En gutt med mørkt hår og hvit genser og ei jente med lyst hår og svart genser sitter ved siden av hverandre på ved en pult i et klasserom med flere elever bak seg.
Elevane ved Østbyen skule i Bodø får tilbod om å følge gravferda til kong Harald frå klasserommet, men det er valfritt. Foto: Alexander Kjønsø Karlsen / NRK

Skulane i Noreg markerer gravferda til kong Harald. Gravferdsdagen er ikkje ein offisiell fridag, og Utdanningsdirektoratet råder skulane til å halde ope.

Men det er opp til kvar enkelt skule og kommune korleis dei markerer dagen.

Julia Bjørgeengen Monguzzi og Seth Hunter Arcangeles i sjette klasse ved Østbyen skule i Bodø følger gravferda saman med klassen sin frå klasserommet.

Dei har blitt brukt etter dødsfallet til å snakke om kongen og skrive dikt.

Julia Bjørgeengen og Seth Hunter Arcangeles i sjette klasse
Dei fleste elevane i klassen til Julia og Seth har skrive dikt for å førebu seg på den kongelege gravferda. Foto: Alexander Kjønsø Karlsen / NRK

– Kong Harald, du var veldig snill, og du hadde eit godt hjarte. Du var rettferdig og lét alle elske alle. Vi var og er veldig glade i deg. Kong Haakon, eg håpar at du blir like snill og rettferdig som kong Harald, les Julia høgt frå diktet sitt.

Sjølv om ho ikkje kjende kongen personleg, synest ho han verka som ein skikkeleg snill og morosam type. Også Seth har skrive eit dikt for å hylle den avdøde monarken:

– Tusen takk, kong Harald. Du var respektfull, snill og rettferdig. Tusen takk, kong Harald, og lukke til, kong Haakon.

Viser sendinga i klasserommet

Fleire skuler i landet vel å vise TV-sendinga frå bisettinga på storskjerm eller leggje til rette for eigne opplegg i klasseromma. Sendinga startar kl. 12.00 og varer til om lag kl. 14.40.

I klassen til Julia og Seth ser nesten alle sendinga samen i klasserommet. Men skulen har også opna for at elevar kan dra heim for å sjå sendinga heime.

Lærar Margrethe Vinje på sjette trinn ved Østbyen skole
Lærar Margrethe Vinje på sjette trinn ved Østbyen fortel at dei har laga eit hefte om den kongelege gravferda som elevane kan jobbe med. Foto: Alexander Kjønsø Karlsen / NRK

For lærar Margrethe Vinje på sjette trinn er det viktig at skulen tek seg tid til å markere hendinga og formidle historia til elevane.

– Som elevane har sagt, så er dette ei historisk hending. Det er kongen vår, og eg synest det er viktig å skrive seg inn i minnebøkene, fortel ho.

Elevane har også den siste tida snakka ope om døden og kva som faktisk skjer under gravferda.

Julia Bjørgeengen og Seth Hunter Arcangeles i sjette klasse ved Østbyen skole.
Elevane i Bodø har snakka mykje om korleis gravferda skal skje og korleis han er annleis enn Foto: Alexander Kjønsø Karlsen / NRK

Julia fortel at ho mellom anna har lært at kongen ikkje skal gravast ned i jorda, men leggjast i ein sarkofag i Akershus slottskapell.

Sidan Østbyen er ein internasjonal skule, påpeikar Vinje at det er ekstra viktig å vise korleis ein praktiserer ei slik statleg gravferd i Noreg, då dette er ukjent for fleire av elevane.

Gravferda blir også vist i fleire kyrkjer og kommunale bygg i Noreg. Her kan du sjå kva ho blir vist nærast deg:

Eitt minutts stille i skuledagen

Heile landet markerer gravferda med eitt minutts stille. Det gjer dei òg på Østbyen skule i Bodø.

Tre klokkeslag vil lyde like før kl. 13.00, etterfølgt av eitt minutt stille som blir avslutta kl. 13.01.

Sjølv om skuledagen blir prega av gravferda, følgjer skulen Bodø kommune sine retningslinjer, som seier at elevane sjølve kan velje om dei vil sjå TV-sendinga.

Flere elever sitter ved pultene sine i et klasserom og ser mot en skjerm som viser et bilde av kong Harald
Elevane ved Østbyen skule i Bodø er oppmoda til å følge gravferda i klasserommet, men det er valfritt. Foto: Alexander Kjønsø Karlsen / NRK

– Vi oppmodar sjølvsagt elevane til å delta, men vi har respekt for at dei kan ha lyst til å gjere ein annan type aktivitet, fortel lærar Vinje på Østbyen skule.

Skulen har laga eit eige hefte om kongehuset med det som har vore og det som kjem. Alle elevane jobbar med dette, men dei som ikkje vil sjå gravferda på TV kan velje å berre halde på med det.

Skuledagen vart sett på pause for historia

På Rygge ungdomsskule i Østfold vart skulekvardagen sett på pause for å la elevane ta del i den nasjonale sorgmarkeringa. For lærar Samuel Nybråten var det eit naturleg val å la elevane følgje gravferda tett.

– Vi snakkar ofte om at samfunnsfag er dagsaktuelt, og det finst kanskje ikkje noko meir dagsaktuelt enn dette. Elevane får sjå noko som er historisk, og dei får lov til å vere med på det, fortel læraren.

En person med skjegg og briller står i et rom med flere personer i bakgrunnen
Lærar Samuel Nybråten meiner gravferda absolutt er pensum. Foto: Elina Louise Karlsen Storheil / NRK

Han understrekar kor viktig det er at dei unge får kjenne på fellesskapet i ei slik stund.

– Det er viktig at vi som klasse, skule og framtidige samfunnsborgarar får ta del i noko så stort. Eg trur dette tyder mykje for dei. Det er noko dei kjem til å sjå tilbake på som noko stort og som dei neppe kjem til å gløyme, seier han.

Øvd på Kongesongen

I forkant av gravferda har klassen førebudd seg godt. Elevane har blant anna øvd på Kongesongen, og dei har brukt tid på å sjå på kong Harald sine mange talar og gjerningar gjennom ei lang regjeringstid.

Elev Johannes Storhaug Pettersen i klasse 9B fortel at det var spesielt å følgje sendinga.

– Det er veldig fint, og det er litt rart. Det er jo eigentleg ganske trist, og det er ikkje alle som får vere med på noko slikt når dei er så unge, seier han.

For Johannes gjev det likevel meining å markere dagen saman med medelevane sine.

– Det er leit at han er død, men det er hyggeleg å vite at han er på ein betre stad. Dette er ein del av samspelet i samfunnet, så det er viktig for oss å lære om, reflekterer han.

Midt i sorga over kong Harald sitt bortgang, vert blikket òg retta framover mot Noregs nye monark, kong Haakon.

Johannes har trua på framtida for kongehuset.

– Eg tenkjer han kjem til å bli ein god konge. Eg tippar han kjem til å gjere mykje bra for landet og rett og slett leve opp til faren sin.

Tenkjer på den nye kongen

I Bodø tenkjer elevane i sjette klasse også på korleis dagen er for den nye kongen, kong Haakon, som skal følge faren sin til grava.

– Det er kanskje litt vanskeleg for han å prosessere alt. Han kjende faren sin veldig godt, og han er kanskje veldig lei seg no, seier Seth.

Han legg til at det nok kan vere vanskeleg å måtte opptre som konge midt i sorga. Julia deler den same omtanken.

Julia Bjørgeengen og Seth Hunter Arcangeles i sjette klasse
Seth Hunter Arcangeles trur det er vanskeleg å vere konge samstundes som ein følger faren sin til grava. Foto: Alexander Kjønsø Karlsen / NRK

– Eg tippar det er veldig trist for Håkon og Sonja. Det er jo litt vanskeleg å vere konge og prøve å vere glad for landet medan pappaen hans nettopp har døydd.

Sidan dødsfallet har flagget på halv stong møtt elevane og dei tilsette kvar morgon, noko som har ført til daglege samtalar. Dagen etter gravferda skal flagga heisast til topps igjen, og sørgjeperioden er over.

– Eg tenkjer at ein ny epoke startar då, men vi skal òg vere obs på at nokre elevar framleis er der at dei vil trenge å snakke om dette i tida framover, avsluttar lærar Vinje.