Kronprinsparet står ved vindauget med norske skjerf.
Kronprinsparet såg kampen på Slottet. Ut av vindauget kunne dei sjå eit folkehav som feira sigeren. Foto: Slottet/instagram / Det norske kongehus

Måndag morgon deler slottet bilete av kronprinsparet som ser på VM. Det er første gong det blir delt bilete av Mette-Marit etter lungetransplantasjonen.

Iført supporterskjerf og med norske flagg i vindauget, følgde kronprinsparet Noreg sin VM-kamp mot Brasil frå Slottet.

Kornprinsparet sitt i ein sofa med norske supportereffektar
Slottet delte fleire bilde i ein sveip på Instagram måndag morgon. Foto: Slottet/Instagram / Det norske kongehus

Ikkje utskriven

Dette betyr ikkje at Mette-Marit er utskriven frå sjukehuset.

– Som vi har formidla tidlegare, vil vi informere om det når Kronprinsessa blir skriven ut frå sjukehuset. Foreløpig er ho ikkje det, seier kommunikasjonsrådgjevar ved Det kongelege hoff, Liv Anette Luane.

Mann med grått hår og skjegg og briller i dress på blå sofa
Kommentator, Harald Stanghelle, trur det betyr mykje for folk å få ei oppdatering frå Kronprinsessa. Foto: Milana Knezevic / NRK

Kommentator i Aftenposten, Harald Stanghelle, trur bileta betyr mykje for folk sidan det er den første offisielle oppdateringa etter meldinga om at transplantasjonen var gjennomført og vellukka.

– Det å sjå bilete av kronprinsessa og kronprinsen som ser på fotballkamp i supporterutstyr betyr noko fordi mange sjølvsagt lurar på korleis det har gått.

Rodde med folket

Seinare på kvelden kom kronprinsen ut på Slottsplassen og rodde saman med folkehavet som hadde samla seg der.

Mange menneske i fotballskjerf sit tett saman og "ror"
Foto: Javad Parsa / NTB

Det er ikkje kvardagskost å sjå medlemar av kongefamilien i ein slik situasjon.

Stanghelle trur dette er positivt for omdømmet til kongehuset.

– Heile vårt nasjonale blikk er på det som skjer rundt fotballandslaget no. Når kongehuset på ulikt vis involverer seg og heier, er det ikkje tid til å tenke på det vanskelege året kongefamilien har vore gjennom.

Kongeparet følgde med frå hytta

Mens prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus var på plass på stadion i USA, følgde kongeparet kampen frå hytta på Mågerø i Vestfold.

Det skriv kongehuset i same innlegg på Instagram, der dei også gratulerer det norske laget.

– Gratulerer til landslaget, støtteapparatet og Noreg med den fantastiske prestasjonen!