Turgruppa knirk og knak er på tur i Ørsta. Gruppa er en del av norsk revmatikerforbund som føler seg under prioritert i statsbudsjettet.
Fylkesleiar Sissel Egset Håskjold i Norsk Revmatikerforbund seier turgrupper hjelper til med å fokusere på litt andre ting enn smertar, stivleik og utfordringar med helsa. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Like fullt som det er budsjettid i Oslo, er det turtid i Ørsta på Sunnmøre.

Turkameratane i Knirk og Knak, ei lågterskel turgruppe for dei med ulike helseplager, er ute på den fast lufteturen deira.

Samstundes legg regjeringa fram korleis dei vil prioritere helse neste år.

Turar som dette er viktige for mange og gjer at dørstokken verkar lågare, fortel Ann-Elin Brekke i foreininga.

– Vi er veldig mykje låke her og der. Kanskje er det slik at eigentleg har du meir lyst til å sitte i ro, men du veit at du bør gå på tur, seier ho.

I dag er målet ein gapahuk. Det er tent i bålpanna for at dei skal kose seg.

Turgruppa knirk og knak er på tur i Ørsta. Gruppa er en del av norsk revmatikerforbund som føler seg under prioritert i statsbudsjettet.
I gapahuken er det samla mange med eit vidt spekter av helseutfordringar til matpause. Her er dei i lag, fokuserer på det dei kan, og hjelper kvarandre. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Brekke seier ho hadde håpa på meir.

– Noreg er eit veldig rikt land. Politikarane må byrje å sjå på folk og tenke heile tanken ut. Om du blir sjukemeldt, så kan du kome deg tilbake i arbeid raskare om dei opnar pengepungen på nokre område, seier Brekke.

Håskjold i revmatikarforbundet er samd. Dei kjenner seg nedprioritert.

Avslag på opphald og reiser til viktige behandlingar er noko av det turkameratane fryktar. Med mykje frustrasjon hjelper det med godt humør og positivitet i gjengen.

– Lange ventelister der ein må vente i seks til åtte månader på behandling, er frustrerande, seier Håskjold.

Turgruppa knirk og knak er på tur i Ørsta. Gruppa er en del av norsk revmatikerforbund som føler seg under prioritert i statsbudsjettet.
Kvar veke arrangerer Knirk og Knak turar i nærområdet for dei som er plaga med muskel- og skjelettplager. Medan dei var på tur i dag la regjeringa fram sine prioriteringar for helse neste år. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Sjukehusa må effektivisere

Regjeringa foreslår at sjukehusbudsjetta blir auka med om lag 3,1 milliardar kroner neste år.

– Det tek oss til ein historisk høg ramme på 250 milliardar kroner, som mellom anna skal bidra til lågare ventetider, seier helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til NRK.

Men det er òg klare effektiviseringskrav på 0,55 prosent. Sjukehusa må difor bruke pengane sine på ein klokare måte, ifølge regjeringa.

Målet er at dei innsparte pengane er nettopp at dei skal finansiere kortare ventetider.

– Eg meiner sjukehusa må effektiviserast. Eg føreset at tilsette, tillitsvalde og vernetenesta blir aktivt involverte og har reell medråderett når tidstjuvar skal fjernast, seier Vestre.

Helseminister Jan Christian Vestre utenfor sykehuset i Volda, der mange hadde møtt opp for å vise motstand mot kuttforslagene i helsesektoren.
Helseminister Jan Christian Vestre besøkte sjukehusa i Møre og Romsdal i sommar. Han kunne då ikkje love ekstra løyvingar i regjeringa sitt forslag for statsbudsjettet. Foto: Remi Sagen / NRK

Krev meir pengar

Uavhengig av statsbudsjettet er det allereie lagt opp til kutt i helseføretak over heile landet:

I Møre og Romsdal er det snakk om ein milliard kroner til saman innan 2032.

Her har alle ordførarane i fylket sendt inn krav til regjeringa om auka økonomisk handlingsrom gjennom midlar på statsbudsjettet.

Dei fryktar at den alvorlege økonomiske situasjonen vil føre til irreversible kutt i helsetilbodet i fylket. Ifølgje dei må staten ta ansvar for belastninga frå investeringar, renter, avskrivingar, IKT og det omdiskuterte journalsystemet Helseplattforma.

Kutta skal i hovudsak skje ved å kutte lønnskostnadar. 300 årsverk skal bort, men det blir òg samanslåing av funksjonar, sentralisering av tilbod og avvikling av enkelte tenester.

Fleire reagerer sterkt på det foreslåtte helsebudsjettet:

For høgt forbruk

Helseminister Jan Christian Vestre er ikkje einig i at det er ein økonomisk krise i helseføretaka.

– Regjeringa har levert ein realvekst til sjukehusa fleire år på rad. Vi har aldri løyvd meir pengar til sjukehus enn det vi gjer nå, seier han.

I regjeringa sitt forslag til helsebudsjett er det derfor ingen krisepakke til Helse Møre og Romsdal.

– Auken i sjukehusbudsjetta kjem alle sjukehusa våre til gode. Òg sjukehusa i Møre og Romsdal, seier Vestre.

Bildet viser en person som ligger i en sykehusseng, med fokus på intensivavdelingen. I bakgrunnen går en sykepleier og en besøkende mot inngangen til avdelingen. Omgivelsene er moderne og lyssterke, med klare skilt og en ren, lukket korridor. Det er synlig en brannslukker på veggen nær inngangen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Helse Møre og Romsdal må kutte store summar. Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Han legg til at Helse Møre og Romsdal har hatt eit for høgt forbruk over tid.

Beskjeden hans er føretaket må snu alle steinar for å få kostnadsnivået tilbake til nivået frå før pandemien. Kutta som allereie er gjort, har vore moglege å gjere, samstundes som ein beheld eit godt pasienttilbod, meiner helseministeren.

– Ein må tilbake til eit kostnadsnivå som står meir i samsvar med det andre tilsvarande helseføretak bruker for å levere gode tenester til innbyggjarane sine, seier Vestre.

I september gav han beskjed om at sjukehusa og det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund er freda. Det er helseføretaket sjølv som bestemmer kor raskt dei gjennomfører omstillingane, men Vestre peikar på at dei har rom til å bruke lenger tid.

Endringar i oppgjersordninga

Regjeringa foreslår òg å auke delen av innsatsstyrt finansiering i statsbudsjettet frå 30 til 40 prosent.

Grepet i oppgjersordninga mellom staten og dei regionale helseføretaka er omstridt, og har fått kritikk frå parti som SV. Solberg-regjeringa auka i sin tid denne satsen til 50 prosent.

Samstundes kutter regjeringa nær 200 millionar kroner i overføringane til underliggande etatar som Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Finansminister Jens Stoltenberg legger frem statsbudsjettet for 2027.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) la fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjettet på Stortinget klokka 10:00. Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Forslag om ambulansekutt i nord

I Nord-Norge er det òg lagt opp til store kutt.

Blant sjukehusa er det Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø og Nordlandssjukehuset i Bodø som må kutte mest, med 447 millionar kroner til saman.

I Nordland er det foreslått å kutte ambulansar i fleire kommunar. Nordlandssjukehuset har store økonomiske utfordringar, og ligg an til eit underskot på 120 millionar kroner i år.

Fasaden til Nordlandssykehuset i Bodø med lys i vinduene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Nordlandssjukehuset må få ned forbruket sitt, noko som kan gå ut over ambulansetilbodet i fleire nordlandskommunar. Foto: Per-Magne Steen / NRK

Ambulansetenester er eit av område der dei i lang til har gått med store tap.

Strakstiltak for å spare pengar er å fjerne tre døgnbilar, legge ned to ambulansestasjonar og å omgjere ein døgnbil til ein dagbil I Salten.

Lokalpolitikarane reagerer og er bekymra for beredskapen.