Portrett av en skallet mann med skjeggstubber, iført en svart genser, mot en grå bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Sogndal-trenar Luis Pimenta fekk sparken måndag kveld. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

I juni vart det kjent at spelargruppa leverte bekymringsmeldingar mot hovudtrenar Luis Pimenta.

Det har tidlegare kome fram at bekymringsmeldingane gjeld påstandar knytt til åtferda til Pimenta og til haldningane hans.

Litt over klokka 20 måndag kveld sende Sogndal Fotball ut ei pressemelding. Der annonserer dei at trenaren har mista jobben.

«Sogndal Fotball vedtok tidlegare å gjennomføre eksterne undersøkingar på bakgrunn av mottekne bekymringsmeldingar og interne undersøkingar vedrørande hovudtrenar Luis Pimenta. Undersøkingane er no gjennomførte. Sogndal Fotball har i dag avslutta arbeidsforholdet til Luis Pimenta.»

Kommunikasjonsansvarleg Mats Birkelund skriv også at klubben ikkje har ytterlegare kommentarar på noverande tidspunkt.

NRK har måndag kveld ringt og sendt meldingar til dagleg leiar Ingrid Narum og til Luis Pimenta. Ingen har førebels svart.

Fosshaugane Sogndal sentrum
Sogndal Fotball melder måndag at trenaren får sparken. Foto: Sogndal fotball

Fleire bekymringsmeldingar

Bekymringsmeldingane mot Pimenta gjeld påstandar knytt til åtferda til trenaren, skreiv Sogndal Fotball i ei pressemelding i juni.

Dei starta då ei undersøking av saka.

Sogn Avis melde først om bekymringa frå spelarane. Dei har i fleire artiklar sett søkelys på korleis Pimenta har leia klubben og fortalt historier frå spelarar som skal ha blitt forskjellsbehandla av trenaren.

NRK har sett meldingar der spelarar har uttrykt bekymringar om Pimentas haldningar.

Sogn Avis har også omtalt eit internt dokument frå spelargruppa. Der kjem det fram reaksjonar på korleis enkelte spelarar skal ha blitt behandla.

Luis Pimenta på Sogndalstrening
Luis Pimenta (til høgre i biletet) vart sett inn som trenar for Sogndal i desember 2024. 26. Juni 2026 trådde han til side som følge av bekymringsmeldingane. Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

NRK har ikkje sett det interne dokumentet. NRK har også tidlegare forsøkt å få ein kommentar frå Pimenta om denne saka, utan å lukkast.

Klubben uttalte i juni at Pimenta då tredde mellombels til side for å skape ro rundt undersøkingane.

– Begge partar er opptekne av at bekymringsmeldingane vert tekne på alvor og undersøkte på ein god måte, skreiv klubben i ei pressemelding tidlegare i sommar.Supporterane krev svar etter uro-sommar i Sogndal

Bakke held fram

Like etter pressemeldinga om Pimenta kom ei ny melding frå klubben om at Eirik Bakke får halde fram som hovudtrenar ut sesongen.

– Me er glade for at Eirik ønskjer å halde fram som hovudtrenar. Han kjenner klubben svært godt og har gjort ein viktig jobb for klubben og laget dei siste månadene. Me opplever at han har skapt ro, tryggleik og utvikling, skriv dagleg leiar Ingrid Narum i pressemeldinga.

Fotballtrener Eirik Bakke intervjues og blir holdt opp en mobiltelefon for lydopptak. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Eirik Bakke blir verande som midlertidig trenar i Sogndal ut 2026-sesongen. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK