– Dei vil ta over Cuba, uansett pris, og me kubanarar er villige til å døy for dette landet.
Det seier Alexis Rondon til nyheitsbyrået Reuters frå Havanna, hovudstaden på Cuba.
Dei siste dagane har situasjonen vorte stadig meir spent mellom Cuba og USA.
Onsdag offentleggjorde USA at dei hadde tatt ut drapstiltale mot tidlegare president Raúl Castro. Kort etter skulda Cubas utanriksminister USA for å ljuga for å kunna setta i verk ein militær operasjon.
Førebels har president Donald Trump avvist at USA planlegg noko militær opptrapping.
– Nei. Det vert ikkje noko opptrapping. Eg trur ikkje det er behov for det. Høyr her, staden fell frå kvarandre. Det er eit kaos, og dei har på ein måte mista kontroll, sa Trump til fleire medium onsdag.
Det ser ikkje ut til å vera nok for kubanarane.
Fredag ettermiddag har fleire tusen menneske møtt opp utanfor den amerikanske ambassaden i Havanna for å demonstrera mot drapstiltala, skriv Reuters.
Vil hindra bruk av militæret
Utsegna frå Trump kom etter mykje spekulasjon om at ei militær opptrapping kan stå på trappene.
Fleire demokratiske senatorar er blant dei som har uttrykt bekymring for nettopp det.
Denne veka kom dei med eit forslag for å hindra at Trump skal kunna bruka militæret mot den karibiske øya.
Dei viste mellom anna til at Trump fleire gonger har trua med å senda militæret til Cuba, og meldingar om at delar av militæret har fått beskjed om å førebu åtaksplanar, skriv Reuters.
I samband med tiltalen mot Castro har USA sagt at dei forventar at han vil dukka opp når rettssaka startar.
– Anten ved eiga vilje eller på ein annan måte, seier fungerande justisminister Todd Blanche.
Men han ville ikkje svara på om USA planlegg å bruka militærmakt mot øya.
Hardt råka land
USA har hatt kraftige sanksjonar mot Cuba i fleire tiår, noko som har prega landet.
Men dei siste månadane har situasjonen for vanlege kubanarar vorte stadig verre.
Venezuela var den viktigaste oljeleverandøren til Cuba. Etter åtaket i januar blokkerte Trump all oljeeksport til den karibiske øya.
Han har òg trua med straffetoll mot alle land som prøvar å forsyna Cuba med olje.
Det har hatt enorme konsekvensar.
Sjukehus manglar straum. Søppel hopar seg opp. Styresmaktene har kutta i kollektivtransporten. Matprisane har auka.
Òg store delar av vassforsyninga står i fare, fordi ho er avhengig av straumnettet – som igjen er avhengig av olje.
No har Cuba takka ja til naudhjelp frå USA, ifølge USAs utanriksminister Marco Rubio. Kubanske styresmakter har førebels ikkje stadfesta dette.
Tidlegare i mai vart det kjend at USA har tilbydd landet 100 millionar dollar i humanitær hjelp.
Utanriksminister Bruno Rodríguez har tidlegare sagt at Cuba ville vurdera tilbodet, men var òg klar på at USA bør fjerna blokaden sin:
– Den beste hjelpa som amerikanske styresmakter kan gje, er å trappa ned tiltaka knytte til blokaden, som har vorte stramma til som aldri før dei siste månadane og som har alvorleg påverknad på kubansk økonomi og samfunn, skreiv han på X.
– Gjer det berre verre
Ei militær opptrapping er ikkje populær blant kubanarar.
– Viss dei prøvar å gjera det same som i Venezuela, vil dei kanskje lukkast. Men berre gjennom eit blodbad, for me kubanarar er villige til å døy for landet. Viss dei verkeleg vil ha ei løysing for Cuba, burde dei fjerna blokaden og gjera det no, seier Alexis Rondon.
Han viser til då USA gjekk til åtak på Venezuela i byrjinga av januar og bortførte president Nicolás Maduro.
Kubanske María Elena Cabrera meiner truslane frå USA og drapstiltalen mot den tidlegare presidenten gjer vondt verre i heimlandet.
– Som land har me det veldig vanskeleg no, med alle problema med straum, mat og transport. Dette gjer det berre verre. Dette er den leiaren me alltid har hatt; me har aldri kjent til noko anna, så eg veit ikkje korleis folk vil reagera, seier ho til Reuters.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast: