Politiet søkjer med dronar
SØK: Politiet startar søk med drone på Smøla onsdag for å prøve å finne dei tre tsjekkiske fisketuristane som er sakna. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Framleis veit ingen kva som skjedde då småbåten med fire menn gjekk ut frå land i Averøy sist fredag.

Båten kom aldri tilbake til hamn, men blei funnen i sjøen med kjølen i vêret natt til laurdag.

Ein av mennene blei funnen omkomen. Dei tre andre er framleis sakna, men politiet trur at også desse har omkome.

Onsdag set politiet inn dronar i søket.

– Det er eit svært krevande søksområde, seier innsatsleiar Andreas Moseng Jakobsen til NRK.

Smøla kommune består av 5000 holmar og skjær.

Søkjer på vestkysten av Smøla

Politiet har førebels konsentrert søket langs vestkysten av Smøla, omlag tre mil unna staden der dei fann båten og ein mann natt til laurdag.

Dette er gjort etter at Hovudredningssentralen har gjort utrekningar på kvar dei sakna kan ha drive.

Jakobsen seier det er uklart om dei fire turistane hadde flyteplagg eller redningsvestar. Han seier dei ikkje brukte utstyr som dei hadde fått frå utleigar, men hatt sitt eige.

– Eg kan ikkje seie noko om kva dei har på seg, før vi eventuelt gjer funn, seier han.

Politiet har starta dei tekniske undersøkingane av båten onsdag.

Mann i politiuiform
Innsatsleiar Andreas Moseng Jakobsen seier dei kjem til å søke til det blir mørkt. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil arbeide til det er mørkt

Politiet opplyser at dei har tre dronar i aktivitet, og at dei søkjer over område som er svært store. Søket varer heilt til det blir mørkt.

– Vi kjem til å jobbe så lenge det er dagslys og prøve å rekke over så mykje som vi kan, seier innsatsleiaren.

Tysdag blei ein av dei tilsette i utleigeselskapet avhøyrt.

Politistasjonssjef Ole Solenes seier målet med avhøyret var å få hjelp til å konsentrere søket.

Kystvakta og redningsselskapet i redningsaksjon etter at ein båt med fire fisketuristar på Averøy vart funnen
Båten blei funnen natt til laurdag med kjølen i vêret. Ein av dei omkomne blei også henta opp frå sjøen. Dei tre siste er framleis sakna. Foto: Redningsskøyta Henry von Koss/Redningsselskapet

Svarer ikkje om opplæring og utstyr

NRK har i fleire dagar forsøkt å få selskapet som leigde ut båtane i tale, etter at båten med fire personar om bord sokk.

Det utanlandske selskapet som driv utleige av båtar i Averøy, har ikkje svart på kva opplæring som blei gitt og kva tryggleiksutstyr turistane fekk før dei la ut på havet.

I ei tekstmelding tysdag ettermiddag skreiv ein av dei tilsette at dei ikkje kan svare på noko no.

Politibetjenter bruker en drone ved et havneområde i gråvær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Politiet gjer eit nytt forsøk onsdag på å finne dei tre sakna fisketuristane. Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil ha strengare regelverk

Etter forliset har debatten om strengare krav for båtutleige igjen blussa opp.

Statens havarikommisjon har tidlegare hatt fleire forslag til endringar i regelverket.

Dei meiner blant anna at det bør vere sporingsutstyr i båten, slik at ein kan reagere raskt dersom noko skjer.

Berre i år har sju utanlandske fisketuristar mista livet.