Onsdag kveld kunne solformørkinga sjåast i store delar av Noreg. Dette er den største solformørkinga sidan 2015.
Mellom 81 og 90 prosent av sola blei dekt av månen, avhengig av kor i landet du var.
I Stavanger har det vore strålande blå himmel og perfekte forhold. På Byhaugen samla det seg mykje folk som alle gløtta oppover.
Ei av dei var Marit Alfsvåg. Ho har vore kreativ for å ikkje øydelegge auga sine, og dukka opp med ei skoeske som kikkert. Ho fekk nemleg ikkje tak i solformørkingsbriller, men fann ei oppskrift på nett som innebar ei skoeske, eit kvitt ark, aluminiumsfolie og eit par hol i til slutt.
– Det er heilt trygt, og ikkje så stor forskjell frå de andre brillene, meiner Alfsvåg.
Observasjonsleiar i Stavanger Astronomiske Forening Leif Magne Svendsen modifiserte kameraet sitt for anledninga, ved å rett og slett lime eit brilleglas frå solformøkelsesbrillene rett på kameralinsa.
– Dette blir veldig kjekt, i kvart fall når det er så sjeldan vêrforholda er gode, seier han.
Folk frå heile landet har vore ute og tatt bilete:
Som vesle julaftan
For Marita Cecilie Eriksen i Sør-Varanger i Finnmark har det vore ein stor dag med solformørking. Ho samanliknar dette med lillejulaftan.
– Eg er så og seie oppvaksen under stjernehimmelen her i nord, seier Eriksen. Ho er aktiv i den astronomiske foreininga og er ute og ser på himmelen kvar dag.
I kveld blei ho heilt sett ut av det ho fekk oppleve.
Blei overraska
Også i Tønsberg var forholda ganske gode. Familien Wetting tok turen frå Drammen, der det var meir overskya. Edvard Otto Wetting fekk ein overraskande kveldsaktivitet, og no har han fått på brillene.
– Eg visste ikkje om det før vi åt middag, seier Edvard.
Verken han eller storesøster Mari har sett solformørking før, men Mari har sett måneformørking.
Grått i Ålesund og Oslo
Det var ikkje like gode forhold alle stader.
Landets mest kjende astrofysikar, Knut Jørgen Røed Ødegaard, trudde Ålesund skulle vere den optimale plassen å sjå solformørkinga, men landa på flyplassen til gråvêr og duskregn.
– No skulle vi ha sett ei formørka sol som stod lågare og lågare over sjøen mot Nordvest og sett dette fantastiske fargespelet etter kvart som den hadde blitt formørka, seier Ødegaard.
Han angrar ikkje, og seier at nokon gongar må ein berre ta ein sjanse.
Tidlegare i kveld har han halde foredrag for fleire hundre personar ved akvariet i Ålesund.
Heller ikkje folk i Oslo hadde vergudane på si side. Folk hadde samla seg bak fysikkbygninga på Blindern i håp om å sjå solformørkinga, men vart skuffa.
Blir mørkare
Solformørkinga skjedde klokka 18:29 og 20:53 onsdag kveld, avhengig av kvar ein er.
Det trongde slett ikkje vere skyfritt for at du skulle få det med deg. Det heldt at skyene var tynne nok. Ifylgje astrofysikaren er det artig å sjå solformørkinga på den måten.
Dette er den største solformørkinga vi får før 2039.
Kan vere skadeleg
Men det kan vere skadeleg for synet å sjå direkte på sola.
Har du ikkje fått tak i solformørkingsbriller, er ikkje alt håp ute.
Her viser Hallvard Sandberg deg korleis du kan bruke 15 minutt på å lage ei trygg ordning sjølv.
Ein kan skilje mellom ei total solformørking, der heile sola blir dekt av månen, og ei partiell (delvis) solformørking, der delar av sola blir dekt av månen.
I Spania, på Island og Grønland er solformørkinga total