– Eg er veldig fornøgd med det resultatet me har fått, seier ordførar Paul Asphaug.
Han er ordførar i den vesle kommunen Hemnes, sør i Nordland.
Kommunen med rundt 4.500 innbyggjarar er også ein av dei største vasskraftkommunane i Noreg.
Og vasskrafta var ein av grunnane til at selskapet Fuella ville byggje ein ammoniakkfabrikk i Hemnes.
Selskapet hadde planar om å investere kring 7 milliardar kroner i prosjektet, som skulle gi rundt 100 nye arbeidsplassar.
Protestar og lovnadar
Men vegen har vore kronglete. Det har blant anna vore protestar både frå reindriftsnæringa og befolkninga.
Fabrikken skulle nemleg liggje i Sundmarka, eit populært friluftsområde.
For å kunne realisere planen var Fuella avhengige av to ting:
- Tilgang på straum frå Statnett.
- Og at tomta dei ville bruke blei omregulert frå friluftsområde til næringsareal.
Statnett hadde faktisk reservert nettkapasitet for 560 MW til prosjektet. Det tilsvarar straumen til kring 110.000 husstandar.
Den største reservasjonen i Noreg.
Men i april valde Hemnes kommune å droppe omregulering av den aktuelle tomta.
Då blei det vanskeleg å jobbe vidare med ammoniakkfabrikken.
Trakk tilbake lovnadane
Og ettersom arbeidet med fabrikken sto i ro, har Statnett no trekt tilbake lovnadane om nettkapasitet.
– Det har vi gjort fordi prosjektet har blitt vesentleg endra og forsinka, skriv Olivia Knudsen i Statnett i ein e-post til NRK.
I eit brev til Fuella skriv Statnett blant anna at avgjere om å fjerne ammoniakkprosjektet frå arealplanane i Hemnes også har spilt ein viktig rolle i vedtaket.
Dagleg leiar i Fuella, Cornel Russi, bekrefter vedtaket til Statkraft.
– Me har ikkje tatt stilling til vedtaket frå Statnett enno. Me må vurdere kva me skal gjere vidare, om me vil klage eller ikkje, seier Russi.
Fuella har nyleg fått løyve til å opprette eit anlegg i Vestland. Dei planlegg også to fabrikkar i Brasil og ein ammoniakkfabrikk i Canada.
– Europa og verda treng grøn-ammoniakk til mellom anna gjødselproduksjon. I dag må Europa kjøpe ammoniakk frå Russland, fortel Russi.
Statnett fortel vidare at nettkapasiteten som var lova til Fuella sitt prosjekt i Hemnes i utgangspunktet blir fristilt for andre industriprosjekt.
Håpar på datasenter
– Dette vil ha betydning for prosjekt i kø på Helgeland, skriv Olivia Knudsen i Statnett.
– Før vi kan sei noko om kva for prosjekt som kan få reservert kapasitet, må vi gjere ein vurdering av nettsituasjonen og tilgjengeleg kapasitet i området, og i dei aktuelle transformatorstasjonane på Helgeland.
Ordførar i Hemnes, Paul Asphaug, håpar at den lova nettkapasiteten som skulle gå til Fuella no kan gå til eit anna prosjekt.
Nscale jobbar nemleg for å byggje eit senter for datalagring i Korgen.
Varaordførar Bjørn-Terje Nilssen forklarar at det meste er klart for å starte det prosjektet.
– Tomta ligg klar som næringsareal. Så det meste er på plass for at nokon kan sette spaden i jorda, seier Nilssen.
– Det skal sjølvsagt vere nokre utgreiingar, men mogelegheitene er der.