Fire norske utøvere i landslagsdrakter jubler med medaljer under premieutdeling i Birmingham. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
ARRANGØRSKANDALE?: – Ja, det blir vel overskrifta, lo Karsten Warholm då arrangøren hadde gitt Noreg feil medaljar etter EM-bragda. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

3.09,62.

Det var tida Karsten Warholm (30), Andreas Kulseng (25), Amalie Iuel (32) og Henriette Jæger (23) sprang inn til EM-gull på 4x400 meter i Birmingham.

Fire norske utøvere feirer seier med norske flagg ved en resultattavle etter 4x400 meter stafett. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
REKORD: Stafettlaget på 4x400 meter sette meisterskapsrekord. Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB

Det hadde ikkje arrangøren fått med seg, og dei norske gullvinnarane «nekta å ta imot gullmedaljane».

– Vi nekta å ta imot

Det var eit norsk lag i ekstase som møtte pressa etter å ha sprunge inn til gull på opningsdagen av EM i friidrett.

– Vi hadde trena på mange scenario og alt slo inn. Vi var best førebudde der ute og vi får godt betalt, sa Karsten Warholm.

Karsten Warholm veksler stafettpinnen med en kvinnelig løper under et friidrettsstevne. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
VEKSLAR: Karsten Warholm gir stafettpinnen vidare til Amalie Iuel. Foto: Petr David Josek / AP,NTB

– Det var fantastisk å vere med på eit stafettlag og springe utan hekkar. Eg er veldig glad for at eg var med på det, fortsette han.

Dei norske vekslingane gjekk glitrande, og Henriette Jæger blei servert draumeposisjon på siste etappe før ho sjølv avgjorde og rykte frå på oppløpet.

Henriette Jæger løper stafett for Norge på en løpebane med flere konkurrenter bak seg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
FØRST: Henriette Jæger var først over målstreken. Foto: Petr David Josek / AP,NTB

Like glitrande var ikkje leveransen frå den britiske arrangøren, som skulle overrekke dei norske gullvinnarane beviset på at dei var nybakte europameistrar – nemleg gullmedaljane.

– Vi nekta å ta imot, fortalde Karsten Warholm.

– Ønsketenking frå deira side

Valøren var rett nok korrekt – det var gullmedaljar dei hadde fått utdelt.

– Dei hadde trykt feil tid, fortalde Warholm.

På medaljane var det inngravert feil tid. Den norske vinnartida (3.09,62) var bytt ut med den britiske sølvtida (3.10,47).

– Det var ønsketenking frå deira side. Dei hadde gravert tida før løpet, sa Warholm.

– Arrangørskandale?

– Ja. Det blir overskrifta, svarte han og lo.

Gruppebilde av utøvere med medaljer på seierspallen under EM i friidrett i Birmingham 2026. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MEDALJAR: Britiske sølvvinnarar (til venstre), norske gullvinnarar (i midten) og nederlandske bronsevinnarar (til høgre) Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Ankerkvinne Jæger fekk ikkje med seg feilen med ein gong.

– Eg la ikkje merke til det, det var gutane som såg det. Men det er kult når ein tar gull at det blir rett tid, sa ho.

– Den tida har vi kjempa hardt for, så den skal vi ha, la Kulseng til, før Warholm følgde opp:

– Det er jo meisterskapsrekord!

Fekk det riktige gullet

Men historia fekk ein lykkeleg slutt. Rundt 19.40 tysdag kveld fekk sportssjef i Noregs Friidrettsforbund, Erlend Slokvik, hente dei nye medaljane.

– 3.09,62, meisterskapsrekord. No kan vi vere stolte, sa Slokvik då han mottok den første riktige gullmedaljen.

Erlend Slokvik EM-gull
GULL: Erlend Slokvik henta det riktige gullet. Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

Ein av dei konkurranseansvarlege under EM, Ken Burkett, var den som fekk overlevere medaljane.

– Då vi fann ut at noko var gale fiksa vi det så raskt som mogleg. Det var veldig synd at det ikkje var riktig med ein gong. Vi gratulerer Noreg med gullet og eit godt løp, sa Burkett.

Men det kan ta litt tid før utøvarane får medaljen.

– Det blir nok ikkje før i morgon tenker eg. Dei har nok lagt seg når eg kjem tilbake, avslutta Slokvik.