Illustrasjon av Kong Harald omgitt av blomster og norske flagg på et minnested. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Krister Sørbø / NRK

Onsdag er det gravferd for kong Harald. Den blir heldt i Oslo domkyrkje.

Rundt om i landet er det mange som har lyst til å følgje gravferda, og gjerne saman med andre.

Nærmare 160 kyrkjer rundt om i landet skal vise gravferda. I tillegg er det kulturhus, bibliotek, frivilligsentralar og rådhus som stiller storskjermane sine til disposisjon.

Fleire sjukeheimar, skular og arbeidsplassar skal også vise overføringa.

Strøyminga startar klokka 12, når kista til kong Harald blir ført i prosesjon frå Slottet til Oslo domkyrkje.

Sendinga vil halde fram til prosesjonen med kista er framme ved Akershus festning, rundt klokka 14.40.

Her kan du sjå gravferda:

  • I Sør-Noreg
  • På Vestlandet
  • I Midt-Noreg
  • I Nord-Noreg

Visning på biblioteket og i kyrkja

Margunn Haugland er biblioteksjef i Bamble. Der er lerretet klart på veggen, slik at direkteoverføringa frå Oslo domkyrkje kan visast også i Telemark.

– Vi vil ha ein plass der folk kan samlast. Det er kanskje ikkje alle som har nokon å vere saman med, da kan dei kome til oss og sjå det saman med andre, seier Haugland.

En person med briller og t-skjorte med spillmotiv står inne i et bibliotek. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Margunn Haugland er biblioteksjef i Bamble kommune i Telemark. Dei skal vise kongen si gravferd onsdag. Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Ho er glad for å kunne ha eit arrangement som er opent for alle.

– Det er gratis sjølvsagt. Vi opnar dørene og ønsker alle velkomen.

I Tønsberg er kyrkjetenar Steinar Høiback i gang med å rigge til direkteoverføringa.

– Vi ønsker å vise seremonien på stort lerret, så ein kan sjå det saman med andre. Det er noko med å dele ei stor hending som dette med andre.

Høiback trur mange kjem til domkyrkja onsdag.

– Vi skal vere samla her for å følgje kongen si siste reise.

Storskjerm på kulturhuset

I Suldal kommune fekk kulturhussjef Hanne Mette Birkeland lyst til å vise gravferda. Dei tilsette på kulturhuset var einige i at det var ein god idé.

– Mange her lever aleine, og det kan vere ein fin sosial ting å gjere saman. Kanskje er det betre enn å sjå det på TV aleine heime.

– Trur du ein får ei sterkare kjensle av å vere med på ei gravferd når ein ser den saman?

– Eg trur det blir fint å sitje i same rom. Felles opplevingar er viktig. Eg trur det blir høgtideleg, med ei roleg og fin stemning i salen.

Ei kvinne står framfor eit bord med bilde av kong Harald.
Kulturhussjef i Suldal i Rogaland, Hanne Marit Birkeland, trur det er fint for folk å sjå gravferda saman med andre. Foto: Hanne Marit Birkeland / privat

Ho seier dei vil ha litt lys på, slik at ein kan kome og gå, for ikkje alle har moglegheit til å vere der heile tida.

– Vi ser at folk er høgtidelege når dei kjem inn her, kor vi har kondolanseprotokoll også. Folk kjem inn, sett seg ned, skriv og går igjen.

– Ein klem eller ein kopp kaffi

I trønderhovudstaden skal gravferda visast i fleire ulike kyrkjer. Også i Vår Frue kyrkje, i eit samarbeid mellom kyrkja og Kirkens Bymisjon.

Gateprest Hilde Guldseth opnar døra for dei som vil kome og sjå gravferda saman.

– Vi skal vere der og ta imot, uansett om ein sørgjer eller ikkje. Vi har eit rom som egnar seg for å vere saman. Vi tilsette og frivillige er til stades, om ein treng ein klem eller ein kopp kaffi.

Menigheten i Vår Frue kirke under jubileumsgudstjenesten
Vår Frue kyrkje er ein av stadene kor ein kan kome for å sjå gravferda. Foto: NRK

– Bere kvarandre

I ishavsbyen Tromsø skal gravferda visast i fleire kyrkjer. Mellom anna i Kroken kyrkje. Diakonimedarbeidar Anna Lisa Nilsen seier den vesle kyrkja på fastlandet er klare for å ta imot befolkninga.

– Tanken er at ein ikkje skal måtte sitje aleine. Det er eit tilbod til alle.

Tromsø domkirke
I Tromsø er domkyrkja ei av tre kyrkjer kor ein kan sjå gravferda direkte. Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

Ho fortel at dei har plass til 50–60, men slår fast:

– Vi skal ha plass til alle som kjem. Etterpå blir det kaffi og kake og minnesamvær.

– Kva har det å seie å kome saman denne dagen?

– Det er fint å vere saman. Kongen snakka jo om å bere kvarandre, kanskje dette er ein sånn dag.