Politihelikopter Leonardo AW169
BEHOV FOR FLEIRE: Politihelikopter Leonardo AW169 er eit av tre som finst i Noreg. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I dag finst det tre politihelikopter i Noreg, men alle er stasjonert på Austlandet.

Politidirektoratet har sagt at det er eit stort behov for tre andre helikopter, stasjonert i Bergen, Tromsø og Trøndelag.

Stortinget vedtok i mai at regjeringa skulle følga opp Politidirektoratet sin rapport om behovet for politihelikopter, med ein siste frist i neste års statsbudsjett.

Men i budsjettet som vart lagt fram i dag, er det ikkje lagt inn ei krone for å kjøpa nye helikopter.

– Dette er ein dramatisk og overraskande avgjerd. Politihelikopter er et helt nødvendig og svært effektivt verktøy som bidrar til langt betre beredskap, men Vestlandet og Nord-Norge har ingen helikopterkapasitet, seier leiaren av Justiskomiteen på Stortinget Jon Helgheim (Frp).

Alvorlig mann
Leiaren av Justiskomiteen på Stortinget Jon Helgheim (Frp) er skuffa. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Stort slag i ansiktet

Då Noreg kjøpte dei tre helikoptera dei har no i 2017, sikra dei seg ein avtale om at dei kunne kjøpa tre til, til den same prisen seinare, ein såkalla opsjon.

Helgheim reagerer sterkt på at regjeringa ikkje vil utløyse opsjonen på tre nye politihelikopter.Les også NRK erfarer: Politisk flertall for nye politihelikoptre i distriktet

– Den gunstige opsjonsavtalen som Frp framforhandla går ut i 2027, og at regjeringa ikkje ynskjer å nytta seg av denne er eit stor slag i ansiktet for politiet sin beredskap, seier Helgheim.

Aas-Hansen: – Ap-regjeringa prioriterer politiet

Astri Aas-Hansen i et helikopter
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) på ein helikoptertur ved eit anna høve. Foto: Maria Philippa Rossi / NRK

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen seier til NRK at Ap-regjeringa prioriterer politiet.

– Norsk justissektor står framfor fleire store prosjekt dei neste åra som vil legge beslag på både pengar og tilsette. Ei eventuell avgjerd om å auke politiet sine luftkapasitetar må sjåast opp mot andre behov i politiet, og justissektoren generelt, seier Aas-Hansen.

– Sjølv om vi ikkje foreslår pengar til å utløyse opsjon, vil vi sørge for at arbeidet med å greie ut politiet sine luftkapasitetar held fram, seier justisministeren.

Sp: – Regjeringa kan ikkje sjå bort frå stortingsvedtak

Også justispolitisk talsperson i Senterpartiet, Bent-Joacim Bentzen, er skuffa.

– Stortinget har fatta vedtak i denne saka som regjeringa ikkje kan sjå bort frå. Stortinget er over regjeringa, og dei må følga opp vedtak Stortinget gjer, seier Bentzen.Les også Politiet mangler luftstøtte i distrikt­ene: Måtte vente i flere timer under skytedrama

I statsbudsjettet skriv regjeringa at vedtaket er følgt opp, då arbeidet med å sjå på luftkapasitetane i politiet held fram. Vidare skriv dei at «av omsyn til mange saker i justissektoren foreslår regjeringa ikkje å løyve midlar til å utløyse opsjon på nye politihelikopter».

Bentzen seier at ein må anta at kostnaden for å skaffa fleire helikopter vil bli høgare, når ein ikkje brukar den opsjonen som er tilgjengeleg.

Prisauke på 200 millionar kroner

Prislappen vart i 2017 anslått å vere på mellom 80 og 100 millionar kroner per helikopter.

Ifølge NRKs opplysningar, vil eit helikopterkjøp utan opsjon bety ei prisauke på rundt 200 millionar kroner.

Årsaka er den generelle prisstigninga, men også økt etterspurnad og manglande tilgang på produksjonsmateriale som følge av krigen i Ukraina.Les også NRK erfarer: Politisk flertall for nye politihelikoptre i distriktet