– Det blei drøfta fleire løysingar for studentbustad-krisa i byen, og då kom ideen om å få sett opp desse brakkene, seier Sjur Selsvik, styreleiar i studentsamskipnaden Sammen.
For å få ned bustadmangelen for studentane i byen, set dei no opp ein brakkerigg som skal huse 88 studentar til studiestart.
– Behovet er enormt, og stadig fleire må bu på sovesal.Talet på studentar som står i kø aukar for kvart år, understrekar Selsvik.
I fleire av studentbyane førebur dei seg på å tilby mellombelse overnattingsløysingar til studentane.
Fleire står i bustadkø
Selsvik forklarer at Bergen er den vanskelegaste storbyen å finne seg ein plass å bu for studentar. No er det om lag 5000 studentar i bustadkø.
– Det er ein auke i talet på studentar som står i bustadkø i år, og talet har stige i fleire år. Vi veit at det er færre stader å leige på den private marknaden, så situasjonen er prekær, seier han.
BT har tidlegare omtalt bygginga av den nye studentbrakkebyen, som blir sett opp i to etasjar med både fellesstove, vaskeri og sauna.
1. september i fjor stod framleis 403 studentar i bustadkø i byen, og fleire enda opp på sovesal i fleire veker.
Dette er status i dei største byane
NRK har vore i kontakt med studentsamskipnader i heile landet, og spurt kva tilbod dei har til studentar som ikkje har funne bustad ved studiestart.
- I Oslo tilbyr dei mellombelse overnattingsløysingar til studentar som ikkje har fått fast bustad. Dei har òg avtaler om rabatterte hotellprisar til studentar på bustadjakt.
- I Trondheim har dei eit tilbod dei kallar «Tak over hodet», der studentane kan få rimeleg overnatting medan dei ventar på bustad.
- I Stavanger har dei tilbod om sovesal, med om lag 20–25 plassar.
- I Tromsø sto den mellombelse sovesalen tom i fjor, og difor har dei ikkje eit liknande tilbod i år. Studentsamskipnaden følgjer likevel situasjonen tett, og understrekar at dei har løysingar dersom det skulle oppstå behov.
Vil byggje fleire studentbustader
Dei fleste studentbyane har ein dekningsgrad på 15–20 prosent, noko som betyr at det berre finst studentbustader til under kvar femte student.
Resten av studentane må finne andre alternativ.
Fleire av studentsamskipnadane seier likevel at dei har planar om å utvide butilboda sine. I løpet av året planlegg Sio for rundt 800 nye studentbustadar i Oslo og Lillestrøm. I Stavanger blir det ferdigstilt rundt 350 nye bustadar som skal vere klare til dei nye studentane i år.
Også i Bergen har studentsamskipnaden eit ønske om kunne å tilby fleire bustadar.
– Vi ser føre oss ein auke på rundt 2000 plassar dei kommande åra, så vi skal byggje mykje meir, slår Sjur Selsvik fast.
Ein moderne brakkerigg
– Dette er eit underskotsprosjekt for oss, men vi gjer det for å hjelpe studentar som står i ein akutt situasjon. Brakkene kan i alle falle lette litt på bustadkrisa, slik at studentane får ein god plass å bu til ein rimeleg penge, seier Selsvik.
Kommunen sa seg raskt villig til å leige ut den gamle branntomta på Møllendal til studentsamskipnaden dei to neste åra. Her brann det historiske Belsen-bygget frå andre verdskrig ned til grunnen i 2024.
Målet er at hyblane skal stå klare for innflytting allereie før fadderveka.