er opptekne av utsjånaden sin, men det handlar oftare om å føle seg vel i kvardagen og få betre sjølvtillit i sosiale situasjonar, seier Sayed.

Han behandlar sjølv ei rekkje skodespelarar i Noreg.

Han meiner det er ein hårfin balansegang framfor kamera.

– I skodespelaryrket er ein jo aktuell mykje lenger viss ein held seg godt. Samtidig kan ein ikkje ta bort bevegelsen som gjer at du kan vise uttrykka dine. Blir det gjort feil eller for mykje, kan ein sjå nesten mimikklaus ut.

Når ein skodespelar set seg i behandlingsstolen hos Sayed, blir det derfor gjort med ein litt annan strategi enn hos vanlege pasientar.

– Ein bruker lågare dosar for å behalde meir bevegelse, men likevel nok til at det har effekt.

– Det er å finne den balansegangen. Du må forstå anatomi, det er mange små musklar som du må forhalde deg til, forklarer legen.

Karim Sayed viser frem botoxfoto: Daniil Thorkild Ryvænge
Karim Sayed viser frem botoxfoto: Daniil Thorkild Ryvænge

For å unngå å møte opp på filmsettet og få dei same reaksjonane som Anne Hathaway no opplever, krevst det i tillegg ekstremt nøyaktig kalenderplanlegging av stjernene.

– Det tar to til tre dagar før du begynner å merke effekten. Så har du makseffekt etter cirka to veker, før han gradvis avtar.

– Det er vanleg blant skodespelarar at ein timar behandlinga slik at ein slepp å ha makseffekt akkurat når ein skal spele inn noko viktig.