Sory Ibrahim Diarra (t.h) og Haugesunds Sondre Liseth jubler etter 1-0 målet
Sory Diarra har no passert Kristian Fardal Opseths rekord på 28 mål for Bodø/Glimt i 2017. Foto: Jan Kåre Ness

Sory Diarra har no skåra fleire mål i ein og same sesong enn nokon annan i 1. divisjon for menn.

Under kampen mot Strømmen søndag skåra FK Haugesund-kapteinen to mål.

26-åringen står dermed med 30 mål på 22 ligakampar 1. divisjon denne sesongen. Det er det ingen som har gjort før han.

Dette er den femte strake seriesigeren til Haugesund som toppar tabellen.

Sory Ibrahim Diarra (22) fra Mali er klar for FKH
I sommar blei det kjent at han forlengde kontrakten med to år, etter månader med spekulasjonar om framtida til spissen. Foto: FK Haugesund

Passerte 10 år gammal rekord

Diarra har dermed passert Kristian Fardal Opseths rekord på 28 mål for Bodø/Glimt i 2017.

Fardal Opseth tok då 12 år gamle rekorden frå Stabæk og Daniel Nannskog.

Diarra har vore på banen i alle seriekampane for FKH denne sesongen, utanom toppkampen på Gjemselund mot Kongsvinger. Då sona han for gule kort.

Åtte kampar igjen

Det er spelt 23 kampar av årets førstedivisjon, og det er dermed mange skåringsmoglegheiter igjen for den 26 år gamle superspissen.

Diarra kom til Haugesund frå rumenske Petrolul Ploeisti i 2023.

En gruppe mennesker på en fotballbane
Sorry Diarra skåra 3 mål under eliteseriekampen i fotball mellom KFUM og Haugesund førre sesong. Foto: Javad Parsa / NTB

I sommar blei det kjent at han forlengde kontrakten med to år, etter månader med spekulasjonar om framtida til spissen. Den strekker seg altså fram til sommaren 2028.

Men Haugesund var ikkje den einaste staden i fylket det vart sett ein fotballrekord. Vikings Zlatko Tripic sette søndag ny assistrekord med 19 målgjevande pasningar på 20 kampar i Eliteserien så langt i 2026-sesongen.

Det skjedde i heimekampen mot Lillestrøm søndag, då han serverte Kristoffer Haugen på 1–0-målet og Gianni Stensness på 2–0-målet.