Sjøen i Mexicogolfen er ei seig suppe. Lukta av olje er overveldande og stikk i nasen.

Etter at oljeplattforma Deepwater Horizon eksploderte, har mange millionar liter råolje strøymt ut i havet.

Midt i kaoset jobbar norske sjøfolk i veker og månader med å overvake og stanse det enorme oljeutsleppet.

Éin av dei var Erik Arntzen.

Seks norske skip

I april, 16 år etter ulykka i 2010, fortalde NRK historia hans.

– Ventilasjonsanlegget på båten saug inn alt som var ute, så når vi la oss om kvelden, var det som å legge oss i ein oljetank, sa han til NRK.

Det blei målt etter kjemiske gassar om bord. NRK har avdekt at fleire av målingane var svært høge.

Skipet til Arntzen, «Skandi Neptune», var eitt av seks norske skip som blei engasjert av oljeselskapet BP under katastrofen.

Beordrar undersøkingar

Arntzen er i dag kreftsjuk. Det lét seg ikkje bevise, men han er overtydd om at arbeidet over den opne oljebrønnen er årsaka.

Også fem andre sjøfolk har fortalt NRK om helseplager dei trur er forårsaka av arbeidet i golfen.

No vil fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) ha ein full gjennomgang av oppfølginga dei fekk etter ulukka.

– Når eg har informasjon om at norske sjøfolk kan ha vore utsette for ein helserisiko, så tar eg tak i det, seier ministeren og legg til:

– Det handlar om at sjøfolka skal få den oppfølginga som eg meiner dei bør ha. Det handlar også om at vi skal kunne lære og gjere ting betre i framtida dersom det har vore nokon svikt i rutinar.

Omfattande undersøkingar

Innan 15. desember skal Sjøfartsdirektoratet svare på ei rekke spørsmål. Blant anna:

  • Kva sjøfolk arbeidde om bord på dei norske skipa?
  • Kva risiko hadde dei for eksponering av kreftframkallande eller andre helseskadelege kjemikaliar?
  • Har mannskapet fått helseplager som kan settast i samanheng med arbeidet?
  • Kva gassmålingar finst og kva viser dei?

Statsråden presiserer at direktoratet skal involvere fagforeiningar og reiarlag. Også Helsedirektoratet og/eller Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin i Bergen skal bli kontakta.

I eit skriftleg svar til Stortinget har statsråden vist til NRK-saka om Arntzen, som grunngiving for at ho bestilte ei første forklaring frå Sjøfartsdirektoratet.

Den kom i august og skapte sterke reaksjonar. Fleire politikarar meinte viktige spørsmål var uavklarte.

No går statsråden grundigare til verks.

– Det er eit omfattande og grundig arbeid som no skal gjerast, for å få på plass dei dataa som eg etterspør, seier ho.

  • Les heile brevet her:Undersøkelser etter Deepwater-ulykken

– Stukke hovudet i sanden

Erik Arntzen synest det er positivt at saka no blir undersøkt skikkeleg.

– Det er veldig godt at det skjer noko etter så mange år.

Han meiner det er på tide at også reiarlaga blir involverte.

– Dei har stukke hovudet i sanden i lang tid og har ikkje gjort så mykje. Det har ikkje vore velvilje for å svare på nokon ting, så eg synest det er på tide.

Fagforeininga SAFE meiner saka vitnar om ein systemsvikt.

– Det er veldig bra at statsråden no ber om desse tinga. Med rettferd og litt oppreising, kan vi kanskje unngå at sjøfolk blir sjuke av jobben sin i framtida, seier forbundssekretær Idar Herland.

– Vi opplever at denne saka viser ein gjennomgåande og total systemsvikt. Det må vi lære av, seier han.

– Halde nokon ansvarleg

Fleire politikarar på Stortinget har engasjert seg i skjebnen til dei norske sjøfolka.

– Eg er fornøgd med at statsråden ber om konkrete svar. Det vil forhåpentlegvis gi eit grunnlag for å halde nokon ansvarleg, seier Ingrid Fiskaa (SV).

Ho meiner konkrete svar er avgjerande, ikkje berre for dei som kan ha blitt utsett for helseskadeleg påverknad, men for framtida òg.

– Eg er bekymra

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen seier «betre seint enn aldri» om det statsråden no gjer.

– Statsråden tar eit viktig grep her og bestiller ei ny gransking med detaljerte spørsmål.

Ho meiner problemet med Sjøfartsdirektoratets første forklaring var at dei hoppa over viktige spørsmål.

– Trur du at dei som sit med svara vil dele dei?

– Eg er bekymra for om alle kjem til å vere like villige til å dele tala sine. Vi har erfart på Stortinget at private selskap, konsern og ikkje minst utanlandske aktørar kan vere veldig vanskelege å ha med å gjere, seier ho.

NRK prøvde i vår å få svar frå oljeselskapet BP om gassmålingar på dei norske båtane som blei engasjerte av selskapet.

Forsøket enda i kjellaren på BP sitt hovudkontor i London, der ei sikkerheitsvakt informerte om at ingen var tilgjengeleg for å møte NRK.

– Har krav på å vite

Stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp) meiner undersøkingane er eit steg i rett retning. Men han påpeikar at ei god bestilling ikkje er det same som at saka er oppklart.

Mann sit i ein svart stol og ser mot kamera
Erlend Wiborg (Frp) meiner kvar stein må snuast. Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRK

– Eg forventar at Sjøfartsdirektoratet faktisk får klarlagt alle sider av dette, oppsøker sjøfolka, innhentar dokumentasjonen som framleis finst og gjer eit reelt forsøk på å finne svar.

Han meiner det kan vere grunnlag for ein uavhengig gjennomgang, dersom ein framleis ikkje har fått svar på sentrale spørsmål i desember.

– Sjøfolka og familiane deira må kunne ha tillit til at alle steinar faktisk er snudde, seier han.

– Ønsker å bidra

Knut Arild Hareide, administrerande direktør i Norges Rederiforbund, seier han forstår godt at sjøfolka som jobba i golfen, ønsker svar.

– Kva vil Rederiforbundet bidra med?

– Det vi først og fremst må gjere, er å gi den informasjonen vi sit på. Det er viktig for forbundet, gitt rolla og mandatet deira, at ein får klargjort dette. Eg har hatt dialog med reiarlaga og opplever at dei ønsker å bidra.

Ifølge Hareide er det viktig å ta erfaringane og lærdommen frå Deepwater Horizon med seg inn i framtida.

– Bør reiarlaga no svare på om dei har gassmålingane frå 2010?

– Når myndigheitene spør, bør den typen informasjon bli delt. Media har ein viktig jobb med å granske og rette merksemd mot saker. Det gir ein annan tillit når myndigheitene, som vi veit er forplikta til å handtere sensitiv informasjon, stiller spørsmål.