Den første av dei to semifinalane, enda mållaus. I returen på St Mary's i Southampton tysdag kveld, var det gjestane som opna best. Berre fem minutt var spela da Riley McGree sette inn 1–0 til Middlesbrough.
På overtid i første omgang, sørga Ross Stewart for at laga igjen var like langt etter tre av fire omgangar. Medan det var fleire brytekampar inne i feltet, steig Stewart til vêrs og stanga ein retur frå keeper i mål.
Det var tidsvis ampert både på og omkring bana. Ti minutt før full tid var det smått absurde scener da ein ballhentar ikkje ville gi frå seg ballen til ein Middlesbrough-spelar som skulle ta eit innkast.
Men fleire mål blei det ikkje i ordinær tid. Dermed gikk kampen til ekstraomgangar.
Då ekstraomgangane var i ferd med å ebba ut, tok Shea Emmanuel Charles saka i eigne hender. Frå distanse plasserte han ballen på meisterleg vis i det lengste hjørnet, heilt utanfor rekkevidd for keeperen. Scoringa i det 116. minuttet fekk St. Mary's til å koka over av rein ekstase.
No ventar Hull i den avgjerande playoff-finalen på Wembley, der vinnaren rykker opp til Premier League.
Spionasje
Semifinaleduellen har skapt oppstandelse på fotballøya den fotballgalne øya den siste veka:
Fredag vart det kjend at Den engelske fotballigaen (EFL), som har ansvaret i divisjonen under Premier League, hadde sikta Southampton for å spionere på Middlesbrough før den første semifinalen for opprykk til det høgaste nivået.
Etter seiande skal ein tilsett frå Southampton filma Middlesbroughs trening.
Ifølge regelverket til EFL forbyr dei å «observere, eller prøve å observere, ein annan klubbs treningsøkt innan 72 timar før ein planlagd kamp mellom dei to klubbane».
I britiske medium har det komme fram detaljar som er alle spionfilmar verdig.
– Det er ei fantastisk historie
Ifølge BBC skal ein analyseansvarleg for Southampton parkert bilen sin rett ved treningsanlegget, stilt seg opp på ein åskam i nærleiken og strøymde treninga direkte med mobilen.
Det som skulle skje vidare, minner meir om komedie.
For då ein Middlesbrough-tilsett begynte å spørje ut personen, ville vedkommande ikkje identifisere seg. Etter kvart skal personen begynt å slette ting på telefonen, før vedkommande skal ha lagt på sprang.
Inne på eit toalett skal det ha bli gjennomført eit klesskifte før personen forlét åstaden.
– Det er ei fantastisk historie.
Det er den korte oppsummeringa frå Eirik Aase som driv nettstaden Championship Noreg. Han følger engelsk førstedivisjon tett.
Blir latterleggjort
Ifølge BBC skal Middlesbrough-fotografar i ettertid ha grave opp fotomateriale frå seansen.
Ansiktet på personen som la på sprang, skal ha matcha med ein person i Southamptons støtteapparat, ifølge kringkastaren.
– Dersom det kjem fram at rykta stemmer, så vil det skade renommeet til Southampton ein del. Om det også kjem fram at dette er noko dei har gjort ved fleire høve, så trur eg det vil skade veldig, seier Aase.
Alt dette skjedde før den første av to playoffkampar mellom klubbane. Då kampen starta, visste Middlesbrough-supporterane å fyre oppunder rykta.
På tribunen kunne ein sjå fleire titals personar som hadde tatt med seg kikkertar på kampen – nokon hadde til og med dratt med seg buskas.
– Får ta det litt med humor
– Saka vil bli tilvist til ein uavhengig disiplinærkommisjon, skreiv EFL i ei fråsegn etter at siktinga blei kjent.
Southampton 14 dagar på seg til å svare om «spionsaka».
Viss klubben blir funnen skuldig, er det førebels usikkert kva straffa blir. Det blir spekulert i om dei kan få poengtrekk, ei saftig bot eller til og med erkjent til tap i playoffkampane.
– Eg trur ikkje det påverkar dei veldig mykje. Dei er fokuserte på å spele og vinne kampen på ærleg og reieleg vis. Vi får heller sjå kva som skjer i etterkant. Eg trur ikkje det påverkar spelarane så mykje, dei er profesjonelle.
Det seier Henrik Høyer som er supporterleiar for Middlesbrough.
Sjølv om klubben hans kan ha blitt utsett for spionasje, tar han rykta og saka med knusande ro.
– Ein får ta det med litt humor, det er veldig moro, seier Høyer.
Program for fotball-VM: Slik ser du Norges kamper på TV