Det er hundrevis av småbåtar rundt Slinningsodden i Ålesund laurdag kveld. Der slikkar no flammane framleis høgt frå restane av Slinningsbålet.

Klokka 23.40 tippa bålet over og fall ned til bakken - medan det gjekk eit gisp og eit brøl gjennom folket som har samla seg.

fell ned
Klokka 23.40 fall heile bålet saman, då gjekk det eit gisp gjennom forsamlinga. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Det brenn kraftig frå Slinningsodden. Både Kytstvakta og Redningsskøyta er til stades for å passe på så ingen kjem for nært flammane.

Det årlege spenningsmomentet er kor lenge det 35 meter høge bålet klarer å stå før det ramlar ned.

– Heilt nydeleg

Det har samla seg hundrevis av barn, unge og familiar på land for å sjå ut på holmen der det spesielle bålet brenn, tre dagar før den ordentlege sankthanskvelden.

– Jau, det er heilt nydeleg. Du er heilt ute i havgapet og har den utsikta, så ingenting er betre enn dette, seier Bjørn Pedersen frå Stryn. Han ser på bålet saman med familien.

Tyske Genoveva Vogl er på noregsferie og fann tilfeldig ut at Slinningsbålet skulle tennast i kveld.

– Vi er her for å sjå på, og det er så fint!

dame
Den tyske turisten, Genoveva Vogl, er glad for å vere i Ålesund på sankthansfeiring. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Har bygd bål i vekevis

Rundt 40 ungdommar har jobba sidan starten av mai for å få reist eitt av verdas største sankthansbål – med handmakt.

– Eg synest det er den finaste tradisjonen i Noreg. Det er kjempekjekt å vere her og mange fine folk.

Det seier bålbyggar Tarjei Haugen Stangeland. Han har vore med i mange år, og blei dratt med av broren sin første gongen som tiåring.

Bålbyggger
Tarjei Haugen Stangeland er ein av 40 ungdommar som er med på å bygge Slinningsbålet. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Tenner klokka 21

Årets slinningsbål blei målt til om lag 35 meter høgt i år og blei tent nøyaktig klokka 21.

Det var meldt vind, regn og skodde laurdag kveld, men det legg ingen dempar på gleda til bålgjengen. I det bålet blei tent var det opphaldsver og eit streif av sol, og regnet og skodda har så langt halde seg på avstand.

– Stemninga er på topp, som alltid. Det blir gøy å sjå bålet brenne ned etter all jobben vi har lagt i.

I år er det ti år sidan det tradisjonsrike bålet blei verdas største med ei høgde på 47,4 meter, som seinare blei slått.

Bålet er sett saman av pallar og store tønner, og dei blir lempa oppover frå mann til mann.

– Det er tungt arbeid. Du blir sliten viss du står i veggen eller trappa i fleire timar. Det er kjekt å kjenne at du jobbar. Det skal byggast for hand, seier bålbyggar-kollega Magnus Silset.

Det er strenge restriksjonar rundt bålet for å unngå ulykker etter at det er tent. Brannvesenet i byen er aldri langt unna.

Også Redningsskøyta og Kystvakta er på plass.

Flere personer bygger et stort tårn av trepaller. En person i oransje arbeidsdress sitter på tårnet, mens andre arbeider med å stable paller. Bildet er tatt fra et lavt perspektiv, og tårnet dominerer bakgrunnen mot en lys himmel. En rød bag henger på siden av tårnet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Pallane må flyttast opp frå person til person. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Klarer dei å berge tradisjonen?

Det første bålet på Slinningsodden blei tent i 1964. Før var det fleire konkurrerande bål i byen, men no er det berre Slinningsbålet igjen.

Bålgruppa er inne i eit generasjonsskifte, og har dei siste åra slite med å få like mange frivillige som før.

Kritiske røyster likar ikkje røyken som stig frå det svære bålet - eller tanken på all brenselet som går til spille.

Men det er stadig mange som samlar seg for å sjå bålet brenne. Dronning Sonja har besøkt Slinningsbålet i Ålesund fleire gonger, og mange turistar har måpande fått med seg den spesielle tradisjonen.

Dronninga og bålgjengen
Dronning Sonja besøkte bålgutane på Slinningen i 2020. Det var stor stas. Foto: Anne Hovland

Både koreanske og tyske filmteam har sikra seg bilde av det særmerkte fyrtårnet av eit bål.

Langs resten av norskekysten blir det etter planen tent tusenvis av små bål tysdag, 23. juni. Det er den ordentlege sankthanskvelden.

En rekke båter og skip ligger i vannet med fjell i bakgrunnen. En flåte med små hvite, røde og blå fartøy ligger tett sammen. Noen av båtene er motorbåter, mens andre er seilbåter. Det er flere personer ombord i flere av båtene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Det er mange som vil ha med seg Slinningsbålet frå sjøen. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Feira årets slinningsbål: – Ekstra stas