Normpris er ein kunstig marknadspris som staten fastset for å rekne ut skatt, i staden for å bruke den faktiske prisen selskapa selde vara for.
I MERDANE: Lakseskatten gjeld berre for tida laksen sym i sjøen. No har eit fleirtal på Stortinget bestemt at selskapa skal skatte av reelle salsprisar, og ikkje ein teoretisk «normpris» fastsett av staten.Fotografi: NTB

– Eg stiller meg fullstendig uforståande til at Stortinget kan gå inn for dette, seier ho.

I 2019 leia ho utvalet som råda politikarane til å skatte oppdrettarane hardare.

Grunngivinga var enkel og bein fram: Dei som tener pengar på å bruke dei felles fjordane våre til oppdrett, må betale meir tilbake til fellesskapet i form av grunnrenteskatt.

Sju år seinare fortviler ho over lakseskatten si skjebne:

– Dei overlèt nærast til laksenæringa å bestemme sjølv kor mykje dei vil betale i skatt.

Karen Helene Ulltveit-Moe med grønne trær i bakgrunnen
– Å fjerne normprisrådet er heilt uforsvarleg og vil hòle ut systemet, seier Karen Helene Ulltveit-Moe, som blir kalla «arkitekten» bak lakseskatten. Foto: Gorm Kallestad / Gorm Kallestad / NT

Då den nye «lakseskatten» vart innført i 2022, fantaserte Finansdepartementet om at staten kunne dra inn opp mot 17 milliardar kroner i året.

Etter fire år med omstruktureringar og politiske omkampar viser kvitteringane at lakseskatten ikkje vart den gullgruva for fellesskapet som regjeringa lova:

I 2023 fekk staten inn 868 millionar kroner i netto lakseskatt.

Året etter sokk inntektene til 468 millionar kroner– ein tiandedel av det staten budsjetterte med (tala for 2025 er enno ikkje klare).

 Mímir Kristjánsson (R) fra Vandrehallen
– Det er trist at lakselobbyen får lov til å diktere norsk skattepolitikk, seier Mímir Kristjánsson (Raudt). Foto: Jane Rasmussen / NRK

«Det administrative hjartet» blir skrota

Bak tala ligg eit skjørt politisk kompromiss som gradvis har smuldra opp, og denne veka vart lakseforliket enno meir ein skugge av seg sjølv.

Tysdag vart eit fleirtal på Stortinget (Høgre, Frp, Venstre, KrF og Senterpartiet) samde om å leggje ned Prisrådet for havbruk innan 2027.

Rådet har vorte kalla «det administrative hjartet» i skattepakken, og vart sett opp for å rekne ut ein teoretisk «normpris» på laksen i det han vert henta opp av sjøen.

Ifølgje kritikarar er lakseskatten knapt til å kjenne igjen etter denne siste «utholinga».

– Det er trist at lakselobbyen får lov til å diktere norsk skattepolitikk, seier Raudt-representant Mímir Kristjánsson.

Han legg til:

– Med dette vedtaket spring dei folkevalde næringa sitt ærend, og det betyr mindre pengar til fellesskapet, og meir pengar i lommene på nokre av dei rikaste i landet.

Sjå tidslinja til laksekatten under:

Slik krympar skatten

På Noregs handelshøgskole (NHH) har dei forska på korleis bransjen reagerte då skatten vart innført.

Ifølgje NHH-forskarane bruker dei store selskapa tre effektive grep for å krympe skatten sin:

  1. Tappar overskotet på land: Dei har skilt ut sjøfasen i eigne selskap. Landbaserte selskap (som produserer fôr, smolt eller leier ut utstyr) sel så tenester til sjøselskap. Dermed flyttar overskotet over på land – der det ikkje er lakseskatt.
  2. Super-smolt: Selskapa lèt laksen vekse seg mykje større på land før han vert sett ut i sjøen. Dermed er tida laksen bur i merdane i sjøen historisk kort.
  3. Frådrag: De store konserna har milliardar å investere, og desse investeringane kan trekkast direkte frå på lakseskatten.

Miljø-løftet som vart borte

Påstanden om «utholing» har også ein annan komponent, nemleg miljøet.

For å få Venstre og Pasientfokus til å stemme for skatten i 2023, lova regjeringa ei storstilt miljøteknologiordning.

Tanken var at oppdrettarar som investerte i lukka eller miljøvennlege anlegg for å unngå lakselus og hindre at oppdrettsfisk døyr i merdane, skulle få økonomiske gulrøter og skattefordelar. Dette skulle leverast i 2023.

Etter store forseinkingar er ordninga framleis ikkje heilt på plass.