Dei tar ingen sjansar.
Meir eller mindre slik kan ein oppsummera korleis evakueringa av cruiseskipet MS «Hondius» skal gå føre seg.
Skipet kom til Tenerife sundag morgon, etter ein fire dagars seglas frå Kapp Verde. Om bord er det 147 personar som kan ha vorte utsette for hantaviruset.
Dei lokale styresmaktene har stritta imot. Dei ville aldri ta imot skipet. Delar av befolkninga er òg svært skeptisk og fryktar både smitte og påverknad på turismen.
Men passasjerane må koma seg i land på eit tidspunkt, og Verdas helseorganisasjon (WHO) vil at det skal skje her på Tenerife.
For å trygga både dei lokale og verda som følger med på skipet, skal evakueringa skje på tryggast mogleg vis.
Og det må skje før måndagen er omme, seier styresmaktene på Kanariøyene fredag. Årsaka er vêret.
Talsperson Alfonso Cabello seier ifølge AFP at den einaste moglegheita dei har, er å gjennomføra operasjonen sundag, før forholda endrar seg måndag.
– Elles må skipet forlata staden og me kan ikkje gjennomføra operasjonen igjen før ... i teorien, slutten av mai, seier Cabello vidare.
Sjefen for Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, kom til øya laurdag. Han skal overvake operasjonen og vise sin respekt «til ei øy som har svart på ein vanskeleg situasjon med verdigheit, solidaritet og medkjensle» skriv New York Times.
– Dette er ikkje ein ny covid, seier han i ei fråsegn.
Tryggingstiltak på land
Hamna Granadilla er ikkje så travel til vanleg, ifølge dei lokale. Men fredag kveld og laurdag var det full aktivitet der – sjølv om det ikkje ligg spesielt mange skip til kai.
– Me har vore her sidan klokka 7 i dag tidleg og skal nok vera her ei stund til. Så kjem me tilbake i morgon og held fram til alt er klart, seier ein hamnearbeidar NRK pratar med.
Området inne på hamna som media har tilgang til, har på kort tid gått frå å vera heilt tomt til å verta fylt med ulike sperringar.
Sperreband, metallgjerde og oransje vegbukkar i plast markerer ulike område.
Både ambulansar og politibilar står parkerte på området. Ved inngangen til hamneområdet er det òg sette opp sivilforsvarstelt, men NRK får ikkje lov til å ta bilete av dei.
Helsesjekk
Skipet er venta å koma til Tenerife sundag morgon, rundt klokka 06.30 norsk tid, ifølgje ei pressemelding frå reiarlaget.
Før noko anna skjer, skal alle om bord gjennom ein helsesjekk.
Ifølge både reiarlaget og spanske styresmakter er det ikkje nokon om bord no som har symptom på hantavirus.
Det er likevel ikkje noko garanti for at ingen er smitta. Difor skal alle sjekkast nøye før dei får forlata skipet.
Styresmaktene seier at det mest sannsynlege scenarioet er at ingen har symptom og at alle difor kan verta sende heim som planlagt.
Vert henta frå skipet
Opphavleg var planen at skipet skulle legga til kai ved hamna Granadilla søraust på øya.
Det ville ikkje dei lokale styresmaktene; dei frykta at smitta då kunne spreia seg til øya.
Etter eit møte med dei nasjonale styresmaktene torsdag vart det presentert ei anna løysing: Skipet skal berre ankra opp utanfor hamna.
Derifrå skal passasjerane hentast inn til land om bord på små båtar. Planen er å henta om lag fem personar av gangen i små Zodiac-båtar eller ti og ti per lettbåt, skriv reiarlaget Oceanwide Expeditions laurdag.
– Det går saktare, men det var heller aldri planen å henta ut 140 personar på ein gong. Det er endå eit hinder me må passera, seier helsedirektør Pedro Gullón til El País.
Samtlege gjestar og eit avgrensa tal av dei som jobbar om bord blir evakuert til land frå om lag klokka 09.00 norsk tid.
All bagasje blir liggjande att om bord på skipet. Reiarlaget opplyser at dei vil kontakte gjestene for å avtale korleis bagasjen kan ettersendast på ein trygg måte seinare.
Til flyplassen
Frå hamna er det ikkje lange køyreturen til flyplassen sør på øya.
Dei skal truleg fraktast dit om bord i bussar. Det er reiarlaget Oceanview Expeditions som har ansvaret for bussane, men spanske styresmakter skal følga med at alt går som det skal.
– Me har tendens til å tenka at ein må ha astronautdraktar og tenke på andre typar situasjonar. Smitte mellom menneske er ganske sjeldan og me vil ta forholdsreglar som passar til smitteforma, seier helsedirektøren til El País.
Difor meiner styresmaktene at det ikkje er noko behov for «ekstreme» smitteverntiltak.
Med andre ord: Det er ikkje sikkert me får sjå masse folk i fulle smitteverndraktar, slik me vart vane med under koronapandemien.
Spesialbestilte fly
Når dei evakuerte kjem til flyplassen, skal dei ikkje inn i den vanlege avgangshallen med alle turistane.
I staden skal dei inn på eit avgjerda, isolert område. Dermed er det ikkje noko fare for smitte der, bedyrar spanske styresmakter.
Det er personar med 23 ulike nasjonalitetar om bord på skipet, inkludert mannskapen.
Dei vert sende til sine respektive heimland. Spanske styresmakter har vore i tett kontakt med styresmaktene i dei ulike landa og bede dei senda fly for å henta heim sine borgarar.
Ifølgje Spanias innanriksminister Fernando Grande-Marlaska vil Belgia, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Irland, Nederland og USA sende fly for å hente heim passasjerar frå sine land.
Land som ikkje sender eigne fly, må Nederland ta ansvar for å få heim, seier Virginia Barcones, sjef for det spanske sivilforsvaret, til El País.
Skipet seglar nemleg under nederlandsk flagg.
Og viss det er nokon som ikkje har eit fly som står og ventar på dei?
– Ingen får forlata skipet om ikkje dei skal direkte til flyplassen og fly heim, fastslår Barcones.
Når alle passasjerane har forlate skipet, vil cruiseskipet setje kurs mot Rotterdam i Nederland for å bli desinfisert. Det vil ta om lag fem døgn.
Vi følgjer situasjonen fortløpande:
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten: