I dag klokka 10:00 la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for neste år.
Dei vil bruka totalt 105 milliardar kroner på samferdsel, men berre to nye vegprosjekt ligg inne i budsjettet.
Det er E39 Smiene – Harestad i Rogaland og Rv 70 Vikansvingen - Kontrollplassen i Kristiansund.Les også Dette betyr statsbudsjettet for deg
– Vi har framleis eit høgt ambisjonsnivå på vegne av samferdselssektoren og vi skal gjere mykje framover, men vi må òg gjere tøffe prioriteringar i fellesskap, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam (Ap).
Ho legg til at det er naudsynt å prioritera tryggleik og forsvar, helsehjelp, skule og å få fleire i arbeid.
Post ein gong i veka
Ellers i samferdselsbudsjettet for 2027 vil regjeringa prioritera:
● å vidareføre igangsette investeringsprosjekt og anleggsstart for nye riksvegprosjekt
● å vidareføre reduserte månadskortprisar med om lag 100 kroner
● oppstart av nye, mindre investeringstiltak på riksveg
● styrke den digitale tryggleiken på vegnettet
● endre posttenesta der posten blant anna blir levert berre ein gong i veka
Vil fortsette vegprosjekt:
Pengane til vegformåla skal primært brukast til å fortsette vegprosjekt som allereie er sett i gang.
- E45 Kløfta i Finnmark
- E134 Røldal-Seljestad i Vestland.
- E6 Megården-Sommerset i Nordland.
Samstundes vil regjeringa sette av pengar til drift og vedlikehald av riksvegnettet. 11,9 milliardar kroner setjast av til det føremålet i 2027.Les også Kutter i støtten – billig buss kan bli en kortvarig glede – Vi skal ha eit godt, trygt og fungerande vegnett. Mange er avhengig av bilen og eg vil prioritere at folk skal komme seg trygt fram dit dei skal. Da kan vi ikkje berre bygge nytt, vi må prioritere å betre det vi har og godt vedlikehald, seier Gunaratnam.
– Sjølv skip bygger vi tunnelar for
Stad skipstunnel får 1,05 milliardar kroner i 2027, ifølge regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Beløpet er i samsvar med kva Kystverket seier dei treng neste år.
Regjeringa skriv at skipstunnelen vil føre til forseinka oppstart i andre planlagde samferdselsprosjekt, utan å spesifisere nærmare.
Arbeidarpartiet forsøkte å stanse skipstunnelen, men vart overkøyrt i Stortinget.
Prosjektet blei nemnt av finansminister Jens Stoltenberg under finanstalen på Stortinget.
– I Noreg investerer vi meir i samferdsle enn i dei fleste andre land. Sjølv skip bygger vi no tunnelar for. Det er med på å knytte oss saman, sa Stoltenberg.
Ingen fylkesveg-milliard
I revidert nasjonalbudsjett i 2026 blei det sat av ein ekstra milliard til vedlikehald av fylkesvegar. Kommunenes sentralforbund (KS) har den siste tida understrekt behovet for eit slikt tilskot også i dette budsjettet.Les også Her er ein av dei norske europavegane som framleis ventar på gul midtstripe Men i forslaget for budsjettet for 2027 er det ikkje sett av ein slik sum. – Når vedlikehaldsmilliarden forsvinn ut av budsjetta, går det ut over tryggleik og beredskap. Det er svært skuffande. Tilbakemeldingane frå fleire fylke er at dei nå vurderer om heilt konkrete strekningar og bruer må stengjast. Dette henger ikkje på greip, ikkje minst i et beredskapsperspektiv, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, i ei pressemeldingLes også Vil bruke 135 mill. på dekning i togtunnelar – men ikkje alle får
Betre nettdekning i tunnelar
Jernbanen får auka tilskot i forslaget til årets budsjett. Regjeringa vil sette av 32,4 milliardar kroner til jernbana i Noreg i 2027. Dette er 1,6 milliardar meir enn jernbana fekk i fjor.
13,6 milliardar skal gå til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet.
6,4 milliardar skal gå til kjøp og forvaltning av nytt togmateriell.
135 millionar skal gå til betre nettdekning i jernbanetunnelar, fyrst og fremst på Gardermobanen, Kongsvingerbanen, Hovudbanen og Dovrebanen samt i Ulrikentunnelen og Drammenstunnelen.
Digitale truslar mot vegnettet
Samferdselsdepartementet skriv at trusselbilete gir høg risiko for digitale angrep mot digitale system som overvaker og styrar fysiske prosessar i vegnettet. Difor vil dei sette av 100 millionar kroner for å styrke digital tryggleik på vegnettet.