– Eg visste jo at eg ville jobbe i barnehage. Det er den beste jobben.
Det seier Odd Hugo Bulling. Han studerer til å bli barnehagelærar på Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning i Trondheim.
Barnehagelærarutdanninga har hatt seks år med samanhengande nedgang. Men i år er det ein oppgang på 2,65 prosent.
– 2210 personar har barnehagelærarutdanninga som førsteval i år. Det er veldig positivt at søkartalet no aukar litt og ikkje fortset nedover, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
I Trondheim er ikkje Bulling i tvil om kvifor barnehagelærar er rett yrke for han.
– Eg får gjere litt som eg vil kvar dag og viss eg har ein idé så får eg med meg barna på det. Eg liker musikk og får spele gitar kvar dag, til dømes, seier Bulling.
– Og så får eg høyre frå barna kvar dag at eg er ein superhelt, den smartaste, sterkaste, tøffaste og kulaste, legg han smilande til.
Rekordmange søkarar til høgare utdanning
– Eg er veldig glad for at vi har mange søkjarar til høgare utdanning, for Noreg har store kompetansebehov i årene som kjem, seier Aasland.
Totalt har 150.856 søkt om studieplass i høgare utdanning i år. Det er 9000 fleire enn i fjor.
Trass sterk vekst i talet søkarar, er det langt frå så mange som vil møte til studiestart. Så mange som seks av ti søkarar kan «forsvinne» på vegen.
– Når studieåret er i gang til hausten, vil tala gå ned frå rundt 150.000 til 60–70.000. Det er den store endringa som skjer. Det er ikkje alle som har søkt no som faktisk har tenkt å begynne på eit studium.
Det seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helsefag er det klart største utdanningsområdet, med ein oppgang på rundt tusen søkarar frå i fjor.
I 2025 begynte rekordmange på ei sjukepleiarutdanning, men søknaden har gått noko ned i år.
– Vi forventa at søkinga ville gå litt ned i år, etter den veldige veksten i fjor. Eg er veldig glad for at mange søker seg til eit svært viktig yrke, og at søkinga ser ut til å ha stabilisert seg på eit høgt nivå, seier Aasland.
– Noreg treng fleire med høgare utdanningskompetanse, og dagens søkartal viser at mange ønsker å bidra til samfunnet.
Det seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Sigve Næss Røtvold.
– Søkartala viser igjen at studentar tenker på jobbmoglegheiter når de vel utdanning.
Meiner søkartala til barnehagelærar framleis er kritisk låge
I år er det ein oppgang på 2,6 prosent for alle typar lærarutdanningar samla og nesten 7800 har ei lærarutdanning som sitt førsteval i år.
Søkinga til grunnskuleutdanningane steig kraftig i fjor og søkinga er omtrent lik i år.
Etter sju år med nedgang har søkinga til lektorutdanninga auka med over 10 prosent i år.
Trass i auka til barnehageutdanninga, meiner Utdanningsforbundet at søkartala framleis er kritisk låge.
– Ein bitte liten oppgang endrar ikkje det store bilete, seier leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll.
Auka på 2,65 % tilsvarar 57 fleire førstevalssøkarar enn i fjor.
Utdanningsforbundet trur forklaringa er at barnehagelæraryrket blir oppfatta som svært krevjande på grunn av bemanningssituasjonen i barnehagane, og at løna er for dårleg.
Det er barnehagelærarstudenten i Trondheim, einig i.
– Kvart år får me fleire arbeidsoppgåver, mindre tid og mindre budsjett. Og sånn har det vore. Det er litt hardare å jobbe i barnehage i dag enn det var for 10–15 år sidan, seier Bulling.
Stabil søknad til teknologistudium
– Eg trur det berre kjem til å bli meir som skal utviklast og meir som skal bli digitalisert. Og då treng ein fleire folk innan teknologi.
Det seier Mads Bårnes. Han går fjerde året på informatikk på NTNU, og skal snart ut i jobb med ei spesialisering innan informasjonssystem.
– Det er jo berre å hoppe på og lære seg å bruke KI, for vi treng menneske i loopen, seier han.
I fjor gjekk talet som hadde ei IKT-utdanning som sitt førsteval ned med 22 prosent.
På NTNU går søkertala litt ned i år også, og dei trur det skuldast meir og betre kunstig intelligens.
Nasjonalt er årets søkartal til IKT er om lag som i fjor og har stabilisert seg på rundt 5500 søkarar.
– Eg er ikkje redd for at KI skal ta over jobben min. Eg vil lære meg å bruke KI på ein veldig god måte sånn at eg kan bli ein betre utviklar, seier Bårnes om utviklinga.
Det er eit nytt studium, ansvarleg digitalisering, ved Universitetet i Agder, som trekk opp søkartala.